TIDSSKRIFT FOR POESIKRITIKK

107. utgåve     |    18. april 2024    |     BOKMELDING

Framleis hjarteskjerande, men friare og meir forsonande

Dikta til Karin Haugane famnar vidare og har fått fleire stemmer i seg. Det verkar som om noko er opna og frigjort.

DIKT

Karin Haugane

Kråkesang

79 s.

Gyldendal norsk forlag, 2024

LYTT TIL BOKMELDINGA
Trykk på pila

AV HELGE TORVUND

Det er fleire ting som gjer at Karin Haugane sin forfattarskap skil seg ut. Ein ting er at bøkene hennar vender attende til ei traumatisk oppleving, men slik eg les henne, maktar ho heile tida å variera uttrykket og innfallsvinklane, slik at det vert skrivekunst på høgt nivå og stadig er både gripande og fascinerande å lesa. Ja, i hennar tilfelle er gripande ofte eit for svakt uttrykk. Hjarteskjerande er mange gonger meir treffande. Etter kvart kom det fram at hennar kjernemotiv byggjer på ein sjølvbiografisk bakgrunn som gjorde at ho ein oktoberdag i 1983 fekk ein telefon om at faren hennar hadde drepe mora hennar og deretter teke sitt eige liv.
 

I bøkene har skildringane som mange gonger er prega av uhygge og brutalitet, etter kvart òg fått visse innslag av forsoning. Men viktigast er det at poeten gong på gong lykkast i å løfta det personlege tapet, traumet og sorga over i eit språk som gjer det til ein erkjenningsprosess som både gjennom sin medvitne estetikk og sin etiske grunntone, famnar om erfaringane på eit vis som gjer det om til stor dikting om menneskelege vilkår.

Årets bok, Kråkesang, er ei fordjuping og utviding av tematikken og verkemidla. Ein syklus av samanhengande dikt om fleire generasjonar av jenter og kvinner, mødrer og døtrer, der ho har teke med inn i diktinga veldig mange ulike impulsar. Samlinga famnar vidare og er meir variert og det verkar som om noko er frigjort og opna, slik at dikta har fleire stemmer, og er inspirert av mellom anna mytologi og folkedikting.

Eg sansar i nokre linjer påverknad frå Haugtussa av Arne Garborg, og denne kråka som har gitt tittel til samlinga, er ein gåtefull, altsjåande og mytisk fugl. Også denne har sine førebilete i poesien. Ein kan tenkja på Kvitekråkas song av Terje Dragseth, som og har ei delvis mytologisk kråke som hovudelement. Men først og fremst vil ein kunna tenkja på Crow. From the Life and Songs of the Crow (1970) av Ted Hughes.

When God, disgusted with man

Turned towards heaven,

And man, disgusted with God,

Turned towards Eve,

Things looked like falling apart.

 

But Crow Crow

Crow nailed them together,

Nailing heaven and earth together-

So man cried, but with God’s voice.

And God bled, but with man’s blood.

I Haugane si bok kommenterer kråka hendingane i boka på dialekt og gestaltar ein slags tricksterfigur som fyller ut og omskapar forteljingane på ein forunderleg livgjevande måte.

Ei slik røyst kan få lesaren til å lettare bli med på denne ferda gjennom brutalitet og vald, fortviling og eksistensielle spørsmål.

Det er inderleg og intenst, men òg vakkert ­– og på eit vis meir leikande enn før, både språkleg og komposisjonsmessig. Naturobservasjonar og menneskelagnadar, litteratur og mytologi vert fletta saman med medviten bruk av verkemidla. Fortetta og rytmisk, med varsamt og fint utnytta rimklangar skriv ho tidlaust om heimlengt og utruskap så det riv i sjela til lesaren.

Dikta får innimellom ei fabelaktig kraft, hjarteskjerande og syngjande, som om desse versa tek opp i seg all liding og tap og sorg og samstundes vidarefører mange slags kulturelle uttrykk i ei bearbeiding og omsorgshandling. Diktsamlinga vert ståande som ein tekst som samstundes er ufatteleg trist og vond, men samstundes har noko trøystande ved seg. Dette får poeten til blant anna ved å innlemma det individuelle i ei stor felles rørsle av folkedikting og song. Ein får assosiasjonar til Draumkvedet, men òg til Dante, til Haugtussa, ja, men òg til Høgsongen. Intenst og toneleikande, inderleg og med kråkekommentarar, kan dikta vera rå og direkte som dette:


Elva fór høgt, det larma, det fossa og lét

Mor låg kvit i vatnet, ungane stod stille og gret

 

(s. 32)

Men linjene kan òg få metapoetiske dimensjonar som gjer at dei understreker tydeleg kva slags bearbeidingarbeid som pågår her:

Vis meg et sted der sorg og svik slukes

Lær meg å åpnes, se glenne fra mørke råk

 

(s. 42)

HELGE TORVUND er poet. Han har arbeidd som psykolog og som hovudmeldar av lyrikk i Dagbladet. Torvund har i ei årrekke vore lærar ved den digitale skriveverkstaden Diktkammeret.no. I tillegg til diktsamlingar har han publisert barnebøker, sakprosa, songtekstar og gjendiktingar. 

Start video