TIDSSKRIFT FOR POESIKRITIKK

50. utgåve     |     24. november 2022     |    BOKMELDING

Observere andre for å sjå seg sjølv

Fortida er ei nedsøkkt verd som når den blir spurd, føreslår framtidige verkeleggjeringar.

DIKT 

Paolo Maccari

Quaderno delle presenze (Notatbok for oppmøte)

Le Lettere

LYTT TIL BOKMELDINGA

AV STEFANO MODEO

Paolo Maccari er ein italiensk poet som bur og arbeider i Firenze. I perioden 2000 til 2017 har han gjeve ut fleire poesibøker: Ospiti (Gjester), Fuoco amico (Vennleg eld), Contromosse (Mottrekk), Fermate (Stopp). I 2019 publiserte han ein personleg antologi, I ferri corti (Dei korte jerna (i overført tyding: den siste, avgjerande konflikta)). Saman med Valerio Nardoni er han redaktør for diktserien til forleggjaren Valgie Rosse.

«Eg leita i tankane mine etter lindring / frå den dømmande klaginga over meg sjølv fann eg / evna til å beundre eit anna menneske». Eg tek utgangspunkt i desse versa henta frå diktet «Applausi» (Bifall), for å byrje å skrive om den nye boka av Paolo Maccari, Quaderno delle presenze (Notatbok for oppmøte), utgjeven av forlaget Le lettere i serien «nitten hundre/to tusen».

Alt tittelen og biletet på omslaget antyder nokre spørsmål: kven er desse som er til stades? Spøkelser frå fortida, visjonar? Og kvifor ei «notatbok» og ikkje ein meir vanleg oppmøteprotokoll? I bokas forord svarer Gian Mario Villalta truleg godt på dette siste spørsmålet: Ein protokoll kompilerer mens notatboka har ledige sider der ein kan ønskje ulike skriveformer velkomen, men framfor alt kan ein kalle på dei som er til stades for betre å kunne observere dei og gjennom dei observere seg sjølv.

Samlinga er delt inn i fem seksjonar pluss ein sjette som berre inneheld eitt dikt: «Hårnålssvingar» (Tornanti), «Stråmenn» (Prestanomi), «Jetlag», «Radiobil» (Autoscontro), «Innafor bymuren» (Intramoenia) og «Kino-liv» (Cinema-vita). Titlane inneber alle ein duplisitet eller pluralitet, alltid ei rørsle retta mot dei andre: hårnalssvingen eller returkurva blir køyrd i to motsette retningar; stråmannen som tek plassen til ein annan; jetlag som er ein dyskroni, ein mellombels ubalanse mellom to stader, to tider; radiobilkøyring er ein leik som inneber å kollidere med ein annan radiobil; innanfor bymuren siktar til det som skjer innanfor veggane, kva som skjer i eit samfunn, i dette tilfelle i familien; og til slutt kino-liv, der spelet mellom blikk og syn finn stad, mellom fiksjon, draum og røynd, mellom fortida, framtida og nåtida.

På vegen

 

Når du har kome til den nakne roa

med framtida vislande i halsen

ved den veldig langsame dropen jamna til ei kule

som rettar seg etter mareritta og trongen

sjølv da

ser du brutale bilete og utpressing

framfor auga dine.

 

Med tapt retning, med ein formørka horisont

med sjeldne minne og krefter

vil vegens skarpe klårleik bli verande,

det levande støvet, asfalten, småsteinane,

den kvite, knuste slangen

kasta til det uendelege

og fargane, dei skrikande fargane

til blomebuketten

bunden til autovernet.

 

Men sjølv da, heilt stansa, vil det halde fram

med spørjing, trykke tastar, skrive e-postar

og berre sjeldne blikk på dei blomane

som bed om merksemda di,

litt vatn for ikkje å sjå dårlege ut

på frontlyktenes scene.

Maccari avdekkjer karakterar og stader frå barndommen, frå notida og avhøyrer dei på Dantes vis og forhøyrer seg gjennom dei med ein «psykologisk fantasi». Gjennom koplinga av kroppar, stadar, nærvær, av ei tid, av deltakinga i verdas fenomen, lukkas han med sin poesi.

Poeten og kritikaren Paolo Febbraro skriv at karakterane som opptrer i Maccaris dikt, er alter egoar, «verkeleg rørande spøkelse som aldri er døde nok til å bli verande stille på plassen sin» og som poeten held fram å halde reknskap over. Ikkje nok med det, i denne boka går ordet minne ikkje sjeldan att. Ved hjelp av dette ordet kjem Maccari til dei korte jerna (knivane), altså til den siste, avgjerande konflikta, for å sitere hans førre bok – og om dei blir forsona, er også uvisst: «Også eg har menneske i tankane mine / få, somme; vakne sinn, fiendtlege idear, minne / stadar der me ikkje meir er saman». Eller: «Under han var kvervelen til eit hav utan historie / I staden for langs stupet / ein busk, ei grastuve / ein altfor beleileg spasme / av musklar eller et usikkert minne»; «Her budde eit barn / overlate til tankar. / […] Han hadde ikkje forutsett det forlatne barnet / dette nærværet. Dragane hans er ikkje / temma.»

I denne boka er det eit interessant tilhøve mellom minne, nostalgi, ein viss melankoli og det prekært eksistensielle, det skjøre, tingas ende. Kjensler knytt til begjær som vitnar om det vedvarande forsøket til mennesket på å kjenne seg til stades i ei tid å høyre til i framfor å uthalde. Fortida er ei nedsøkkt verd som når den blir spurt, føreslår framtidige verkeleggjeringar, ein restitusjon som ikkje berre blir ei moralsk øving for nåtida vår, men også for det som vil bli. I nett dette finn denne boka av Maccari sin styrke og pleier den andre, den opnar seg for verda.

STEFANO MODEO (f.1990, Taronto), bur og arbeider som lærar i Treviso. Debuterte med La terra del Rimorso (Angerens land) i 2018. Har publisert dikt i ulike tidsskift, til dømes Nuovi Argomenti, L’Ulisse og poesibloggen til Corriere della Sera. Han er representert i antologien Abitare la parola – Poeti nati negli anni ’90 (Å bu i ordet – poetar fødde på 90-talet). I tillegg er han en del av redaksjonen i tidsskriftet Atelier og i bloggtidsskriftet Universo poesia – Strisciarossa. Skriv litteraturkritikk for ulike tidsskrift.

Sindre Ekrheim har omsett teksten og diktet frå italiensk til norsk.