TIDSSKRIFT FOR POESIKRITIKK

111. utgåve     |    16. mai 2024    |     BOKMELDING

Verdas byrder i blikket

Å snakke om slutten utan smerte er ikkje mogleg, for om ein ønskjer den aseptiske tilnærminga til «sanne vitskapsfolk» eller «menneske av trua», er det på den andre sida framleis håpet som ligg i aktiviteten til minnet, at ting ikkje vil ende, ikkje vil forsvinne, aldri vil forlate oss.

DIKT

Atlante di chi non parla (Atlas over dei som ikkje snakkar)

Maddalena Lotter

Nino Aragno Editore, 2022

LYTT TIL BOKMELDINGA
Trykk på pila

AV STEFANO MODEO

For n-te gong i historia går verda under, denne gongen med gode sjansar til å lukkast radikalt. I uendelege tider har folk skrive om «slutten», i alle fall sidan Klagesongen for byen ur i sumerarane si tid. Slutten er eit utmerka kunstnarleg topos. Men no, meir enn før, er det ikkje ein intellektuell positur, frå ein viss synsstad gir «slutten» også ei kjensle av rå ærlegdom. Ei kjensle som absolutt undergrev måten menneska har oppfatta seg sjølv på frå deira tilsynekomst i historia til i dag. Viss antropocen faktisk er den tida der menneska med sine aktivitetar påverkar og endrar den geologiske og klimatiske banen til jorda, synest det samstundes å vere epoken der me for første gong kjenner trong til å røre oss bort frå denne antroposentrismen og freiste lytte vibrerande til røysta frå alt som lever og har levd utanfor oss. Det er i denne samanhengen Maddalena Lotters bok, Atlas over dei som ikkje snakkar (Atlante di chi non parla, 2022), plasserer seg.

Frå den første teksten som opnar denne samlinga, «Migrasjonar» (Migrazioni), set poeten sjølv vilkåra for utforskinga si i versa:

Forfattaren spør seg sjølv

om det vil vere mogleg å snakke

om døden

utan å snakke om smerte.

 

Utan å sørge,

korleis utforske døden

i vennskap og

nøyaktigheit,

som verkelege forskarar

eller kanskje truande

menneske

 

døden

som angår oss med ein gong, før

nokon forlét oss,

før ei gal celle

endar der

Døden vert difor forstått som ei avslutning, absolutt, men framfor alt som eit augeblikk av forandring, av migrasjon, frå eit nærvær til eit fråvær. Å avslutte er å gi plass til noko, noko anna, som forhåpentlegvis kan bevare, gjennom «eit minimum av framsyntheit/omsorg» eller «ei kjensle av venleik» – og her freistar poesien å spele rolla si, med eit minnefragment. Å snakke om døden, om enden, utan smerte er difor ikkje mogleg, for om ein på den eine sida ønskjer den aseptiske tilnærminga til «sanne vitskapsfolk» eller «menneske av trua», er det på den andre sida framleis håpet som ligg i aktiviteten til minnet, at ting ikkje vil ende, ikkje vil forsvinne, aldri vil forlate oss:

Kva gjer me med smerta?

Dei dør

kontinuerleg.

 

Eg trur eg vil mislukkast med min første intensjon;

me kan ikkje late som me er evige,

ser på bølgjer og kvervlar som frå eit fyrtårn.

 

Eg kan ikkje bry meg

om slutten kvar dag

 

om huda som ikkje vert endra av sola,

om indre organ som sparkar

om holromma i ventriklane

ved å slå alarm grunna minimale infeksjonar;

 

alt kan utvide seg mot døden

 

og det er ikkje nok å vake over dykk

åtvare når de forsømer dykk

håpe de blir

Diktboka følgjer opp med den andre seksjonen, «Forteljingar om store dyr» (Storie di animali grandi), som er sett saman av eit dikt med tittelen «Notatbøker frå musea» (Quaderni dai musei). Her, attom glaset på ampullane eller i deira balsamerte positur, kan ein observere dei store utdøydde pattedyra og kvalane, som med sin slutt faktisk har gitt plass til noko anna. Ein sterk og uunngåeleg maktesløyse i møte med tidas uhyrlegheit går gjennom desse tekstane der det berre er ihugkominga som tillét rørsle, projeksjonen av livet inn i ei tilsynelatande utdøydd verd:

Dei kallar det dei ikkje ser for utdøydd

og ned, i havets mørke pupill

viser megalodon seg igjen.

Ein gong var det eit stort rovdyr,

Men det har endra seg. No er det lettare,

ryggen eit hus for skjell,

augo er tunge, den er sliten

av dei lange reisene og

kjenne på einsemda, no ber straumen han

og han står stille som pollen på himmelen

Slutt og byrjing, «som innafor rammene av ein solnedgang spola attover for å verte daggry», skiv Laura Pugno i notatet på baksida av boka. Den siste delen av diktboka, «Vitnet» (Il testimone), er klart inspirert av Hesiods kosmogoni:

Eg skriv fordi den første verdien

er vitnesbyrdet,

men eg kan ikkje seie kva eg ser nøyaktig

om nokon vil lese

veit eg at også vitnesbyrdet mitt er ei omsetjing

dette er ikkje kva eg såg.

det eg såg før eg snakka

vert ikkje gjengjeve i noko språk

Det er verkeleg eit vitne som snakkar, noko eller nokon som deltek er vitne til tidenes byrjing og bestemmer seg for å freiste formidle denne visjonen, men plasserer seg sjølv som eit poetisk emne ved sida av det som skjer og ikkje i sentrum: «i blikket mitt held eg verdas byrde / sidene vert for alltid lagde til. Eg kjenner at eg kjem til å gå til sides / for å fornye visjonen, trengs dette / gi henne plass». Det er difor frå forsakinga, negasjonen, frå denne avstanden, frå å tilgi antropromorfismen at sjølve universet og livet kan dukke opp att. Viss den ustanselege forvandlinga av former og stoff har ei miljømessig breidde som kan samanliknast med nokre få andre episodar (asteroidar, vulkanske eksplosjonar) som tidlegare har bestemt masseutryddingar, sannsynlegvis eit perspektivskifte, er det vårt siste håp før ein ustanseleg slutt.

Planetar

 

Klokka 15.00 jordisk tid la skipet til kai

med smidige jernpotar

på ei vidde av sand og stein.

 

Først steig kommandøren ut

for dei vanlege bileta. Me er under null,

vert det skrive i notatboka seinare.

Det er ikkje vatn, ingen god luft,

berre ein sterk plystrande vind

mellom romlukene og faldane

i ørkenen. Me dreg.

Korleis forklare deg, mi kjære Anne, tabula rasa

som ventar oss;

 

men mennesket veit inkje

av den nakne livsforma

som ser på det med andre auge

rørt

etter milliardar av år med inkje

i ein useieleg kjærleik

som kjærleik ofte og overalt er

STEFANO MODEO (f.1990, Taronto), bur og arbeider som lærar i Treviso. Debuterte med La terra del Rimorso (Angerens land) i 2018. Har publisert dikt i ulike tidsskift, til dømes Nuovi Argomenti, L’Ulisse og poesibloggen til Corriere della Sera. Han er representert i antologien Abitare la parola – Poeti nati negli anni ’90 (Å bu i ordet – poetar fødde på 90-talet). I tillegg er han en del av redaksjonen i tidsskriftet Atelier og i bloggtidsskriftet Universo poesia – Strisciarossa. Skriv litteraturkritikk for ulike tidsskrift. Siste utgjeving er Partire da qui, 2024. 

Sindre Ekrheim har omsett denne teksten og dikta frå italiensk til norsk. 

 

Start video