TIDSSKRIFT FOR POESIKRITIKK

63. utgåve     |    23. mars 2023     |     POESIMELDING

Motstraums draum

Poengterte kortdikt som freistar frigjere seg frå poesiens åk.

DIKT

Gyrðir Elíasson

Drøymevegring

Gjendikta av Oskar Vistdal

132 s.

Nordsjøforlaget 2023

LYTT TIL BOKMELDINGA
Trykk på pila

AV SINDRE EKRHEIM

Den islandske forfattaren Gyrðir Elíasson skriv i fleire sjangrar og blei løna med Nordisk råds litteraturpris i 2011 for novellesamlinga Blant trær. Diktboka Drøymevegring (Draumstol på islandsk) er Elíassons sekstande bok og kom ut på Island i 2020.

Det høyrest kanskje merkeleg ut å stritte imot draumen, slik ein ser i dei siste linene i titteldiktet: «Om dagen drøymde eg om / å reise bort. Ein eller annan stad berre // Bort frå denne trongen til å reise bort». Men om evna til å drøyme er stolen frå menneska av den draumeproduserande teknologien, som drøymer og plantar behov på vegner av mennesket, blir det meining i at det lyriske eg-et set opp ein negativ motdraum, for heller å suge draumematerialet frå eige bryst.

Dei siterte linene verkar kan hende ein smule pessimistiske. Eit noko traustelaust eller skeptisk toneleie finst openbert i boka. Men likefullt er den transformerande leiken, den underfundige humoren og ironien, som freistar å gjere seg fri frå poesiens tyngste åk, kjernen i dei korte dikta boka rommar, og som er så fint gjendikta til norsk av Oskar Vistdal.

Elíasson er tvisynt og verkar å rota fram dikta frå kjernen til den poetiske modernismen og frå poesien overhovudet. Fleire dikt refererer til og kommenterer andre diktarar, eldre og yngre, slik som Ovid, e.e. cummings, Dylan Thomas, Hölderlin og Hans Børli – og hentar motiva frå det å dikte, å skrive – der poeten tilsynelatande verkar å distansere seg frå poesien og stegar ut or bokas permar, slik som i diktet «Hengjekøya»: «Medan eg les / i sola / fell skuggen / av eit lauv / på sida // Det viser seg vera / beste diktet / i boka». Ja, anten uttrykkjer diktet fortviling over poesiens elende, men så kan det òg vere at nett denne diktboka har fornya blikket på verda og slik gjort lauvet og røynda til det beste diktet – omdanna det til litteratur, rett og slett. For uansett korleis ein vrid og vendar på det, kjem ein her ikkje utanom poesien: Formuleringa spring fram i eit dikt.

Dikt med eit naturlyrisk moment, som krinsar om vatn, elvar og straumar – og som ber minningar om draumens strøymande rørslemåte og slik faldar seg inn i den overordna forvandlings-tematikken i diktboka – finst det fleire av, og dei er ofte særs gode. Mellom desse reknar eg opningsdiktet «Omskaping»:

Tida renn ut i elva

som er så oppteken med å

renne ut i havet

at ho ikkje ansar

tida, av di ho

har skapt seg om til den siste

tverrelva, denne raudbrune

som ingen vil sigle etter

 

På grunn av grunnene

På grunn av steinane

på botnen

Her finst elles rike vink og helsingar til andre kunstartar, til musikk, biletkunst og film, til historiske og internasjonale kunstnarar slik som Albrecht Dürer som beklagar seg over at bileta hans av aper ikkje «dugde» fordi «det var lenge sidan han hadde sett / aper». Før diktet, til slutt, føyer til: «Han lyt ha levt / heilt isolert då / dette vart skrive».

Gyrðir Elíassons dikt bevegar seg mellom søvn og vaken tilstand, mellom prosa og poesi, mellom aforistiske underfundigheiter og reinskorne poetiske bilete. Det er kort, ironisk, poengtert – og det er stort sett heile tida lødig og treffande poesi.

Sindre Ekrheim, f. 1967, er poet, bokmeldar og redaktør for Krabben