TIDSSKRIFT FOR POESIKRITIKK

19. utgåve     |     17. februar 2022

Eit utstrekt landskap

Dikta til Rune Christiansen i Jeg går i sorg spenner alle sansane, lukt, lyd, syn, smak, berøring – og dei ulike sansesektorane samlar seg i tekstane, i den skrivande handa. Likefullt er ikkje tekstane avrunda og ferdige, men lydhøyre og lyttande.

DIKT

Rune Christiansen

Jeg går i sorg

66 s.

Oktober forlag 2022

 

AV SINDRE EKRHEIM

Dikttekstane i Jeg går i sorg av Rune Christiansen er elegisk lasta med den synlege verda, med visuelle attgjevingar, med lydar, med talte ord – med vide landskap og vind. Midt i denne verda, og som dikta krinsar rundt, står mora. Mora lid av demens, ein sjukdom kjenneteikna av eit gradvis svekt verdsforhold. Tapet av verda meldar seg som problem med tid- og stadfesting, omgivnadane og nære personar let seg ikkje kjenne att, språket verkar ikkje referere til, eller finne feste i, den synlege, ytre notidsverda. Fortvilande, opprivande og trist.

Kanskje forsterkar moras gløymsle det lyriske egets vilje til å betone minne og halde fast det akutte nærværet – like mykje som desse tekstane strekar under tap, fråvær og forsvinning. Her kan det handle om det lyriske egets eigne minne, om moras minne, eller minne av mora når ho for lenge sidan (i 1985) vert påmint noko, eller diktet kan gi eit kjapt riss av notidssituasjonar, brokkar av samtalar sonen har med si demente mor:

Noe i likhet med en venn

 

Hun er ikke lenger rede eller i stand til å betro seg til

andre mennesker. Men så sier hun: Jeg liker å ha

besøk av deg, bare ikke for lenge av gangen. Du kan

gå nå, sier hun, men du må gjerne snu i døren og

komme tilbake.

 

s.24

Når eget presist memorerer spor av lesnad, hugsar filmar og filmtitlar, oppdagar eit Edit Södergran-sitat skribla på ein kvittering frå 1984 frå Rönnells antikvariat på Birger Jarlsgatan i Stockholm, eller freistar framkalle mors tapte verd ved å vise mora fotografi, så ber dikta også med seg eit medvit om at verda der desse minna oppstod, også er forsvunne, tapt, no dels uforståeleg – også for det lyriske eget. Og tapet skjer heile tida: «Edith Södergran i en verden som forsvant og mor i en / verden som forsvant, og diktene jeg skriver, også de fra en verden som går tapt. Au, ubergripelige epoke.»

I ein tekst av Rainer Maria Rilke som handlar om lyd, brukar han uttrykket «sansanes femfingra hand». Eg synest dikta til Christiansen spennar alle sansane, lukt, lyd, syn, smak, berøring – og at dei ulike sansesektorane samlar seg i tekstane, i den skrivande handa. Likefullt opplever eg ikkje tekstane som avrunda og ferdige, men som lydhøyre og lyttande:

 

Hør, eplene gir fra seg små knepp

i morgensolen, et ekorn

rister av seg pollenstøv

og en tusjpenn tørker

under en barneseng.

 

(Frå diktet «Musikk igjen», s. 9)

Dikta er ofte så forsiktige at dei balanserer, om det går an å uttrykke det slik, på grensa mot å vere skrivne, noko dei store kvite felta strekar under. Jamvel om forma objektivt sett er opprivande – notatliknande, fragmentarisk, nokre tekstar er sett opp som prosa, andre som ein-, to- eller trelina dikt, og med sterke, men lite larmande bilete – er det som om brotflatene samstundes vert balanserte mot noko anna. Det sterke nærværet, kan hende. Eller at poeten følgjer opp sin eigen instruks: «Jeg gav meg selv en instruks – / om jeg noen gang skulle skrive dikt igjen / skulle de være av enkleste sort, / for eksempel: // Da er jo dagene så trøstesløse.»

Fleire dikt i Jeg går i sorg peikar attende til midten av 1980-talet, rundt det tidspunktet Rune Christiansen debuterte med lyrikksamlinga Hvor toget forlater havet (1986). Det kan vere tilfeldig at debutsamlinga og årets bok er forsynt med motto av forfattaren Lars Lindkvist. Men ein finn spor, biletrestar, motiv, minningar, noko som liknar, konvergerer i desse to samlingane: Hesten, samtalane med mor. Der «vannet smaker korn, søtpoteter» i debutsamlinga, smaker no «Vannet i vannglasset (..) jord» i Jeg går i Sorg. I diktet «Sommer» frå samlinga frå 1986 høyrer me om «Skjorten på gulvet, kjolen over stolryggen», men no kan ein finne liner som «Kjolen, ikke over en stolrygg, i et palass». Teikn konvergerer, skil lag og forgreinar seg.

Ser ein på dei to opningsdikta, «En hammer av tårer» i Hvor toget forlater havet (1986) og «Uferdig selvportrett» frå årets bok, så er dei, trass i at dei er veldig ulike, som skrivne oppå kvarandre. «Se på hammeren, i den hviler / en hel verden // Se på håndens orkaner / og havet som stanser» heiter det i opningsdiktet i debutboka. Handa er der også i «Uferdig selvportrett»: «hun gir meg / en nøkkel, men det finnes / ingen nøkkel, bare hånden utstrakt». Det er nesten som «Uferdig selvportrett» skildrar eit dikt eller demonstrerer korleis diktet fungerer. Der det ser ut som om diktet kommuniserer noko bestemt og har ei tydeleg retning, leiar det oss til eit fråvær, til ein negasjon, eit omriss av noko som ikkje er der, «ingen nøkkel». Nøkkelen er ved å ikkje vere. Det som er der, er den fysiske gesten (rett nok i form av ein språkleg representasjon). Handmotivet kjem forresten att seinare: «Når jeg åpner hånden / skjer ingenting, når jeg lukker hånden / holder jeg.»

Ja, kanskje finst det her eit kryssingspunkt mellom moras utstrekte handflate, sansanes femfingra hand, og det eg oppfattar som grunnlandskapet i Jeg går i sorg, eit landskap som også er til stades i tittelen på debutsamlinga, havet, der strandsona markerer grensa; landskapet som strekkjer seg utover og opnar for det moglege. Landskapet er både ein nøkkel og ikkje ein nøkkel, slik dikta frå 1986 er det for Jeg går i sorg. Det er som om dikt (poesien) og mor glir over i, og står for, kvarandre i denne boka. Ein stad står det også at «Mor snakker / som de gamle poetene. Hun snakker som Char.» Det som gjer poesien mogleg, er at språket kan losne frå verda, nett som hos den demente.

Ordet «portrett» går att i fleire dikttitlar. Eit portrett er ein representasjon som skal likne den portretterte. Men eit eg som strevar med minnet, er eit eg som ikkje liknar seg sjølv og difor er vanskeleg å representere: «For eksempel kan en strandstrekning / der dammene med saltvann motsetter seg å fryse til is / like gjerne være et portrett av mor.»