TIDSSKRIFT FOR POESIKRITIKK

9. desember 2021

Gjennom nålauga til Orknøyane

Orknøypoeten George Mackay Brown (1921-1996) ville ha fylt 100 år 17. oktober i år. I forfattarskapen til denne nestoren blant skotske diktarar finst det mange likskapar med bøker av vestnorske forfattarkollegaer. Det gjeld først og fremst dikt eller forteljingar som handlar om familiar – og om fiskarbonden – som livberga seg av den grøda som karrige småbruk ute ved kysten var villige til å gi saman med fisken dei klarte å tvinga opp frå det lunefulle havet.

BOKESSAY

AV JOSTEIN SÆBØE

George Mackay Brown var fødd 17. oktober 1921 i Stromness (Straumrnes, neset i straumen, i seinnorrøn tid) den neststørste byen på Mainland, Orknøyane etter hovudstaden Kirkwall (Kyrkjevåg, av norrønt Kirkjuvágr). Foreldra var skreddaren og postmannen John Brown og mora var den gaelisktalande Mhairi Mackay. Barneflokken talde seks. I diktet «Hamnavoe» (Hamnevåg, av Hafnarvágr, som Stromness vart kalla i vikingetida) skildrar Mackay Brown då han som gutunge var med faren på postmannsrunden i Stromness, eit dikt som gir eit fascinerande bilete av byen og forholdet mellom far og son:

Far gjekk forbi med sine femøres brev

gjennom smau som opna og lukka seg som i eventyret,

når lufta skreik av måse

og dagen braut mot trappene

 

med salt og tjøre i Hamnavoe (…)

 

Frå samlinga Loaves and Fishes, 1959.

Fattigdommen i barndomsheimen var depressiv og sette nok sitt varige merke i sinnet til unge George. Han var plaga av tuberkulose frå ung alder og sleit med sjukdommen resten av livet. Han fekk tidleg sterk interesse for litteratur og ikkje minst historie. I yngre år verka han òg som journalist og fekk mange artiklar på prent i lokalavisa The Orkney Herald. Først som trettiåring fekk han, på grunn av sjukdommen, høve til å konsentrera seg om akademiske studiar ved Newbattle College utanfor Edinburgh. Det var her han møtte Edwin Muir frå Orknøyane, som var rektor på lærestaden. Muir oppdaga talentet hans og oppmuntra han til skriving, noko Mackay Brown har sagt var heilt avgjerande for karrieren hans som poet. På slutten av femtitalet fullførde han studiane sine ved universitetet i Edinburgh med mastergrad på ei avhandling om diktaren Gerard Manley Hopkins. Etter studietida var han stort sett stadbunden til heimbyen Stromness, der han vigde all si tid til skriving av ei rekkje diktsamlingar, prosabøker, skodespel og essays, fram til han døydde i 1996.

I alt han skreiv, er det heimstaden Orknøyane som er det sentrale utgangspunktet. Mykje av den utviklinga som skjedde innan til dømes teknologi og kultur i det moderne samfunnet i samtida, og som også nådde fjerne Orknøyane, var Mackay Brown skeptisk til. Somme tider kan det vera nærliggjande å kritisera han for å vera bakstreversk, slik han peikar på norrøn mellomalder som sjølve gullalderen. Tydelegast kjem denne dyrkinga til uttrykk i større litterære verk, både historiske og religiøse, i både poesi og prosa. Likevel lyt vi hugsa at Mackay Browns kulturkonservatisme er ein stendig kamp for å ta vare på Orknøyane sin identitet og utsette særpreg i ei omskifteleg tid. Han visste kva som stod på spel.

Det verkar som om heile livsbakgrunnen hans, den gjennomgripande fattigdommen i barndommen og den tette samkjensla han kjende med det strevsame folket og den krevjande naturen på Orknøyane, vart grobotn for dei beste dikta, ei lang rekkje små historier som smyg seg like inn i hjartet til lesaren. Han kunne med få ord reise eit verdig monument over dei menneska han alltid sette høgast i diktinga si, fiskarbøndene:

Fiskarbonden

Nemninga fiskarbonde har tydelege nedslag i både skotsk og norsk samfunnssoge, kultur og litteratur. I Storbritannia er fenomenet særleg knytt til dei nordlegaste kyststrekningane i det skotske høglandet pluss øyane Shetland, Hebridene og Mackay Browns heimstad Orknøyane. Som kjent var Orknøyane norsk eigedom i tida frå 875 til 1472 og styrt av dei norske orknøy-jarlane. Gjennom over 500 år dominerte det gamle norrøne målet (norn). I dag kan alle stadnamna, bortsett frå namnet Orknøyane, sporast attende til det gamle norske språket. Hopehavet mellom Orknøyane og Noreg var overmåte sterkt. Det er òg eit faktum at Mackay Brown var opptatt av den norrøne arven som Orknøyane ber på, nordisk mellomalder var som nemnt noko han såg på som eit høgdepunkt i orknøyisk (eller orkadisk) historie. Fiskarbonden finn vi som ein kjerneperson i busetnaden på Orknøyane frå hundrevis av år attende og fram til nyare tid. Statistikk syner at det ennå i 2014 var 19422 fiskarbonde-bruk og 15388 fiskarbønder ved kysten av det skotske høglandet og øyane i nord, noko som utgjer 10% av befolkninga.

Her til lands var fenomenet fiskarbonde ein gong typisk for heile norskekysten  frå sør til nord, frå langt tilbake i tid slik tilfellet var på Orknøyane. Ifølgje statistikk frå 1875 dreiv 80% av alle i landet vårt som hadde fiske som hovudnæring, ei eller anna form for jordbruk i tillegg. Fram mot vår tid har talet på fiskarbønder på norskekysten minka sterkt. Dette har naturleg nok samanheng med opp- og nedgangen i fiskebestandane. I tillegg har den generelle økonomiske utviklinga i det norske velferdssamfunnet gjort at mange småe busetnader langs kysten vart fråflytta, og store grupper tidlegare fiskarbønder valde andre og mindre slitsame måtar å livberga seg på. Dei få som i dag kan kallast fiskarbønder, er det fleire av i nord enn i sør.

Kort fortalt, slik det òg går fram av namnet, var ein fiskarbonde ein huslyd (både mann og kone må reknast som fiskarbønder) som livnærte seg både av jordbruk og fiske. I skotsk/engelsk språkbruk vart han kalla crofter, av ordet croft i tydinga ein jordlapp inngjerda av torv og stein. Sjølv om ordet språkleg sett peikar mot jordbruksdelen av omgrepet «fiskarbonde», tyder det i realiteten ein kombinasjon mellom fiske og gardsdrift. I vårt land har nemninga fiskarbonde tydinga gardbrukar, småbrukar eller husmann som òg rodde fiske i nærområdet (heimefiske) eller årvisst drog på Lofotfiske. Opp gjennom åra har det vorte skrive talrike bøker av norske forfattarar som skildrar livet til fiskarar, ofte nettopp fiskarbøndene og huslyden deira. Tre sentrale forfattarar i så måte er Olav Duun, Gabriel Scott og Johan Bojer. Langs heile norskekysten frå sør til nord er det rikeleg med døme på slik litteratur. Det er heller ikkje rart med tanke på den tette naboskapen til havet og dei livsviktige matressursane som vart henta opp derifrå. Diktarar fann inspirasjon i forteljingane om dei smålåtne og strevsame fiskarbøndene på den lange kyststrekninga, slik Mackay Brown gjorde det på vesle Orknøyane. Han står fram som ein av nokså få utøvarar i ein slik litterær samanheng på heimstaden sin til skilnad frå dei mange som dyrka slike motiv i bøkene sine her til lands.

 

Dokumentarisk lyrikk

George Mackay Brown utvikla ein heilt særeigen stiltone og ei litterær form etter debuten med diktsamlinga The Storm (1954) og i åra framover. I førstninga er han klårt påverka av læremeisteren (og universitetslæraren), poeten Edwin Muir. I tillegg har fleire peika på at William Butler Yeats og Dylan Thomas har vore med og farga strofene til den unge Mackay Brown. Eric Linklater, ein annan forfattar med slektsrøter på Orknøyane, kallar strofene hans «processional», dvs. at han studerer og skildrar ei rekkje eller ein serie karakterar i mange av dikta. Ikkje langt unna denne karakteristikken er «documentary lyrics», som er merkelappen poeten og kritikaren Douglas Dunn sette på Mackay Browns poetiske prosjekt. Uansett er det episke elementet i svært mange av dikta til Mackay Brown typisk, og fleire dikt er faktisk livshistorier i miniformat der teksten tematiserer menneskets korte livsløp:

 

Sju trådar er det i liksveipet,

den kvite tråden,

ein grøn korntråd,

ein blå fisketråd,

eit raudt sting, for kjæte, villskap og vreide,

ein grå tråd

(vinteren gjennom grip sviktande hand om rokk)

den svarte tråden

og ein tråd altfor lys for auga.

 

«Liksveip», 1971.

Også religiøse tema har ein sentral plass i mange av dikta til poeten og katolikken Mackay Brown, og fleire dikt har òg innslag av mystisisme og det magiske sjutalet:

Santa Lucia, sjå

sju lyse lauv på vintertreet

Sju diamantar skin

i den djupaste, mørkaste gruve

Sju fiskar sym, ein skinande stim

under isen på Nordpolen

Kjære Santa Lucia, ver snill

mot oss fattige, vinterfrosne, blinde.

 

 «Lystenning midtvinters», 1983.

Mange kritikarar og andre lesarar har vorte slått av den finslepne, ofte minimalistiske og tilbakehaldne uttrykksmåten i desse dikta. Mykje tyder på at poeten òg er inspirert av sagalitteraturen og eldre skotske balladar. Han kombinerer ein lakonisk norrøn stil med gravalvorleg norrøn humor, er det sagt om det poetiske uttrykket som han meisla ut. Sluttlinjene i diktet «A Work for Poets» (1996), som for øvrig vart hans eiga gravskrift, dokumenterer djup livsfilosofi og suverent poetisk handverk: «Carve the runes / Then be content with silence.»

Men Mackay Brown var ikkje einsidig opptatt av lagnaden til berre fiskarbonden i dette vesle men mangslungne samfunnet. Han hadde støtt eit kjærleg blikk på dei som sleit med å overleva lengst nede på samfunnsstigen.  Han skriv om strandslusken (the beachcomber), landstrykarar, romfolket, kjeleflikkarar, omreisande felespelarar og andre som meir eller mindre levde på utsida av det gjengse samfunnsmønsteret:

Måndag fann eg ein støvel-

rust og salt lêr.

Sjøen fekk han attende, til å danse i.

 

Tysdag ein tømmerstokk verd tretti spenn.

Neste vinter

blir han stol, likkiste, seng.

 

Frå «Strandslusk», 1971.

Men han skriv òg om jenter og gutar, born, eldre kvinner, dyrelivet, hus og båtar, vegetasjonen, vêret og årstidene. Diktinga hans omfamnar stort og smått på den vêrharde utposten på dei britiske øyane, den nære grannen til det mektige Atlanterhavet.

Ettermælet til denne særeigne poeten frå Orknøyane er omgitt av ein særleg nimbus i heile Storbritannia og lenger ute. Allereie mens han sat heime i Stromness og skreiv, kom fleire verdskjende forfattarar på vitjing til Orknøyane for å treffa han, til dømes den amerikanske lyrikaren Robert Lowell i 1969. Sjølv var han lite reiselysten, noko som truleg òg skuldast den svake helsa hans. I dag er det mange som held han som ein av dei aller fremste og viktigaste diktarane frå dei skotske områda og elles i Storbritannia. Ein stor beundrar av poeten i Stromness var nobelprisvinnaren Seamus Heaney, som møtte orkneypoeten i 1968. Den verdskjende iren karakteriserte Mackay Browns poetiske handverk slik: «He transforms everything by passing it through the eye of the needle of Orkney». Den profilerte engelske komponisten Sir Peter Maxwell Davies vart kjend med Mackay Brown etter å ha budd på Orknøyane nokre år, og dei to vart svært nære vener. Sir Peter har mellom anna tonesett diktet «Voggevise for Lucy», som knyter seg til grenda Rackwick på øya Hoy, eit nesten magisk/realistisk landskap som dukkar opp i mange Mackay Brown-tekster:

Lat alle dalens vekstar og vesen

samlast no,

og be det nye

barnet om å vere med på festen.

 

Rogn og lam og vatn salt og søtt

be det nye

barnet med i den fløymande

dansen i dalen,

ein lovnad og eit løfte.

Einsame var dei lenge, alle i Rackwick, før

Lucy kom til dei, med klårleik og lys.

 

«Voggevise for Lucy», 1997.

Sir Peter Maxwell Davies og George Mackay Brown var aktive i stiftinga av den internasjonale kunstfestivalen St. Magnus Festival i Kirkwall i 1977, som den dag i dag trekkjer til seg kjende artistar frå heile verda. Mange norske kunstnarar har gjennom åra vore inviterte til å delta i festivalen, det fortel litt om det kulturelle hopehavet mellom Orknøyane og Noreg. Ikkje minst gjeld det innan musikken, fleire gonger har det vore Grieg-program på festivallista, og i 1998 deltok Oslo Filharmoniske Orkester. Norsk folkemusikk har òg vore rikeleg representert. I 1993 deltok lyrikaren Knut Ødegård som første utanlandske festivalpoeten, han var i mange år ein nær ven av Mackay Brown.

Kvifor bør vi så minnast hundreåringen også her til lands? Eg har alt nemnt det svært tette hopehavet mellom Orknøyane og Noreg, som har djupe røter hundrevis av år attende i historia. Eit hopehav som George Mackay Brown visste å verdsetja gjennom svært mykje av det han skreiv. Orknøyjarlen Magnus Erlendsson (1080-1115) som vart heilagkåra etter å ha lide martyrdøden, var til dømes eit stort førebilete for poeten. Jarlen gav namn både til romanen Magnus (1973) av Mackay Brown og til den mektige St Magnus-katedralen i Kirkwall (påbegynt i 1137). Katedralen har store likskapstrekk med Nidarosdomen, og vert gjerne arkitektonisk sett rekna som eit «norsk» byggverk.

Nordmenn som les George Mackay Browns dikt om det beinharde dagleglivet til the crofters, vil måtta innsjå at slik var livsvilkåra også for mange huslydar som levde langs norskekysten i farne tider. I så måte speglar kystfolket i dei to landa, norske fiskarbønder og orknøyiske crofters, kvarandre.


Alle norske diktsitata i essayet er gjendiktingar gjort av Jostein Sæbøe i boka For øyane syng eg, Nordsjøforlaget, 2015, eit utval av George Mackay Browns dikt.

Litteratur:

Liv Kjørsvik Schei og Gunnie Moberg: The Orkney Story (B.T. Batsford Ltd, 1985)

Liv Kjørsvik Schei: Orknøyene. Historien om øyriket vest i havet  (Grøndahl & Søn Forlag AS, 1985)

George Mackay Brown: An Orkney Tapestry (Quartet Books, 1973)

Wikipedia (George Mackay Brown)

Jostein Sæbøe: For øyane syng eg (Nordsjøforlaget, 2015)