TIDSSKRIFT FOR POESIKRITIKK

68. utgåve     |    4. mai 2023     |     POESIMELDING

Natta si poetiske form

Stefano Bottero er ein av desse forfattarane som er i stand til å oppnå ei eineståande sansande intensivering, slik at han maktar å gi poetisk form til natta, til tankane som kryssar ho, til gjenstandane nedsøkkt i mørket.

DIKT

Stefano Bottero

Notturno formale (Nattleg form)

Industria&Letteratura 2023

LYTT TIL BOKMELDINGA
Trykk på pila

AV STEFANO MODEO

«Eg skreiv ned stilla, netter, eg noterte det useielege. Eg gav fast form til det svimle», det var desse setningane av Arthur Rimbaud eg tenkte på mens eg las den nye diktsamlinga Notturno formale (Nattleg form) av den Roma-fødde poeten Stefano Bottero (f. 1994). Diktboka er nyleg gitt ut av Industria&Letteratura og følgjer samlinga Gårsdagane sin poesi (Poesie dei ieri, 2019) og antologien Alt er i ferd med å ta slutt (Ogni cosa sta per finire, 2022).

Det finst forfattarar der arbeidet deira ser ut til å bestå i evna til å gjere synleg det som elles ville blitt i mørket, usynleg, ubetydeleg og usagd. Bottero er ein av desse forfattarane som er i stand til å oppnå ei eineståande sansande intensivering, slik at han maktar å gi poetisk form til natta, til tankane som kryssar ho, til gjenstandane nedsøkkt i mørket.

Det er inga tilfeldigheit at dei første inntrykka ein får når ein les versa som utgjer denne samlinga, er at ein går i mørket, freistar å kjenne etter kva som er i rommet, freistar skissere forma, går inn i dei mentale kryssreferansane som det unøyaktige kan presse oss til: «Bli i veggen og ikkje i munnen min – å lukke meg / lippene / dagleglivet sine gjenstandar». Og det er nett frå desse kryssreferansane at Bottero gir opphav til eit spel med umedvitne analogiar der id og superegoet støtt blir drege ut til det ekstreme.

alkoholen tek plassen til middagen.  

bli van med smertestillande

forsvinne – i dei annonserte forseinkingsminutta

                                                                               som ikon

lett bytte

vekta av sjølvskading på milten.

Natta er det mørket ein går inn i for å byrje ein dialog med seg sjølv og andre. Me er langt frå draumens dimensjon, langt frå halvsvevnen, tvert om, alt hos Bottero er tydeleg skarpt, kutta, taktilt: kjønn, kropp, blikk, pust. Dialogen som denne diktaren bringar ut or stilla til natta fortel om den tomme angsten for den daglege donten, om trongen til å eliminere seg sjølv, redusere seg sjølv for å eksistere mindre i møte med dagens liv, ansvar, splitting og forventningar. Mot kaoset som eksisterer utanfor, hopper denne skrifta, som er veva heilt av fragmenterte vers, inn i tomrommet og bringar fram ein nesten hardhendt klarleik av konturar, ei lagdelt form, der kvart omgrep samlar fleire tydingar – der det siste verset erklærer og gir glimt av lys som lyser opp det nattlege. Dei tilsynelatande fråkopla, fragmenterte tekstane i samlinga blir styrt av ein aggressiv rasjonalitet, av eit lyrisk ego som stadfestar viljen til å skjule, spreie seg, forsvinne i møte med verda sine handlingar. Diktsamlinga er utstyrt med fem fotografi av Nerina Toci. Det er ikkje tilfeldig at det er den eksponerte kroppen – einsam, forlaten, passiv – som blir objektet par excellence i fotografia.  Ærlegdomen til denne diktaren ligg fullt og heilt i å fordømme den menneskelege skrøpelegheita utan påskot.

 

                                                                                     konge: vilkår.

 

gjenstandar på deira plass.

redusere – nyrene høyrer ikkje på deg. kutt på fingrane gjeld igjen

[alkohol som verbal grunn

til å forstå

                                                                  Ikkje no.

Ord som motseier seg sjølv – vaskemaskinar. bøner.

Nattas form.

Stefano Modeo (f.1990, Taronto), bur og arbeider som lærar i Treviso. Debuterte med La terra del Rimorso (Angerens land) i 2018. Har publisert dikt i ulike tidsskift, til dømes Nuovi Argomenti, L’Ulisse og poesibloggen til Corriere della Sera. Han er representert i antologien Abitare la parola – Poeti nati negli anni ’90 (Å bu i ordet – poetar fødde på 90-talet). I tillegg er han en del av redaksjonen i tidsskriftet Atelier og i bloggtidsskriftet Universo poesia – Strisciarossa. Skriv litteraturkritikk for ulike tidsskrift.

Sitatet frå Arthur Rimbaud er gjengitt etter Årstid i helvete, Bokvennen 2002, gjendikta av Haakon Dahlen.

Sindre Ekrheim har omsett denne teksten og dikta frå italiensk til norsk.