TIDSSKRIFT FOR POESIKRITIKK
210. utgåve | 19. november 2026 | ESSAY
Skrifta er ikkje ein spegel, men det rifla glaset i ein dusj, skriv Fabrizio Bajec i dette essayet som tek for seg sjølvomsetjing og omskriving.
AV FABRIZO BAJEC
I
Eg vil ta utgangspunkt i ein første versjon av tittelen til denne teksten: Openheita sin stad (…), ein nokså rudimentær formulering som blei lagd vekk, og dvele ved orda «stad» og «openheit», som heilt frå starten stod fram som avgjerande for å tenkje dei mange utgravingslaga i omsetjingsarbeidet.
Den bokstavlege betydninga av ordet place (på fransk), ikkje så mykje i betydninga ‘plassering’ som i betydninga fysisk stad, fekk meg til å tenkje på Smultronstället (Jordbærstaden) av Ingmar Bergman: eit filmatisk meisterverk om tida som har gått, om reisa i minnet og om døden. Slik eg ser det, er omsetjing også ei reise, ei ferd for å hente fram ting langt borte. Smultronstället er ein fjern stad knytt til barndommen, opphavet, røtene og hovudpersonens identitet; det er staden der noko hende som må hentast fram att for å avdekkje ein løyndom og kaste lys over notida. I denne forstand utfører omsetjinga ein operasjon som liknar den i psykoanalysen.
Eg snakkar om omsetjing før eg i det heile snakkar om poesi. Mellom tjue- og trettiårsalderen var eg ganske sikker på at eg var poet; eg identifiserte meg fullt og heilt med ein bestemt type arbeid og rolle i livet. Slik er det ikkje lenger. I dag er eg sikrare på at eg har vore omsetjar, fordi mitt litterære språk, mitt terreng, er omsetjinga. Ikkje eitt omsetjingsspråk, men sjølve omsetjinga som skrivingas økosystem.
Jakta på løyndomen går gjennom det draumeliknande: I Bergmans film vekslar draumar og oppvakningar, likeins mareritt og klåre visjonar. For mange år sidan hevda dessutan ein litteraturkritikar at eg skreiv på eit «drøymt» italiensk, bygd opp av ultralyd, frekvensar som ikkje fullt ut er merkbare. Denne observasjonen verka treffande på meg. Eit språk avdekkjer ting som går utover betydningane.
Slik kommer eg til det andre ordet i tittelen og til eit paradoks. For meg er openheit, i tillegg til å vere eit smakskriterium som poesilesar, orientert mot ei sterkt syntaktisk og klår skrift, langt frå tilsikta dunkelheit og den seine Paul Celans hermetisme, også eit vilkår for det som kjem til syne – eller betre sagt, det som synest – gjennom ei ugjennomsiktig overflate. Me er igjen på omsetjinga sitt område, og enda meir, i mitt tilfelle, etter mange år med å gå frå fransk til italiensk og omvendt, på sjølvomsetjingas område.
Denne ugjennomsiktige overflata, der ein kan skimte noko eller nokon attom, leier tankane mine til eit kjend dikt av Valerio Magrelli, der skrifta ikkje er ein spegel, men det rifla glaset i ein dusj: Kroppen løyser seg opp, og berre ein uviss, men verkeleg skugge blir att. Ein kjenner ikkje att den som vaskar seg, berre rørsla.
I botn synest også Magrelli å antyde at arbeidet hans først og fremst er omsetjarens, og at originalen betyr mindre enn det som rekk lesaren gjennom skrifta sin prisme. Det rørlege subjektet kan berre identifiserast til eit visst punkt; røysta, dersom den talar attom denne overflata, vert grumsete, resonant og framandgjerande.
Omsetjinga frå italiensk til fransk bringar fram, etter erfaringa mi, ofte liknande verknadar. Når eg omset meg sjølve, har målteksten gått gjennom fleire «vaskar»: Den har gått éin, to, nokre gonger tre gonger frå eitt språk til eit anna. Likevel er den paradoksalt ein frisk tekst, fordi den ber med seg noko opphavleg: ei openberring, ein løyndom, eller kan hende eit mysterium som vert verande umogleg å tyde.
Det held å sjå på nokre tydingsfulle variantar som har oppstått i overgangen frå fransk til italiensk, særleg i den siste verselina i eit dikt henta frå Tanka for dei fire årstidene (Tanka per le quattro stagioni, Vydia, 2025): «knelaren og skjelpadda» (fransk: «la mante religieuse et la tortue») vert til «knelaren og mordersken» (italiensk: la mantide religiosa e assasina). Avviket er ikkje dekorativt, men avslører ei indre spenning i teksten som sjølvomsetjinga bringar fram i lyset.
II
Når eg i dag tenkjer attende på eit essay eg skreiv om sjølvomsetjing der eg analyserer overgangen frå «Med deg, utan Gud » (Con te, senza Dio) til «Langt frå Gud, nær deg», (Loin de Dieu, près de toi), innser eg at eg ville ha skrive det annleis i dag[1]. Den gongen var eg interessert i den motsette bevegelsen av den eg praktiserer i dag, frå italiensk til fransk, og eg la vekt på avstanden, på fjernleiken som allereie vert kalla fram av den franske tittelen.
I dag ville eg ikkje lenger ha byrja med studiet av eit konkret døme, og heller ikkje ha stansa med nødvendigheita av å gi ein tekst ein plass på den eine eller andre sida av Alpane, ein symbolsk heim der subjektet eksisterer for dei andre. Eg ville snarare ha sett sjølvomsetjinga i framgrunnen som undersøking og utprøving av teksten. Det er teksten og måten den verkar på som tel, ikkje biografien, det transkulturelle eller introspeksjonen forstått som sjølvinnsikt.
Eg vender attende til dette essayet berre for å forstå kva eg den gongen skimta bak det rifla glaset i omsetjings- og skapingsarbeidet. Diktsyklusen som vert analysert, hadde en nær persons død som tema. Å omsetje den var å gjere den første reisa på nytt: igjen å gå gjennom dødskampen og sorga, gå om bord i ein båt og på eit vis vende attende til den andre sida. Ikkje berre mot erfaringane frå 2005, men også mot sjølve teksten, for å kome fram til eit nytt resultat i 2013. Det var denne syklusen og uttrykkspotensialet til den som vekte nysgjerrigheita mi, meir enn trongen til å avklare eit identitetsspørsmål.
Sjølvomsetjing kan då forståast som ei fordjuping i utgangsteksten. Den avleidde teksten får ein kritisk funksjon: Den problematiserer originalen gjennom poesien og eit nytt medvit. Det er som å føre tunga fleire gonger over eit ømt punkt, eller å bruke to språk for å forstå korleis teksten eigentleg verkar. Eitt språk er ikkje nok. To språksystem vert sett i spel for å løyse eit problem, svare på eit spørsmål. I dette perspektivet betyr transparens (openheit) kanskje mindre enn refleksjonen – spegelspelet – mellom to språk. Det er ikkje tilfeldig at to lesarar nesten samstundes har merka ein syntaktisk nærleik mellom fransken min og svært fjerntliggjande språk som hebraisk og arabisk.
III
Frå arbeidet med eigne tekstar går ein naturleg over til arbeidet med andre sine tekstar, og dimed til omskrivinga. Å omsetje, omskrive, gripe kritisk inn: Ein omsetjar kan ende opp med å skrive eigne vers, som i Mirelle Gansels tilfelle, eller omskrive eit klassisk, moderne eller samtidig dikt for først og fremst omsetje det for seg sjølv.
Også det å forkaste vers som ikkje toler omsetjing, er ein poetisk handling. Den første prosaboka mi sprang ut or ei sjølvomsetjing. For meg er faktisk omskrivinga av ein annan sin tekst nokre gonger meir interessant enn å skrive eit originalt dikt. Eg betraktar ikkje omskriving som sjølvomsetjing, som eit nederlag eller uttrykk for skapande svakheit. Endringa, sviket mot originalen, er korkje ein utveg eller ei plikt.
Som Antonio Lavieri har skrive, er omskriving, også svært fri omskriving, ei moglegheit ved omsetjing. Efim Etkind nytta omgrepet Traduction-Recréation om omsetjingar som, sjølv om dei respekterer strukturen i verket, tillét seg forvandlingar, ofre og tillegg utan å overskride grensene for forfattarens estetiske verd.
Omskrivinga av eit dikt av Vasyl Stus, med dei indre konfliktane mellom språk, syner kanskje betre enn noka framstilling korleis framandspråket samstundes kan verte trugsmål og redning, fangenskap og frigjering, heilt til det omskapar kroppen og namnet til den som skriv.
IV
I dag kan eg seie at den endelege utgåva av ei av bøkene mine på italiensk ofte er resultatet av ei omsetjande omskriving. Omsetjinga gjekk elles forut for den frie skrivinga heilt frå byrjinga av i forfattarskapen min: å omsetje for å forstå den andre, la seg stimulere av den andre, og først deretter skrive sjølv. I siste instans er den litterære praksisen min uløyseleg knytt til ein omsetjingspoetikk.
Viss eg omskreiv og endra avslutningssetninga i essayet mitt, som er sitert her, ville eg seie at for ein poet-omsetjar er omsetjinga den første bustaden. Ein stad der patriotismen ikkje held stand fordi den ikkje lenger har noko territorium å byggje på.
Notar
[1] Loin de Dieu, près de toi: sjølvomsetjing som ein generativ prosess, i «Transalpina – études italiennes», n. 18, 2015, s. 65-78.
Essayet har sitt utgangspunkt i eit føredrag halde 10. oktober 2022 ved Sorbonne-universitetet, etter vennleg invitasjon frå den italienske poeten Maddalena Bergamin, i samband med eit kollokvium med tittelen *Poésie et transparence, nouveaux codes de l’expressivité*. (Poesi og openheit: nye uttrykksformer*)
Teksten er omsett frå italiensk til norsk av Sindre Ekrheim.
Fabrizio Bajec (1975), italiensk-fransk, bur i Paris og skriv på båe språka. Han er forfattar av følgjande diktbøker: Corpo nemico (Kroppens fiende), i «Åttande notatbok med italiensk samtidspoesi» (2004); Entrare nel vuoto (Å gå inn i tomrommet) 2011; Lo de Dieu, preś de toi / Con te, senza Dio, L’âge d’homme, 2013; La cura (Kuren) 2015; La collaborazione (Samarbeidet) 2018, Sogni e risvegli (Draumar og oppvakningar) 2021; Tanka per le quattro stagioni (Tanka for dei fire årstidene) 2025. Somme av bøkene finst i dobbeltversjonar og er utgjevne i Belgia, Sveits og Frankrike. Dikta hans er representert i fleire antologiar og tidsskrift (Nuovi Argomenti, Le Parole e Le Cose, Europe og Place de la Sorbonne) og gjendikta til spansk, portugisisk og svensk. Han har også gjendikta den belgiske poeten William Cliff til italiensk: Il pane quotidiano e altre poesie (Dagleg brød og andre dikt) 2007; Poesie scelte (Utvalde dikt) 2015, Materia chiusa (Stengd sak) 2020. Hans første roman Transizione (Overgang) blei utgjeven i 2020. To bøker om zen-buddhismen blei utgjevne i Frankrike i 2024: Le Moine et l’enfant (Munken og barnet) og Le point zero (Nullpunktet).
Nyheitsbrevet er gratis og kjem kvar veke.
Nyheitsbrevet er gratis og kjem kvar veke.