TIDSSKRIFT FOR POESIKRITIKK

34. utgåve     |     9. juni 2022     |     BOKMELDING

Oksidering

Prisca Agustonis tunge er skarp, tørr og lapidarisk. Ofte er versa laga av eitt enkelt ord, teiknsetjinga er minimal, rytmen rask. I Verso la ruggine (Mot rusten) er det elva som fremjar, svelg, overveldar, sår splintar – og kraftige bilete vekslar heile tida.

DIKT

Prisca Agustoni

Verso la ruggine (Mot rusten)

I serien «Edizioni di poesia a tiratura limitata»

Interlinea 2022

AV STEFANO MODEO

«Ei endring i synet er ei endring i forma. / Ei endring i forma er ei endring av røynda.» Den siste samlinga til Prisca Agustoni, Mot rusten (Verso la ruggine), opnar med denne epigrafen av diktaren Jerôme Rothenberg. Prisca Agustoni[1] (f. 1975) er ein poet frå det italiensktalande Sveits, men ho bur og arbeider i Brasil.

Det er interessant, og eg vil til og med seie modig av ein diktar å gi tilgang til verket sitt gjennom orda: endring, syn, form og røynd. Nei, det er ikkje eit spørsmål om å plassere og halde på desse orda, tvert imot, Agustoni byggjer direkte og nøyaktig retninga si (og vår) på sporet Mot rusten. Boka er de facto inspirert av ein miljøkatastrofe som inntrefte i november 2015. På grunn av samanbrotet av ei demning i delstaten Minas Gerais i Brasil, som inneheldt 62 millionar kubikkmeter surt vatn og giftig slam av mineralsk opphav, vart Rio Doce-elva forureina og øydelagd. Dei multinasjonale selskapa som er ansvarlege for kollapsen – omtala som Mariana-ulykka – er enno ikkje straffa.

Kva og kven er så att etter ein katastrofe som har forårsaka tusenvis av dødsfall og irreversibel skade på miljøet? Slammet, stillheita og dei overlevande er att, «ein sivilisasjonshypotese» er gjort urørleg av tragedien, eller, kanskje betre, langsamt oksidert, korroderte av rust som smerten ubønhøyrleg forbrukar. Røynda endrar tyding: Viss elva var livets berar, sivilisasjonens opphav, så inneber ho no død, kryssar over og sedimenterer vondarta misunning blant menneska. I bokas første del, «Slag av økser» (Colpi di scure), er alt uro, omvelting, utgraving, ei flukt frå opphavet til elvemunninga.

Agustonis språk er skarpt, tørt, lapidarisk, ofte er versa laga av eitt enkelt ord, teiknsetjinga er minimal, rytmen rask: det er elva som fremjar, svelg, overveldar, sår splintar; kraftige bilete vekslar: «Mens folk spring, samlar elva seg / og reparerer seg sjølv / i skråninga / i trea eller i kjellaren / og kven kan slå seg laus / frå det stramme grepet til gjørmen / observerer, gipshjartet, // nede vrimlar dalen / som halen til et såra dyr.»

Men menneska er ikkje i sentrum av det som hender og strøymer gjennom linene til Agustoni, tvert imot klynger dei seg til landskapet, dei er en del av det. Merksemda er heilt og halden vend mot eit økosystem, til landskapet – og i denne vendinga kjem ekkoet av Andrea Zanzotto[2] attende – til det definitive tapet av noko: tapte gjenstandar, dyr, planter, dryppsteinar, harpiks, stammar; alt ber med seg ein kunnskap, ei autentisk kjensle som vert feid bort. Det er slutten på ei verd som ein støtt vert tvunge til å komme attende til etterpå, som overlevande.

 

Menneskets fuktige sentrum (L’umido centro dell’uomo)

 

 landet har falle på oss

det var kveld.

Det regna lava og oske.

Under bakken voks anna land

som ein langsamt flassende negl,

 

tusenårig sigd

fletta i torvens floke

 

men ingen visste det ennå

ingen såg dei

husa som har skifta bredd

og farge, frå brun til raud til brent

oker med gjørme

                          til svart,

har kryssa vasstraumen,

klatra froskanes kyst,

flytande prammar utan åre.

 

Innbyggjarane i distriktet Mariana

kvinner, brør, hundar,

einsame menneske

 

dei er alle mødrer som ventar,

dei handhelsar og ventar

at barna kjem attende

dei blandar natta med sanden i munnen

og dei vaker for at ordet skal vere

lys som framleis gir fred

 

Den andre delen heiter faktisk «Dei overlevande» og kvar tekst ber namnet til ein person. Det er ein Spoon River av overlevande som tida vert eit stille nag for: «kvar dag eit kryss i dagboka, / veka, månadane vert sånn / ein piggtråd / så passerer året, for å få redslane til å rotere / den eine over den andre / på same vis som sidene i ein kalender.» Agustoni skriv i sluttnotatet at det er «innbyggjarane i Mariana og Brumadinho, som har fått alt rive bort, i tillegg til moglegheita for rettferd i eit samfunn der ordet ‘rettferd’ er eit abstrakt omgrep for dei som ikkje har økonomiske middel og sosial status til å krevje det».       

Rakel (Rachele)

 

øydemark, tørt land

 

det er ingenting att

 

berre den magre ferskenen

i kollens skråning,

den einaste overlevande som heimsøkjer blikket

 

viss røtene har minne

som nedgravne miner

 

éin dag

ved første rørsle

ved første feilsteg

 

vil det vere rustfarga knoppar

å breste

trugande og uanstendig

 

opne blomar på klippen

 

Det er ingen tilfeldigheit at det er diktaren Fabio Pusterla[3] som har skrive introduksjonen til samlinga. Han er mellom anna forfattar av diktet «Rhinens ål» (L’anguilla del Reno) som formidlar den økologiske katastrofen i 1986 i Schweizerhalle. Ein heftig brann, som øydela lageret med jordbrukskjemikaliar til Sandoz, forårsaka ei alvorleg forureining av Rhinen.

I innleiinga si refererer Pusterla til økopoesien, ein ‘sjanger’ som ikkje ser ut til å ha fått særleg merksemd i Italia, men som utanfor dei etablerte sirklane har fått spesiell lydhøyrheit frå nokre samtidige poetar. Og i denne horisonten skriv Agustoni seg med denne samlinga absolutt inn blant de beste røystene.

[1] Prisca Agustoni er fødd i Lugano i Sveits og skriv på fransk, italiensk og portugisisk. Agustoni omset eigne tekstar mellom dei tre språka og betraktar dette som ein skapande motor i skrivinga. Ho vekslar på å bu i Sveits og i Brasil. I Brasil arbeider ho som dosent i italiensk litteratur. Agustoni har publiert eit dusin diktbøker, dei siste heiter O mundo mutilado (Den lemlesta verda), 2020 og L’ora zero (Nullpunktet), 2020.

[2] Andrea Zanzotto (1921-2011) er italiensk etterkrigslyrikar. Debuterte på 1950-talet. Landskap er eit hovudmotiv i diktinga hans; korleis menneska og naturen samhandlar og konfronterer kvarandre. I diktboka Sovrimpressioni (Dobbeleksponering) frå 2001 er til dømes øydelegginga av landskapet og omforminga av miljøet sentrale tema.

[3] Fabio Pusterla (f. 1957) er poet, omsetjar og essayist. Kjem frå det italiensktalande Sveits og skriv på italiensk.

STEFANO MODEO (f.1990, Taronto), bur og arbeider som lærar i Treviso. Debuterte med La terra del Rimorso (Angerens land) i 2018. Har publisert dikt i ulike tidsskift, til dømes Nuovi Argomenti, L’Ulisse og poesibloggen til Corriere della Sera. Han er representert i antologien Abitare la parola – Poeti nati negli anni ’90 (Å bu i ordet – poetar fødde på 90-talet). I tillegg er han en del av redaksjonen i tidsskriftet Atelier og i bloggtidsskriftet Universo poesia – Strisciarossa. Skriv litteraturkritikk for ulike tidsskrift.

Sindre Ekrheim har omsett denne teksten samt dikta «L’umido centro dell’uomo» og «Rachele» frå italiensk til norsk.