TIDSSKRIFT FOR POESIKRITIKK

46. utgåve     |     27. oktober 2022     |    BOKMELDING

Jordpåkastingar og jordfornektingar

I Steinar Opstads lyrikk blir motsetnadar som død og oppstode førde og haldne saman i ein einskap. Motsetnadane finst ikkje berre på eit språkleg og teoretisk nivå, dei blir også i stor grad prøvde mot det kroppslege, i-kjøta, eller, kanskje rettare, frå-kjøta.

DIKT 

Steinar Opstad

Å være flere

57 s.

Kolon forlag 2022

LYTT TIL BOKMELDINGA

AV SINDRE EKRHEIM

Å være flere, den tiande diktboka til Steinar Opstad, inneheld ei rekkje dikt som tematiserer døden. Boka opnar med dikt om den nyleg avdøde faren til det lyriske eg-et. Så er det som om dikta etterpå, i seksjonen «Innmagring, først vert drivne og vende innover i det lyriske eg-et, for så, i dei to siste seksjonane, å opne seg mot andre horisontar att. Her finn ein mellom anna dikt vigd George Floyd, den avdøde forfattaren Wetle Holtan og eit utruleg fint dikt til eit måleri av Marianne Bratteli. Trass desse kasta og vendingane, ber dikta med seg og broderer på nokre av dei same motiva boka gjennom. For eksempel vassmotivet:

DE SISTE DAGENE

 

De siste dagene var fars øyne

som det mørke vannet

 

i ishenget i fjellsiden

skimrende av sol og mose

 

Øynene hans sa: Dette er min kiste

mitt sovende vann

Sjølv om det mørke vatnet er i «ishenget i fjellsiden», tenkjer ein også på elvane slik som Lethe og Styx som gjekk frå jorda og ned til underverda, til Hades. Vatnet i elva Lethe er gløymslas vatn og dei døde sine skuggar drikk av det for å gløyme sin jordiske eksistens. Og når det lyriske eg-et i eit anna nokså prosaisk dikt, kvar kveld fyller vatn i hundeskåla til ein hund som forlengst er død, fordi «hver morgen er skålen tom», så tenkjer ein kan hende på Kerberos, hunden med tre hovud som vaktar porten til Hades og hindrar folk som har kryssa Styx, å rømme attende: «Hvis jeg fikk dø til lyden av en hund / som drikker vann av skålen / ville jeg dø lykkelig ( …)» (s. 54).

I det påfølgjande diktet, «Vårvann», formeleg flaumar vatnet, «Vredens vann og velsignelsens», og har sete heile landskap under vatn:

(…)

Rustne bilvrak står i vann mellom de lyse bjørkene

Der sitter gamle menn og leser aviser

eller soldater med uttrykksløse blikk   De lyse bjørkene

svever  ( …)

Det finst ein asketisk klårleik i Opstads dikt og bilete som kan likne det gjennomskinlege, nærmast usynlege vatnet. Men i denne diktboka er vatnet ein møter like ofte mørkt, opprørt eller sovande.

Så er det kanskje underleg i ei diktbok der dødshorisonten er så nærverande, at den årstida som gjennomsyrer diktboka, er våren. Våren representerer noko motsetnadsfullt, både eit farvel (til vinteren) og fornyinga – død og oppstode i eitt. For den som er fortruleg med den lyriske forfattarskapen til Opstad, vil diktboka Å være flere vidareføre kjende motiv og biletkrinsar. Med tanke på kor sentralt far-son-forholdet har vore i mange av diktbøkene, har det i og med farens død så å seie falle bort ein vesentleg pol i Opstads lyriske univers. Bortfallet kan kanskje opne nye moglegheiter. Tittelen verkar å spele på – trass sorga og tapet – det frigjerande ved farens død: «Døden er at jeg har blitt / et menneske mindre og ett mer».

I Opstads lyrikk blir slike motsetnadar som død og oppstode førde og haldne saman i ein einskap. Motsetnadane finst ikkje berre på eit språkleg og teoretisk nivå, dei blir også i stor grad prøvde mot det kroppslege, ikjøta, eller, kanskje rettare, frå-kjøta. Motsetnadane er levde, eksistensielle.

Poetikken formulerer Opstad i diktet «Dødsdansen» (s.17): «Kunne jeg bare slutte / med denne jordpåkastelsen / som det er å dikte». Poeten ønskjer å slutte å dikte, men held fram likevel: «Men allerede før frokost skrev jeg på et nytt dikt». Poetikkutsegna gjer poesien nærmast til noko rituelt, der ord og handling opptrer i ein symbolsk einskap. Ja, slik ein kjenner frå det kristne gravferdsritualet med dei tre skuffene jord som blir kasta på kisteloket, samstundes som orda frå første Mosebok kapittel 3 vers 19 blir sagde fram: «Av jord er du komen, til jord skal du bli, av jorda skal du atter stå opp». Oppstoda handlar altså ikkje om å kalle fram berre eit bilete i førestillingane, det er tale om ei konkret, kroppsleg oppstode.

Jordpåkastinga kan også, især for bondesonen som det lyriske eg-et er, innebere noko konkret, praktisk, jamvel om handlinga òg framleis har eit skjer av rite over seg. Bonden sår og haustar av jorda, kastar jord over frø og bringar fram ei kroppsleg oppstode når til dømes kornet spirer og veks. Det finst mange referansar til den praktiske omgangen med jorda og åkrane i diktboka, ofte med eit mangesidig blikk, ikkje utvitydig positivt, som til dømes i ein diktsekvens under seksjonen «Innmagring»: «Jeg har vært for lenge borte fra åkrene / til å kunne være med å høste inn». Den utsegna kan ein lese både biletleg og heilt konkret. På det viset byggjer Steinar Opstad opp motiva, gjer dei fleksible, mangetydige. Han driv likevel heile tida med «jordpåkastelsen / som det er å dikte». Og det er ting Opstad ikkje slepper frå seg, som han held fast på i lyrikken: Slik blir det lyriske eg-et også bunden av fornektinga, nesten på sjølvplagande vis.

Som sagt, mot slutten opnar dikta seg, i den forstand at eg-et vender seg utover, mot samfunnet og fellesskapen, jamvel om den ytre horisonten raskt blir fylt opp av døde soldatar, flaum og krigsliknande scener. Likevel finst kanskje striper av håp, slik det så vidt kjem fram i diktbokas sluttdikt, ein ekfrase over eit måleri av Marianne Bratteli:

MELLOM HIMMEL OG HIMMEL

Til et maleri av Marianne Bratteli

 

I dette bildet er både jorden og himmelen blå,

men jorden er litt lysere

enn himmelen

 

Vi lever i en uvirkelig tid, sier noen,

men det onde er verken en fantasi

eller en forestilling

 

Går vi ett skritt frem eller ett tilbake, bytter vi bare

himmelen ut med en ny himmel, og ikke med

en fredeligere verden, som vi først trodde

 

I dette bildet er både jorden og himmelen blå,

men himmelen er litt lysere

enn jorden

Sindre Ekrheim, f. 1967, er poet, kritikar og redaktør for Krabben