TIDSSKRIFT FOR POESIKRITIKK

74. utgåve     |    22. juni 2023     |    POESIMELDING

Lyrisk malstraum

Overraskande språk og tankevekkjande bilete vert skapt i freistnaden på å bringe språket til opphøyr.

DIKT

Finn Øglænd

Leve evig som støvet

Solum Bokvennen, 2023

LYTT TIL BOKMELDINGA
Trykk på pila

AV SINDRE EKRHEIM

I diktboka Leve evig som støvet held Finn Øglænd fram den lyriske kursen han staka ut på byrjinga av 2000-talet. Ved første augekast verkar det som det lyriske eget og den lyriske maskinen har køyrd seg fast i kvardagens malstraum av trivialitetar, svartsyn, idioti og hjelpeløyse. Her står den lyriske maskinen og kvernar fram nye dikt, ofte beundringsverdige, sjokkerande pessimistiske, komiske, underhaldande. Og nesten alltid sender diktet frå seg eit sitatvennleg vers, ofte på nivå med ei fullenda aforisme: «Mitt høgaste ønske er å ikkje ha nokon identitet, / men nok humør til å halde ut å vere ein bagatell».

Jamvel om ein set denne diktboka i kontakt med Øglænds vending på 2000-talet, vil eg nok påstå at denne diktboka utvidar feltet sitt, ved at den rommar ei rekkje av norsk lyrikks merkelegaste kjærleiksdikt, der kjærleiken vert omtalt på same nivå som «handlelista frå Kiwi»: «Eg er glad for at kroppane våre fann fram til kvarandre / og laga barn, som i sin tur / laga barnebarn etc.».  

Essensen i denne desillusjonerte og livstrøytte poesien, er å skrive dikt som er nøye med å avskrive diktet, nekte for poesiens frelsande betydning og kunstnariske verdi: «Det skal ikkje meir til: Ein føyer ord til ord, så blir det eit dikt, / eit bidrag til Babels tårn.» Frå denne nihilistiske haldninga, som i det ytre set alt inn på å avvikle poesien og verda, men som reelt sett fungerer som eit skapande råstoff og prinsipp for eit lyrisk univers i ekspansjon, skapar Øglænd poesi. Det er slåande å registrere kor mykje tankevekkjande språk og biletmateriale som vert fødd når ein gjer alt ein kan for å bringe språket til togn og opphøyr.  

Det lyriske eget har ikkje nett høge tankar om eige liv og verk: «Eg er ein som ennå ikkje er død. / Det er alt det er å seie om meg.» Inga overrasking, kan hende, at den aggressive mistrua og det opne hatet til poesien – og sjølvforakta – berre er ei maske det lyriske eget ikler seg. Kanskje er ein ikkje så van med maskespel i poesien, der ein ofte vel å tru at det lyriske eget fell saman med poeten. Dette er poesi ikkje berre god som nokon, ofte også betre. Det er ei kjærleikserklæring til poesien, slik kjærleiken til den artar seg i periferiane og randsonene.

 

Meldinga har tidligare vore prenta i Stavanger Aftenblad (februar 2023, veke 6). 

Sindre Ekrheim (f. 1967) er poet, bokmeldar og redaktør for Krabben