TIDSSKRIFT FOR POESIKRITIKK

52. utgåve     |     8. desember 2022     |    PODKAST

Poesien møter poesikritikken

Korleis bør poesikritikken vere? Kva skil poesikritikk frå andre kritikkformer? Har poesien og poesikritikken ei felles sak: Prøver dei både å stå oppreist i ei verd som står på hovudet? Krabbenpodkasten freistar å undersøke nokre av desse spørsmåla. 

LYTT TIL KRABBENPODKASTEN

Oppreist i ei verd som står på hovudet:

Poesien møter poesikritikken

I samarbeid med Landås litteraturselskap inviterte Krabben til panelsamtale om poesikritikk på Landås bibliotek i Bergen. Samtalen blir no publisert som podkast på Krabben og de kan lytte til den ved å klikke på lenka under «Lytt til Krabbenpodkasten». 

Kva moglegheiter og fallgruver finst i poesikritikken? I kva grad skil poesikritikken seg frå romankritikken? Korleis bør poesikritikken vere? Er poesikritikaren omsorgsarbeidar, sverddragar for lyrikken, poesinerd eller berre ein vanleg, grå surpomp? Og kvifor er så mange poesikritikarar også poetar?

I denne Krabbenpodkasten frå 30. november høyrer du Ingrid Nielsen, Espen Grønlie, Sindre Andersen og ordstyrar Katrine Heiberg samtale, tenkje og formulere seg om desse spørsmåla.  

INGRID NIELSEN er poet, lyrikkforskar, professor ved Universitetet i Stavanger og kritikar for Krabben.

ESPEN GRØNLIE er kritikar i Dagbladet, lærar og forskar ved kulturakademiet i Roma.

SINDRE ANDERSEN er kritikar i Klassekampen og poet.

KATRINE HEIBERG er poet og kritikar i Morgenbladet og i Krabben.

Krabben rettar ein varm takk til Landås bibliotek og bibliotekar Ine Lavik. Takk også til hennar kollega Eivind Øi og lydvert Lars Stava. 

Utan støtta frå Kulturrådet – norsk kulturfond som  har støtta dette arrangementet, ville ikkje panelsamtalen eller denne podkasten ha vore mogleg å realisere.