TIDSSKRIFT FOR POESIKRITIKK

61. utgåve     |    9. mars 2023     |     BOKMELDING

Heimleg, ikkje uheimleg

I diktform og på dialekt skriv Eirik Skrede i Ho mor å hann far fram eit anekdotisk portrett av ein bestefar og ein stad. 

DIKT

Eirik Skrede

Ho mor å hann far

92 sider

Tiden forlag 2023

LYTT TIL BOKMELDINGA
Trykk på pila

AV SINDRE EKRHEIM

Dialekt er stadbunden og bruk av dialekt i skrift gjer at staden – eller språkstaden  kjem i søkjelyset. Iaugefallande med Ho mor å hann far av Eirik Skrede er at boka konsekvent er skriven på dialekt, dialekten frå Lakselvbukt i Troms. Å skrive dikt på dialekt er ikkje lenger einstydande med heimstaddikting mynta på brukarar av same dialekten, som indremedisin for å styrke lokalkjensle og identitet. Eller som ytremedisin: ein stereotypi som utstyrer alle som talar same dialekt med sams tanke- og kjensleliv, eller, fråværet av dette. Etter Øyvind Rimbereids diktbøker frå 2000-talet, verkar det som dialekt og former av ikkje-standardspråkleg skrift i sterkare grad er inkludert som mogleg ressurs og materielt tilfang i samtidslyrikken. Kanskje kan ein snakke om dialektlitteraturen som ein variant av ikkje-standardspråklege diktformer. Om ein spekulerer i korleis det skjer at dialektlitteraturen blir integrert i den såkalla allmenne litteraturen, spelar kvalitet, publiseringsforma og samanhengane tekstane blir sett inn ei rolle. Det gjeld om å utstyre utgjevinga med dei rette paratekstane.

T. S. Eliot skal ha skrive, utan at eg gjer han til nokon autoritet her, at kvar revolusjon i litteraturen er tilbøyeleg til å bli, og somme gonger kunngjere seg som, ein tilbakegang til vanleg tale. Eg påstår ikkje her at det er ein revolusjon på gong i norsk lyrikk, men noko har endra seg dei siste 20 åra, sjølv om det framleis finst, reelle eller imaginære, folk som ser ned på bruken av dialektar og talemålsnær skrift og betraktar dette som vulgære språklege irregularitetar.

Ho mor å hann far har eit forteljande moment. Ei moderne slektssoge faldar seg ut, fortald i episodar, sekvensar, anekdotar og tilbakeblikk, og altså førd fram på dialekt. Tre generasjonar samlar seg på same gardstun, kalla Lunn. Synsvinkelen samlar seg også, den strålar inn og utifrå bokas lyriske eg, forteljingas utsiktspunkt, «æ». Sjølv om fleire personar opptrer, til dømes bestefar til æ («hann far»), bestemora («ho mor»), mora («mi mor») og «Guttårm» (stefaren), verkar dikta først og fremst å sirkle rundt og, samla sett, skrive fram eit portrett av «hann far». Allereie første diktet kjem inn på dette med portrett, der blir portrettet til «di kångelie» som heng både i «huse» og «i fjøsn» nemnt. Og når det lyriske æ deretter sporar eit samband mellom hann far og dei kongelege: «å nårr hann far en sjeldn gang / stasa sæ opp å for te byenn / ligna hann litt på kångenn», peikar det, indirekte, på noko majestetisk, mytisk og eventyrleg, noko eige ved denne figuren, «hann far» – iallfall er hann far noko eige i augo til æ. Hann far skil seg ut:

Hann far kjør’ihkje bil

            hann har tojuling

Hann far gå’kje på shi

             han sparrke

Hann far lægg ihkje på svømm

             hann fesske

Han far spring ihkje

                                såmm en tojlling

(s. 8)

Den siterte teksten bevegar seg mellom motsetnadar, tilskriv eigenskapar ved å seie kva eigenskapar som ikkje gjeld for objektet og stadfestar andre eigenskapar objektet har. Teksten følgjer eit kompositorisk og kontrapunktisk enkelt skjema, gjennomførd, nesten utan avbrot, frå byrjing til enden. I siste versepar ser ein rett nok at nektinga som tidlegare i diktet blei avlevert på ei line, no går over to. Samstundes oppstår eit lydleg samband mellom tojuling og tojlling, som så å seie bind diktet saman, knyt enden til utgangspunktet, gir det snev av sirkulær struktur. Kan hende blir det skapt ein ironi også her, der spørsmålet om kven som er «tojlling» står litt ope. På innhaldsplanet handlar det om rørsle, om å bevege seg framover, lineært, med bil, tohjuling, ski, bein (springe) og armar (symjing). Motsetnadar er på gong, på fleire plan. Sjølv om diktet har nokre brot, står det også fram som noko programmatisk og skjematisk. Likevel er det ein fin diktsekvens. Diktet er også eit av dei meir «diktaktige» i boka. Rett nok har dei andre tekstane ei grafisk utsjåande diktform, men talen i dei verkar å vere underordna forteljingslogikken. 

Skildringar av arbeid og giftarmål følgjer, og æ sjølv blir fødd litt uti boka. Og så er det meir arbeid, fisketurar, husbygging, høy på hesjer, leik. Og fleire anekdotar. Slekta vevar seg større, nye generasjonar, barnefødslar, brør og systrer kjem til. Heilt til boka endar i «begravellsa» til «hann far». Portrettet er dimed sluttførd. Og når lesaren høyrer, i ein av bokas siste tekstar, at «ho mor» seier «te mæ // æ trur hann far kjejnnte sæ ijænn i dæ / det va dæfførr hann likkte dæ så gått», kan ein kanskje betrakte boka som eit implisitt sjølvportrett av æ.

Det  lyriske æ-et, som i dikta er eit barn, veks til og blir eldre i laupet av diktsekvensane, det kjem fram av dei ytre referansane, men likevel er æ-et stort sett uforandra. Æ-et utviklar seg ikkje synderleg språkleg, det anlegg eins perspektiv på det som hender. Det verkar utset for ei dobbel binding: Perspektivet til æ er låst til plassen det har i slektskapsrelasjonen, der æ vil vere barn og barnebarn i all æve. I tillegg endrar heller ikkje synet eller blikket på «hann far» seg, ingenting trugar med å røske bysta ned frå pidestallen. Diktboka grensar til å bli ein hagiografi over bestefaren, der hann far blir lyfta opp og over i ein mytologisk sfære. Dette lyftet skjer gjennom det barnlege perspektivet, eit underdanig blikk, og på dialekt, det som somme tenkjer på som eit lægt språk. «Hann far» blir eit opphøgd bilete. Sjølv om biletet ikkje er forskjønnande, er det kanskje idylliserande og drive av forstørring og ein smule overdriving.

Trass i forankringa i det talenære, blir tekstsekvensane merkte av ein fråstand, synest eg. Sløret av nostalgi, mytologi – og av reell fråstand i tid – kan nok spele inn. Når det blinkar fare i enkelte situasjonar, får ein ikkje presentert barnets uro, i staden refererer boka til ein vaksen person, som har ei «naturleg» forklåring. Eit anna forhold som aukar distansen, er at stoffet er fortald, formidla. Det grepet råkar i stor grad språket, som blir verande eit medium, jamvel om ein helst ville tru at eit talenært språk kan borge for det motsette, nærvær, ei kjensle av å kome i kontakt med noko uformidla.

Dimed går dikta glipp av delar av råskapen i språkmaterialet. Karakteristisk er når æ fortel om då «hann far schlår sæ blånæggell / me hammarn», då høyrer me at hann far har «ett heilt ashenal / av ukvemmsord / førr di rikktie annledninge». Ukvemsorda blir ikkje presentert for lesaren. Posisjonen er fortald, utsegna blir ein påstand lesaren ikkje erfarer. Lesaren blir såleis ståande utanfor språket, utan tilgang til ukvemsord-erfaringa. At diktet ikkje presenterer lesaren for dei aktuelle ukvemsorda, motarbeidar dikta sin eiga påståtte talenærleik. Då er det kan hende betre i dei tilfella dikta gir att tale, som når æ overhøyrer moras telefonsamtale: «Næi korr i værddn! /Åyja? Åyja? / Sei du det!? /Nånå / Kajnn jærna / Jaja / Akkorat ja / Akkorat». Tilsynelatande inkjeseiande, kan hende, men dei gir ein ei kjensle av å kome i berøring med språket. Orda blir framsynt, utan at ein fell for freistinga å trekkje linene opp mellom orda. 

Sjølv om eg har nokre ankepunkt til bruken av forteljinga og konsekvensen det får for språkføringa, er den fortalde soga spennande nok – og det blir skapt undertekst gjennom bruk av barneperspektivet. Men mykje av denne bokas verkelege verdi ligg likevel i det språklege, i dei fonetiske nystavingane av ord, kanskje også i forskyvingar i syntaksen og grammatikken. Skriftbiletet i Ho mor å hann far står fram som framand, medan det for aktørane i dikta er det mest fortrulege dei kjenner. Skriftbiletet i boka desautomatiserer den laupande lesnaden, av-automatiserer omgangen med språket idet lesaren så å seie må gjere ordavkodinga på nytt. Vinsten er kjensla av å stå framføre eit ukjend eller nytt språk med moglege andre erfaringar, andre klangar og klangfargar, iallfall vil det vere slik for mange av lesarane. Og det er jo godt nok. Me er på ein annan stad i desse dikta – og likevel er dikta så sterkt knytt til det heimlege, til staden, familien, at dei aldri blir skikkeleg uheimlege.  

 

Sindre Ekrheim, f. 1967, er poet, bokmeldar og redaktør for Krabben