TIDSSKRIFT FOR POESIKRITIKK

114. utgåve     |    6. juni 2024    |     BOKMELDING

Ein brukt akustisk gitar forvandla til ei blå bok

Det er ikkje så lett å setja ord på kva det er som er songpoeten Lars Saabye Christensens særpreg, men det er lett å kjenna att. Det har noko med måten å bruka språklege bilete på, og det har med frasering og rytme å gjera, den underlege blandinga av inderlegheit og det ironiske, skeive smilet iblanda blues og surrealisme, Beatles og engelske nonsensvers.

DIKT/SONGAR

Blues for en av de dagene. Saabyes sanger

Lars Saabye Christensen

295 s.

Cappelen Damm, 2024

LYTT TIL BOKMELDINGA
Trykk på pila

AV HELGE TORVUND

Ei av dei mest velbrukte bøkene i bokhylla mi inneheld 140 sider med noter til blueslåtar som i si tid kom ut på Chess eller Checker Records. Blant låtskrivarane er det mange kjente namn som Muddy Waters, Chuck Berry, Sonny Boy Williamson og John Lee Hooker.

Men det som er mest oppsiktsvekkande, er at nesten femti av desse låtane er laga av Willie Dixon. Willie Dixon var i Oslo saman med noko som heitte «The American Folk Blues Festival» og spela på Club 7 som då heldt til på ein stad som heitte Kongen. Tilfelle ville det slik at eg nett då hadde kome til Oslo på haiketur. Eg fekk billett til konserten og vart sitjande ved sida av ein legendarisk bluesmann frå Jæren, Peder Borsheim, som spela i The Nurk Twins. Då musikarane stilte seg opp på scenen stod Willie Dixon i midten, med stor kropp og ein svær kontrabass og mikrofon. Han slo an nokre introduserande tonar og noko nesten magisk skjedde. Etter bare få basstonar spreidde det seg blant publikum i heile lokalet ei swingande rørsle og ein felles beat på ein måte eg aldri hadde opplevd i ein konsertsal før. Eg fekk gåsehud og hjartebank og kan framleis kjenna det når eg tenkjer tilbake på den konserten.

Ein søndag morgon i 1997 står Lars Saabye Christensen saman med bandet Norsk Utflukt i Backpocket Studio i New York. Dei skal spela inn albumet Diger og gul og ventar på ein gjeng som skal kora dei, mellom anna på låten Skredderen kommer snart. Det er ikkje kven som helst dei ventar på, men The Persuasions. Dette er godt vaksne herrar som har kora både Elvis og Frank Zappa. Og dei kjem, høflege og velkledde. Men dei vil vita kva songen handlar om. Dei vil ikkje syngja kva som helst. Saabye omset tittelen «The tailor’s coming soon». Kven er skreddaren? spør dei. Det er døden, er svaret. Ok, då er det greitt. Men dei vert forundra då Saabye byrjar lesa på sin rolege, neddempa måte, for dei hadde venta seg ein berømt, rask europeisk rappar. Slik Saabye les får dei tid til å ta seg ein tur i kyrkja før refrenget kjem, som Saabye sjølv formulerer det. Og det ender med at dei gir han kallenamnet Lazy Lars.

Dette kan kanskje verka som ein litt lang omveg til det denne meldinga skal handla om, men det er tvert imot ein snarveg rett inn i kjernen i det stoffet denne boka er laga av.

Då han fylte fjorten år, fekk Lazy Lars ein brukt akustisk gitar. Han lærte seg nokre grep og byrja snart å laga eigne songar og skriva sine eigne tekstar. Og sjølv om han etter kvart vart meir kjent for sine mange medrivande og omfangsrike romanar, har han aldri slutta å skriva songtekstar. Vemodet, tårene i regn, feilstega og dei blå stemningsnyansane i så mykje av det denne forfattaren har skrive, spring ut frå ei kjelde av blues, rock og popmusikk som har vore ei gåve verda gav han medan trongen til å skriva tok form, og han har aldri gløymt det, aldri sett ned på det, aldri undervurdert denne forma for kulturell ytring.

 Den nye boka heiter Blues for en av de dagene, og i den har Lars Saabye Christensen samla svært mange av dei tekstane han har laga som har vorte framførte på konsertscenar og hamna på album der musikarar og vokalistar er med på å framføra dei. Eit par linjer frå tittelteksten, Blues for en av de dagene, frå albumet Med lyset på som Norsk Utflukt gav ut i 1992, slår an ein grunntone som alle som har høyrt Saabye lesa opp, vil oppleva som så gjenkjenneleg at ein er freista til å kalla denne for ikonisk.

Og stjernene driver gjennom lufta


som støvet fra gamle flaxlodd

Denne måten å setja saman verdsrommet og det heilt konkrete bilete av støvfnugg frå eit lodd som nok heller ikkje denne gongen gav nokon gevinst, skapar rom, ladning og lagnad i tekstane.

I tid spennar boka frå 1992 til 2023, og spennet er stort også når det gjeld det musikalske uttrykket desse tekstane har fått på dei ulike albuma, frå skranglande garasjeblues til eksperimentell jazz, frå Jonas Fjeld til Bergen filharmoniorkester, Vamp, Kåre Virud Band og Maj Britt Andersen. Boka har undertittelen «Saabyes sanger», men mange av desse tekstane resiterer Lars Saabye Christensen sjølv, ofte saman med musikarane i Norsk Utflukt: «Jeg er en løgner, jeg sier det som det er».

Det er ikkje så lett å setja ord på kva det er som er denne songpoetens særpreg, men det er lett å kjenna att. Det har noko med måten å bruka språklege bilete på, og det har med frasering og rytme å gjera, den underlege blandinga av inderlegheit og det ironiske, skeive smilet iblanda blues og surrealisme, Beatles og engelske nonsensvers. På same måten som Arild Nyquist og Jan Erik Vold har Saabye funne fram til og perfeksjonert si opplesingsrøyst og halde fast ved denne. Den har vorte eit varemerke og eit kvalitetsstempel.

Saabye er òg ein ordspelmeistar, og ordspel står jo ikkje like høgt i kurs hjå alle lesarar og lyttarar, men hjå Saabye finn ein desse i ein sterk legering med rimet og rytmen, og ikkje minst med ei alvorleg vriding av tydinga av orda, slik at eit gammalt ordtak brått kan bli eit kvelartak, vranga kjem fram og viser at foret er slitt bak fasaden, glimtet i auga vert glimtet i eit knivblad, liv blir til minne og uteliv ender med at nokon sit inne.

jeg pleier å sette meg ned to ganger i året

for å finne ut hvor jeg står

stirre litt i veggene som en gang var våre

og rense kammen for hår

noen sier du alltid veit hva du har

og du aner ikke hva du får

jeg synes jeg hører noen komme opp trappa

men det er bare tida som går

Det innhaldsrike forordet, som har tittelen «For ord & sang», fortel mellom anna historia om korleis det heile byrja. Etter kvart som romanskrivinga tok meir og meir tid og rom i hans forfattarskap, kunne Saabye, som andre har gjort før han, lagt diktet bak seg, og konsentrert seg om prosaen. Men nei. Det var ikkje mogleg. I forordet skriv han om kor avgjerande musikken han lytta til som ung, kunne vera: «den ene låten som kunne definere, løfte og merke oss, og ikke minst kunne fange, eller være i forkant av, det store gjenferdet, spøkelset som ler bak vår rygg, nemlig tidsånden.» Mange artistar og band vert nemnde, som The Rolling Stones og The Doors med Jim Morrison. Sistnemnde som «drømmer om å bli Robert Johnson og Arthur Rimbaud i én og samme person». Så understreker han at ein i denne samanhengen ikkje må gløyma bluesen. Bluesen var der heile tida, som premiss og leverandør. Saabye skriv: «Blues var ikke den ville, autentiske musikken (…) Blues var disiplin. Blues var sofistikert. Blues var nypussede sko og lang erfaring. Blues var mørk dress, dannelse og smerte. Fellesnevneren her er imidlertid Willie Dixon, en av nittenhundretallets store sangskrivere, som den hvite rocken ikke kunne vært foruten. Blues var ikke bare en musikalsk bevegelse, den var også en poetisk genre, som befant seg milevis utenfor det tradisjonelle litterære kretsløp, mer i slekt med de europeiske surrealistene enn Walt Whitman.»

I tillegg til dette finn ein òg uvanleg nok eit slags personleg manifest i forordet: «Jeg har innsett at alt jeg siden skrev lå som en appell i Eleanor Rigbys refreng, som er et undrende, humanistisk spørsmål, og derfor også en motstand formulert som en alminnelig og majestetisk klage: All the lonely people / where do they all come from / all the lonely people / where do they all belong.

 Og når ein les strofer som dei følgjande, får ein eit godt døme på kor vellykka Saabye si samansmelting av desse elementa kan vera:

Du skal ikke snu alle steiner

Du skal la dem være i fred

Kanskje ligger det noe under

som du ikke har noe med

Teksten, som står heilt sist i den nye boka, sluttar med følgjande vers:

For når du har snudd alle steiner
Da er det for sent å snu
Og under den siste steinen
ligger ingen andre enn du

HELGE TORVUND er poet. Han har arbeidd som psykolog og som hovudmeldar av lyrikk i Dagbladet. Torvund har i ei årrekke vore lærar ved den digitale skriveverkstaden Diktkammeret.no. I tillegg til diktsamlingar har han publisert barnebøker, sakprosa, songtekstar og gjendiktingar. 

Start video