TIDSSKRIFT FOR POESIKRITIKK

92. utgåve     |    14. desember 2023     |     BOKMELDING

Lauvsongarens reiser

Odveig Klyve har skrive ei tematisk stram og rikhaldig diktbok.

DIKT

Odveig Klyve

Fordi du er

95 sider

Cappelen Damm 2023

LYTT TIL BOKMELDINGA
Trykk på pila

AV SINDRE EKRHEIM

Tittelen på Odveig Klyves siste diktbok, Fordi du er, er liksom forma som eit svar på eit spørsmål me ikkje har tilgang til. Det verkar som tittelen peikar på eksistensens faktum og kan lesast som at menneske ikkje skal bli målt på ytre kriterium. Det som gjeld, er å vere.

Eit knippe tematiske trådar blir kasta fram i dikta: Krig, eksil, pandemi og migrasjon. Desse tema og motiva, som må seiast å vere akutte og samtidsrelevante, kryssar og blir veva i kvarandre. Og dei er på ei forvandlande reise gjennom desse dikta. Det går forresten fint å lese diktboka i lys av eitt einaste av desse motiva, til dømes reisemotivet. Boka startar med utgangsposisjonen, med diktet «Heim», der det lyriske egets vender attende til barndomen og syner korleis ei harmonisk barndomsverd framleis leverer tryggleik til det vaksne eget. Parallelt og i kontrast til den pastorale barndomsidyllen finst flyktningane sine råe kår innskrive i dikta – dei er fordrivne frå heimstaden, tvungne ut på uttrygge og risikofylte reiser.

Kan hende er diktaren sjølv som lauvsongaren, trekkfuglen som legg attom seg tusenvis av kilometer i laupet av eit år, og som i eit dikt må halde attende songen sin når det sjår og vitnar om flyktningane sin lagnad: «Du flyr over rasande hav / når ein blåmalt båt fylt av / menneske veltar / du syng ikkje mens / dei blir borte i / bølgjene, du syng / ikkje.»

Den kroppslege nærleiken, det inderlege – kjærteiknet – har ein eigen plass i  Klyve si dikting. Så også i desse dikta, som ein klangbotn for heile boka, men også meir eksplisitt, slik som i dikta «Pandemisk», «Hjarte» og «Vintersong». I ei verd der nesten alt er blitt skjermnært og likefullt formidla, er det menneskelege momentet, evna til å erfare eigen og kvarandre sin nakne eksistens, blitt merkbart fjernare. I diktet «Avstand» som konkret tek utgangspunkt i ei flyreise, vevar slike spørsmål seg saman med identitetsrefleksjonar og biografiske moment. I andre diktsekvensar, der det lyriske eget er figurerer som den unge jødiske filosofen Hannah Arendt, er det eksilerfaringa som faldar seg ut.

To veker inn i Russlands krig mot Ukraina publiserte Klyve diktet «Skjelv du» på Facebook. Diktet som vende seg til Vladimir Putin, spreidde seg raskt og er no omsett til over hundre språk. Diktet spreiingsevne fortel at poesi kan nå og få betydning for mange. Klyve har integrert diktet i boka. Og når ein les linene «Skjelv du på handa Vladimir Vladimirovich / når du lyfter koppen, / mens du flyktar frå det menneskelege», så skjønar ein at høvesdiktet forsvarer plassen sin i den boklege samanhengen også.

Eg vil også, til slutt, heve fram nokre dikt som kanskje stikk seg litt ut fordi dei ikkje peikar så eintydig i ei eller anna retning. Dei er meir samansette, dei etterlet meg sterkare i undring, ja, slike som «Tida» og «I går». Her kan ein finne desse linene: «Tida er / eit gammalt / barn / som lyfter / eit gevær».

Sindre Ekrheim, f. 1967, er poet, kritikar og redaktør for Krabben.

Bokmeldinga har tidligare vore publisert i Stavanger Aftenblad.