TIDSSKRIFT FOR POESIKRITIKK

80. utgåve     |    21. september 2023     |    MIKROKOMMENTAR

Problemet med samtidslyrikken

LYTT TIL KOMMENTAREN
Trykk på pila

Problemet med lyrikken er at den vil vere roman.

Problemet med å vere roman, er å vere noko anna enn lyrikk.

Problemet med å vere noko anna enn lyrikk, er at lyrikken forandrar seg.

Problemet med å forandre seg er dårleg samtidslyrikk.

Problemet med dårleg samtidslyrikk blir løyst ved at Lukrets skreiv dikt på

          heksameter.

 

Problemet med heksameter er at det høyrer til eposet.

Problemet med eposet er at det er roman og ikkje samtidslyrikk.

Problemet med samtidslyrikken er at den vil vere roman.

Problemet med å seie at samtidslyrikken vil vere roman, er medietilpassa.

Problemet med medietilpassinga er at media vil ha debatt.

Problemet med debatt er – som med krigen – at menneske og nyansar kan

          forsvinne.

 

Problemet med forsvinninga er heilt og halde lyrikkens domene.

Problemet med domenet er at det er eit krongods nokon har eigarskap til.

Problemet med eigarskap er at det skapar interesser.

Problemet med interesser er at sakene blir til eit symptom.

Problemet med symptom er til liks med denne teksten, at dei ikkje verkar

          å halde seg til saka, for saka finst under saka.

 

Problemet med å finnast under saka, er at saka går i sirklar.

Problemet med sirkelen er at lyrikken vil vere roman.

Problemet med romanen er at romanskriving er blitt faktaskriving.

Problemet med at romanen er faktaskriven, er at romanen ikkje lenger er

          dikting.

 

Problemet med diktinga er at ho er sann og ikkje kan finnast i romanen.

Problemet med at dikting ikkje finst i romanen, gjer at ein skriv lyrikk.

Problemet med lyrikken er at den vil vere roman.

Sindre Ekrheim, f. 1967, er poet, kritikar og redaktør for Krabben.