TIDSSKRIFT FOR POESIKRITIKK

69. utgåve     |    11. mai 2023     |     BOKESSAY

Mangelfull innramming av Olav H. Hauges ukjente sonettar

Utgjevinga Til eit Astrup-bilete og andre sonettar formidlar Olav H. Hauge på ein måte meldaren oppfattar som uryddig. Samtidig er mengda med Hauge-materiale så omfattande at ei heilskapleg og oversikteleg framstilling truleg vil krevje ein langvarig dugnad. Er ønsket om filologisk nitid ryddearbeid fåfengt?

DIKT

Olav H. Hauge

Til eit Astrup-bilete og andre sonettar

Utval og etterord ved Stefan Andreas Sture

Samlaget 2022

LYTT TIL BOKMELDINGA
Trykk på pila

AV STEIN ARNOLD HEVRØY

Lyrikaren Olav H. Hauge (1908 – 1994) har sagt at «Dei beste dikti i verdi, er sonettar, veit du!». Hans eige diktarskap – sonettane inkludert – blir stadig aktualisert og formidla gjennom poesifestivalar, museum, forsking, film, korverk med meir. Så kjem også nye utgjevingar med dikta hans. Særleg gledeleg har det vore å sjå at Hauge har blitt sett om til så mange utanlandske språk. Enka etter Hauge, Bodil Cappelen, har vore ein viktig pådrivar for dette arbeidet. No har det dessutan kome fleire bøker ispedd hittil ukjende dikt av Hauge, og siste ut er Til eit Astrup-bilete og andre sonettar. Det er ei pen lita bok som er lett å ta med seg, på same vis som dei fleste andre Hauge-bøkene gitt ut av Samlaget dei siste åra, altså Seljefløyta (2018), Det er den draumen (2019) og I Hauges eplehage (2020). Vi må tru det hendige formatet og republiseringa av allereie utgitte dikt er for å nå nye Haugelesarar. Mens Det er den draumen må seiast vere ei rein schläger-bok, inneheld dei tre hine bøkene også ukjende dikt av Hauge. Å gi ut ei bok med Hauges sonettar er ingen dum idé. Mykje tyder på at diktforma har vore svært viktig for han, og blant hans eigne dikt er sonettane av dei mest skatta.

Eg kan røpe allereie no at eg ikkje er berre glad i denne utgjevinga. Det er i hovudsak fordi boka formidlar Hauge på ein måte eg oppfattar som uryddig. Visst er det spennande med Hauge-dikt me ikkje har visst um, men når desse blir sett saman med kanoniserte dikt frå den folkekjære skalden – utan forklaring og kontekstualisering – er det problematisk. Det er riktig nok ei kjeldeliste bak i boka. Dikta er henta frå Hauges Dikt i samling (2020) og Dikt i umsetjing (2009), i tillegg til Dagbok (2000), Seljefløyta (2018), og ymse aviser og tidsskrift.

Seljefløyta I og II (1938) og Seljefløyta (2018)

Eg lyt begynne med å seie nokre ord om Seljefløyta som eit par av sonettane i Til eit Astrup-bilete og andre sonettar er henta frå. Opphaveleg er Seljefløyta namnet på manuskriptet Hauge skreiv og sendte til eit forlag på slutten av 30-talet. Han fekk det i retur, og har notert i dagboka si: «Fekk att diktsamlingen Seljefløyta frå Norli. Dikta var gode, men knapt uvanlege, segjer dei. Venta det ikkje betre heller» (Hauge 2000, bd. 1, 201). Det Hauge freista å få gitt ut før krigen, altså Seljefløyta-manuskriptet, er svært ulik den posthume utgjevinga Seljefløyta som kom på Samlaget i 2018. Sistnemnde inneheld berre nokre tjuetals dikt frå manuset, men har ei rekke dikt som er skrivne seinare. I utgangspunktet er det alltid interessant å få fram ukjent stoff frå storleikar som Olav H. Hauge, men eit absolutt minimum utgjevar bør spandere på seg er ei forklaring på utvalet av dikt, kva dikt som eventuelt blei omarbeidde og kom med i seinare diktbøker, kva som hadde stått på trykk i tidsskrift eller aviser. Det eine Seljefløyta-manuskriptet som er på Universitetsbiblioteket i Bergen inneheld meir 70 dikt. Så kjem altså utgjevinga Seljefløyta på Samlaget med eit knippe dikt frå det manuskriptet: «Eg har kalla utvalet Seljefløyta av di 25 dikt her er henta frå det som kunne ha vore debutsamlinga til Hauge» (Cappelens forord i Seljefløyta, 2018). Men stemmer det? Det er to Seljefløyta-manuskript. I Seljefløyta I (1938) har «Til mine skaldar» tre delar. No kan ein argumentere for at dei tre delane i Seljefløyta (1938) er separate dikt, men slik dei står i Hauges originalmanuskript ser det ut til å vere snakk om ein sonettesekvens. Berre første del av sekvensen er attgjeve i Seljefløyta (2018), og då med same namn: «Til mine skaldar». I Til eit Astrup-bilete og andre sonettar finn vi ein variant av sekvensens andre del frå originalmanuset under tittelen «Ein sonett». I det andre manuskriptet, Seljefløyta II (1938), står «Til mine skaldar» som enkeltdikt. I denne versjonen er den siste tersetten ulik den i Seljefløyta (2018). Litt kortare fortalt er varianten av «Til mine skaldar» i Seljefløyta (2018) ulik dei versjonane som står i Seljefløyta I og II (1938).

I forordet til Seljefløyta (2018) står det også at manuskripta er å finne på Bergen offentlege bibliotek, noko som styrkjer mistanken min om at ein ikkje har forhalde seg til dette manuskriptet. For både Seljefløyta I og II (1938) er i Universitetsbiblioteket i Bergen si manusskriptsamling. Når Til eit Astrup-bilete og andre sonettar viser til Seljefløyta (2018) som kjelde blir den gitt autoritet som ei bok av Olav H. Hauge, og ein viskar ut det faktum at namnet Seljefløyta er lagt til ei bokutgjeving som er eit godt stykke unna den samanhengen Hauge brukte det i.  

I Seljefløyta (2018) manglar det ei forklaring og grunngjeving av utvalet som er gjort; kvifor samle akkurat desse dikta? Kvifor ikkje bruke Seljefløyta-manuskripta frå Universitetsbiblioteket i Bergen, og gi desse ut i ei utgåve med forklarande forord i staden? Det kunne dessutan vore interessant sjå denne i samanheng med Glør i oska som kom i 1946, for iallfall sju av dikta i Seljefløyta I og II (1938) blei publisert der: «Liv, eg bankar på og spør», «Sjå kor fuglen lett på veng»/«Fuglen og fisken», «Ei ungdomssjel er lokk og lengt», «Alltid ventar me å finna» (i Glør i oska: «Alltid ventar eg å finna»), «So fyl me glimegut til grava» (i Glør i oska: «Spelemannen»), «Song til stormen» og «Seljefløyta».

Til eit Astrup-bilete og andre sonettar 

Til eit Astrup-bilete og andre sonettar (2020) er ei bok som inneheld Hauge-klassikarar som «Gullhanen», «Til Shelley» og – som tittelen seier – «Til eit Astrup-bilete». Desse dikta, som Hauge altså har stempla og godkjent, står altså ved sida av dikt som heller må bli betrakta som tidlege forsøk og øvingar. I etterordet sitt freistar han som har stått bak utvalet, Stefan Andreas Sture, å legitimere utgjevinga, og særleg då med tanke på dei sonettane Hauge sjølv ikkje gav ut: «Så det er kanskje ikkje ei gåte kvifor Olav H. Hauge skreiv sonettar. Nei, gåta er kvifor Hauge ikkje prenta fleire eigne og omsette sonettar». Med det vi veit om Olav H. Hauges høge krav til eiga dikting, er det verkeleg ei gåte? I Eit dikt vert aldri ferdig – teksthistorien til Olav H. Hauges dikt dokumenterer Aasta M. Bjorvand Bjørkøy endringar i både enkeltdikt og diktbøker som Hauge sjølv gjer. Han er perfeksjonist og blir aldri ferdig med å forbetre dikta og omsetjingane sine. Så om eg skal gjette kvifor «Hauge ikkje prenta fleire eigne og omsette sonettar», er svaret enkelt: han synest ikkje at dei var gode nok, eller så kan han ha meint at dei ikkje passa inn i diktsamlinga. No er ikkje denne teksten først og fremst ein kvalitetsvurderande kritikk, men la meg gi eit døme på det eg meiner at ikkje er på er nivå med dei beste sonettane hans, nemleg andrestrofa i diktet «Shakespeare»: «Med tusundåri syng i heimen din, / ja dei som kjem og dei som kvarv i myrkret / kling saman der i rein og herleg styrke / og vert den song me nemner livet sin.»

Likevel: Atterhald, atterhald! No ser eg jo ikkje Hauges kjente dikt for første gong – mange av dikta kjenner eg bra, og ikkje minst gjennom resepsjonens tolkingar. Eg er heller ikkje utan fordommar mot det han ikkje sjølv ønska å gi ut. Slik sett kan det godt vere eg er for kritisk til det eg oppfattar som platt med til dømes «kling saman der i rein og herleg styrke», samtidig som eg kan tenkast å vere noko blenda av resepsjonens glitrande formidling av Hauges kanoniserte dikt. Mogleg er eg også i overkant opptatt av å forsøke å halde ei viss orden på grunn av eigne vanskar med akkurat det; Haugematerialet – breva, dagbøkene, boksamlinga, manuskripta, dei enkelte diktsamlingane, dei ulike Dikt i samling, utgjevingane av omsetjingar, resepsjonen – er omfattande og dels uoversiktleg. Difor ønsker eg hjelp til å halde eit visst overblikk.

Til eit Astrup-bilete

 

Kan henda drøymde dei um dette her

å møtast på ein klote, på ein stad

der hegg og apal stend i syreblad

og blømer slik ei dulgrøn vårnatt nær

 

ved fjorden? Vera saman, planta bær

og så ein innvigd åker rad for rad

med urter bak ein steingard som dei la

kring helga lundar, dei som fyre fer?

 

Dei er i riket sitt og sår si jord.

Og vårnatti er ljos av draum og gror.

Dei legg kje merke til at ein kjem stilt

 

i snjoskardet og stig på vatnet no.

Men då dei natta, såg dei månen vod

i gullserk ute der so unders mildt.

Til eit Astrup-bilete og andre sonettar har eit etterord der Stefan Andreas Sture lar lesaren bli betre kjent med sonettforma. Vi lærer om ulike typar sonettar, kva form dei kan ha, og litt sonettehistorie. Dessutan har Olav H. Hauge sjølv forordet, «Nokre ord um sonetten». Saman gir desse tekstane lesaren eit greitt inntrykk av kjenneteikna til sonettforma. Opplysningane om diktforma sine særtrekk – strofisk oppsett, rimskjema, at den er metapoetisk og kontemplativ  – gjer meg likevel ikkje mykje klokare når eg skal lese Hauges sonettar. Den som ønsker å verkeleg bli fortruleg med diktforma, hos både Hauge og andre, må nok bruke ein del tid og krefter på den. 

Det er ikkje å kome vekk frå at fleire av høgdepunkta innanfor Haugeforskinga er tolkingar av sonettar. Atle Kittangs artikkel «Eit vern om draumen – Analyse av eit biletmønster og eit dikt» (1968) tek særleg for seg nettopp «Til eit Astrup-bilete», og kan truleg vere interessant for fleire enn berre Kittangs fagfellar; lesaren kan lære noko om både sonettforma og Hauges diktverd. Les Kittangs artikkel her. Også Fredrik Parelius’ nytolking av «Gullhanen» i «Flamme i ‘festgul nott’ – ‘Gullhanen’ Olav H. Hauges første Astrup-sonett?» kjem til å vere ein viktig referanse for framtidige lesarar av dette sentrale Haugediktet. Les Parelius’ artikkel her.  

Gullhanen

 

Og eg var longo død. Død i mitt skal,

og gol som gullhane i Miklagard.

Eg levde under – høyrde skurr og svar

og streid imot; og holt læt seld sjels gal.

 

Til draumen skok meg vak ei festgul nott,

so hamen fall og glansen vart til støv:

Eg er i døri heime. Huset søv.

Og barnehjarta slær att sælt og brått.

 

Eg stend med hand på klinka inn til mor

og far, – ser månen skin på slite golv.

Du vart so lenge? kjem det, utan ord.

 

Bak rømdi rørde sorgi tungt sin kolv.

So slepte draumen meg. I gullsmidd gjord

for keisaren eg atter gol og svor.

Der Seljefløyta (2018) manglar  – mellom anna – ei forklaring på utvalet, har Til eit Astrup-bilete og andre sonettar også andre problem. Til dømes er diktet på side 13, «Ein sonett», og diktet på side 18, «Til mine skaldar», eigentleg to variantar av same dikt. Det verkar merkeleg at dette ikkje er kommentert. Dersom poenget er å vise korleis Hauge har utvikla seg som forfattar burde lesaren bli gjort merksam på dette, og variantane skulle ha stått ved sida av kvarandre.

Ein sonett

Til mine skaldar som i skapingsglo

dei største tankesyner såg og kjende,

og song um alt som djupt i hugen brende,

eg gjev mitt kvad og all mi hylling no.

 

Å deira røyster med sin ljuve ljod

er svaling åt (for) mi sjel i alt elende.

Dei tankeglim som dei for alltid tende

er stjernelyning yver livsens ro.

 

Og desse strålor, skapt av evig yrke

skjelv fram (ifrå) utor det store sogemyrket,

og aukar stødt i fagerdom og styrke.

 

Å kunde desse strålor (i meg) tenda

nytt stråleglim, det kunde også henda

at eg, som dei, mot framtid ljos fekk senda. 

 

(Til eit Astrup-bilete og andre sonettar, s. 13)

I Til eit Astrup-bilete og andre sonettar, står det «fagerdom og stryke» og «mot framtid ljos fikk senda» (mine understrekingar). Her har eg retta det til slik det står i Dagbok, bind I (Hauge 2000), som kjeldelista viser at diktet er henta frå. Idar Stegane har gjort meg merksam på at boka inneheld rundt 25 av denne typen feil.

Til mine skaldar

 

Til mine skaldar som med heilag glo

min hug på leiting etter sanning sende

og auga mitt mot nye heimar vende,

gjev eg mitt kvad og all mi hylling no.

 

Å, deira røyster med sin ljuve ljod

er svaling åt mi sjel i alt elende!

Dei tankeglim som dei for evigt tende,

er stjernelyning yver livsens ro.

 

Og desse stråler, skapt av eige yrke,

skjelv fram utor det store sogemyrket

og aukar støtt i fagerdom og styrke.

 

Å, kunde desse gneistar i meg tenda

nytt stråleglim, det kunde også henda

at eg, som dei, mot framtid ljos fekk senda!

 

(Til eit Astrup-bilete og andre sonettar, s. 18) 

Eit av dikta Hauge ikkje har teke med i verken førsteutgåver eller i nokon av dei ulike versjonane av Dikt i samling, men som er komen med i Til eit Astrup-bilete og andre sonettar, er «Til Shakespeare». Til dette – og dei andre dikta i same ufrivillege situasjon – kunne ein tenkt seg at ei slik bokutgiving forklarte meir av konteksten til, som kva variantar av diktet som finst, kvar det har vore publisert før (til dømes aviser og tidsskrift). Ja, kunne ein ikkje rett og slett ønske seg ei tekstkritisk utgåve med dikta som ikkje nådde opp til Hauges eigen standard for Dikt i samling og Dikt i umsetjing i tillegg til det han sjølv godkjente? Eg trur til og med det er ein marknad for ei slik vitskapleg kommentarutgåve på bokbørsen i Norge.

Når det gjeld «Til Shakespeare» har eg sjølv kome over ein versjon som skil seg noko frå den som er prenta i sonettboka. Denne versjonen er å finne inni ei av Hauges bøker,
Shakespeare’s historical plays: poems & sonnets. Som dei fleste av bøkene hans er den signert, og denne har også eit årstal: «Olav Hauge 1928». Diktet «Til Shakespeare» er berre ei av fleire lengre innskrifter. I tillegg til handskrivne sitat av Søren Kierkegaard og Esaias Tegnér er det avisutklipp med sitat av Georg Brandes. Eg har heller ikkje studert heile boka og kartlagd alt av marginalia. Poenget er at vi her har ein versjon av dette diktet, og sjølv om vi ikkje kan vite sikkert at det er skrive same år som han har fått boka – 1928 – så har vi eit tilfelle der diktet er sett i ein samanheng: I Hauges private eksemplar av Shakespeare’s historical plays: poems & sonnets ser vi med andre ord spor av lesing (understrekningar, margnotat), og at han har samla på sitat frå filosofien og lyrikken. Vidare har han altså skrive eigen poesi, «Til Shakespeare». Ved å samanlikne den publiserte versjonen i sonettboka og den han har skrive inn i boka kan ein, om ein vil, har tid, krefter, evner, samanlikne dei og vurdere forskjellane. Ja, ein kan i det heile tatt spørje seg kva den store poeten Shakespeare har hatt å seie for Olav H. Hauge og diktinga hans. Dette vil eg vite meir om, men i den nye utgjevinga blir nyssgjerrigheita liggande åleine utan rett jordsmonn, stell og kultivering.

Så er spørsmålet: Er ikkje ønsket om filologisk nitid ryddearbeid som å jage etter vinden? Universitetsbiblioteket i Bergen har manuskripta og breva, Haugesenteret i Ulvik har boksamlinga, mens dagbøkene, Dikt i samling og Dikt i umsetjing er publiserte. Materialet såpass omfattande at det truleg burde vore ein langvarig dugnad om ein skulle rydda ordentleg i det. Det er krevjande arbeid, og det er fort gjort å bli svimmel. Difor er gjerne for mykje å forlange at Det Norske Samlaget skulle stå bak noko slikt. Likevel må ein kunne forvente betre systematikk frå forlaget si side. Det dei små gåvebøkene til samlaget i det minste viser, er at det finst eit behov for denne ryddinga. Når det gjeld Hauges dikt, kan dei skiljast i minst tre ulike kategoriar: 1) uprenta sonettar (manus, dagbøker, marginalia), 2) prenta i tidsskrift og aviser, 3) prenta i diktsamlingane, Dikt i samling og Dikt i umsetjing. Av desse vil det ofte finnast fleire variantar, og ein bør ta seg mål av å skaffe oversikt over desse. Det betyr at ein bør gå gjennom Hauges manuskript, kladdebøker og bøker. I Seljefløyta-manuskripta fann eg også sonettar som eg ikkje finn att i Til eit Astrup-bilete og andre sonettar, nemleg «Ein skygrå himmel», «No klårnar lufta» (Seljefløyta I) og «Som dei i hagen haustar-dags kan finna» (Seljefløyta II) (med atterhald om at eg blingsar).

 

Stein Arnold Hevrøy (f. 1979) er medlem i redaksjonsrådet til Krabben og er tilsett som konservator i Nynorsk kultursentrum. Han er koordinator for forskingsnettverket for poetisk tenking og har sjølv forska på lyrikken til mellom anna Kjartan Hatløy og Olav H. Hauge.