TIDSSKRIFT FOR POESIKRITIKK

21. utgåve     |     2. mars 2022

Mellom målet og byrjinga

I diktboka Draumar og oppvakningar leitar den fransk-italienske poeten Fabrizio Bajec i dotteras barnlege språk og i eigen barndom på landsbygda, i ein freistnad på å redde seg frå ei verd der ein ikkje kjenner seg att.

DIKT

Fabrizio Bajec

Sogni e risvegli

(Draumar og oppvakningar)

A27 poesia

Amos Edizioni 2021

AV STEFANO MODEO

Ein lesar som har følgd den kreative banen til Fabrizio Bajec (f. 1975) vil vere van med dei uføreseielege og kontinuerlege vendingane i hans ståstader. Den poetiske stien som går gjennom Entrare nel vuoto (2011, Å gå inn gjennom tomrommet) og held fram med La cura (2015, Kuren), La collaborazione (2018, Samarbeidet), men også passerer gjennom teateret, sjølvomsetjingane frå fransk til italiensk og dei italienske versjonane av verka til den belgiske diktaren William Cliff, har heile vegen freista plassere kameraet i ulike vinklar, nokre gonger djupt i det indre – ved å ta ordet til det ekstreme og gjere det til symbol – somme gonger bøyer kameraet seg inn på dei parisiske torga i opprør eller blant arbeiderar, skyv det mellom brutalitet og oppgjeving i møte med nye former for slaveri.

For nokre månadar sidan kom Sogni e risvegli (Draumar og oppvakningar) i A27-serien til forlaget Amos, ei samling beståande av 41 tekstar inndelt i seks seksjonar som guidar lesaren på ei slags reise mellom søvn og vake, mellom fråvær og nærvær, fortid og notid. Om det i Samarbeidet (La collaborazione) gjaldt den beiske, generelle observasjonen av det heilt ytre samarbeidsforholdet mellom undertrykte og undertrykkarar, vert dette aspektet i det nye samlinga no utdrive ved hjelp av ein intern, intim, umedviten og privat tilbaketrekking. Her tydar det å samarbeide med seg sjølv å redde seg frå ei verd der ein ikkje kjenner seg sjølv att.  

Denne fluktruta er tydeleg alt i den første delen, «Spectres» (Spekter). Faktisk foreslår Bajec allereie i det første diktet, «Frontiera» (Grenser), eit punkt utan retur, ei grense der kvar og ein av oss sluttar og vert avslutta ved at me skaffar oss ei ny form og kjem til einigheit med eigne avgrensingar:

 

nedanfor dreg eg

framleis for lite nytte av territoriet

som eg motvillig riv meg bort frå

håpar å sove og ikkje vite meir

av alt dette

som også er mitt

 

Vers som i denne forstand verkar å leggje til noko, kanskje ei fråskriving, til linene i diktet «Un essere umano» (Eit menneske), eit dikt som opna samlinga Å gå inn gjennom tomrommet: «Eg er berre eit menneske utan nokon hensikt / bortsett frå det å sjå korleis dei skjer / dei tinga vi gjer, ein etter ein.»

I tekstane i Draumar og oppvakningar kjem omgrepet grense ofte attende gjennom naturlege element: skår av skjel, fjell, skog, blad, steinar, insekt, hav og fuglar befolkar dei ulike seksjonane og gir oss alle ei endeleg kjensle av overgjeving og passivisering:

 

eg vil så gjerne vaske meg att og isolere meg i ein skog

sitjande på bakken og vente på

det store regnet på blada

(berre den lyden) ein hjelpelaus gullfink

forstår at det er tid for å pile inn under eit tre

 


«Da une poesia di Magrelli» (Frå eit dikt av Magrelli), s. 26

 

På same vis, med omsyn til denne reinskinga, er det naudsynt å starte frå barndommens nullpunkt, frå synspunktet til poetens dotter – i første person i den andre delen, men også frå poetens eiga avsides fortid, i den tredje delen, «Cronache di un’infanzia rurale» (Rapportar frå ein barndom på landsbygda). I dette observasjonsgapet leikar Bajec metaforisk med dikotomien mellom draum og oppvakning og omvendt.  

Det er som om desse to dimensjonane vert klokt framkalla av dempinga og aukinga i biletbruk, analogiar, referansar; frå dei meir prosaiske tekstane går me vidare til andre meir symbolske, med ei slags forundring og fantasifull kraft som rammar diktarbarnet – røysta i den andre delen – og diktarbarnrøysta i den tredje:

 

før førestellinga til viljens meister

vil det friske i læringa

gå attende til null på teljaren

ordets høgste grad

barnet er ein poet på to år

 

Men som me har vore inne på, er boka basert på det transitoriske, på ein ikkje-permanens («Come gamberi nell’acqua bollente» (Som reker i kokande vatn), s. 24) som har ei tilbøyelegheit til å vie seg sjølv til det som går utover (eller overvinn) grensa, denne avgrensinga som verda og individet fram til no har sett som plassar for overskriding. 

Tendensar i samsvar med Bajecs førre bok, Samarbeidet (La collaborazione), finn vi som eit kor av røyster av menn og kvinner i seksjonen «Quaderno messicano» (Mexicansk notatbok). I dette tilfellet er dei undertrykte av turistindustrien som har opprørt stadar og kulturar og utsletter alt som var spesielt for ein sivilisasjon og der det einaste originale og motstandsdyktige element er det naturlege. Som ei følgje av dette, kjem me til «Poema della fame» (Sultdikt), i femte del av boka, der barrikadanes gule vestar, eit folk under angrep av nyliberale institusjonar og politikk, vender seg svoltne og opprørske mot det franske gendarmeriet.

Men boka endar med avdelinga «Ein annan veg» – nett punktet, eller rettare sagt retninga Bajec ønskjer å leie oss i. Det som ikkje er tilfeldig, er den siste teksten, «Ritiro», (Tilbaketrekking) s. 77–78, der opningsorda lyder: «tilbake til den første boksen». Sirkelen vert faktisk nok ein gong stengd med ei klår og radikal endring av synet på dei kommunale bulldosarane, eksplosiva og ordenspolitiets våpen; det vil seie med ei ny poetisk erklæring, ein zen-kontemplasjon utan vestlege nikk, men med ei total fordjuping i den lukretsianske forgjengelegheita (ikkje-permanensen) som på ein eller annan måte diktaren – og ikkje berre han aleine – må vende attende til for å redde seg sjølv.

 

Tilbaketrekking

 

 

tilbake til den første boksen

0

ikkje til innfalla dine

eller meiningane dine

Seppo svingar frå

grein til grein

som ei vill ape

på gardsplassen

piska av vinden

0 er destinasjonen og byrjinga

alle moglege val

den opne dimensjonen

0 i livet er ikkje så

ille

kan hende du òg kjende

det

som vaksen siktar du

mot det målet

integrert eigedom

naken som reptila

ein lauk utan skal

smaken vert

sterkare

gap opp

O

 

 

Notar

Omsetjarens merknad til diktet «Tilbaketrekking»: Namnet Seppo i diktet refererer til ein zenmeister frå middelalderen, ofte nemnd i Koan. Koan er samlingar av gåter og sjølvmotseiande utsegner som skulle provosere fram tvil hos disiplane, slik at dei såg tinga «slik dei er».

Teksten har vore publisert i det italienske digitale kulturtidsskriftet La Balena Bianca  (Den kvite kvalen) som blei starta i 2012 i Milano. Som mannskapet på Pequod, er besetningen på Den kvite kvalen oppteken av å kombinere ein seriøs kritisk haldning med eit språk som er i stand til å nå alle på alle breiddegrader. Tusen takk til La Balena Bianca og Giacomo Raccis.

Stefano Modeo (f. 1990) er italiensk kritikar og poet busett i Treviso. Stefano Modeo kjem til å skrive fleire tekstar for Krabben om italiensk samtidslyrikk.

Fabrizio Bajec (f. 1975) er poet og busett i Paris. Han skriv både på fransk og italiensk.  

Poesiserien som Fabrizio Bajecs bok er utgjeven i, heiter A27. A27 er namnet på motorvegen som går frå Venezia og nordover gjennom Veneto-regionen.

Teksten og diktsitata er omsett frå italiensk til norsk av Sindre Ekrheim (med utgangspunkt i ei utgjeving av Sogni e risvegli nummerert som eksemplar 97).