TIDSSKRIFT FOR POESIKRITIKK

35. utgåve     |     16. juni 2022     |     BOKMELDING

Eg prøver å trøysta deg men ord er ikkje svaret

Det finst oftast klåre element frå ein gjenkjenneleg sosial sivilisasjon som er ein god inngangsport for lesaren, slik at ein trygt vågar seg inn i dikta til Louise Glück i Vinteroppskrifter fra kollektivet så lenge ein kan halda seg fast i ein kjent røyndom. Men så glir dette unna, for dikta er ikkje bare av denne verda, dei er frå ei anna tid og dei kjem like mykje frå ei verd av draumar og arkaiske symbol, og dei har underlege instruksjonar til noko i oss som me knapt kjenner.

DIKT

Louise Glück

Vinteroppskrifter fra kollektivet

Gjendikta av Ingvild Burkey

52 s.

Oktober forlag 2022

AV HELGE TORVUND

Det er noko underleg ved desse nye dikta til nobelprisvinnaren Louise Glück. Dei snakkar tilsynelatande så direkte og enkelt til lesaren, men snart har dei teke oss med til stadar me ikkje hadde venta å hamna, og plassar der me ikkje heilt veit kor vegen går vidare. Jo meir eg har lese i boka, jo meir mangfaldige og rike opplever eg at dikta blir. Dei endrar seg og opnar seg. Glück startar det heile med eit dikt som byrjar nesten som ei eventyrforteljing:

Dag og natt kommer

hånd i hånd som en gutt og en jente

stanser bare for å spise ville bær fra en skål

malt med bilder av fugler.

Eg seier nesten som eit eventyr, fordi formuleringa i den første linja fortel ei anna soge, men guten og jenta, dei ville bæra og skåla er så konkret og sanseleg skildra her, at ein gløymer at det er dagen og natta som kjem hand i hand, at det er lyset og mørkret og tida som kjem.

Samlinga byrjar og slutter med biletet av skåler. Og i desse fire opningslinjene er skåla med dei malte fuglane på, eit bilete på sivilisasjonens skaparkraft, i nær kontakt med naturen: leira skåla er laga av, dei ville bæra som ligg oppi, og så dette forunderlege og fascinerande biletet av ein gut og ei jente som samstundes er natta og dagen, og som et av naturens gåver frå sivilisasjonens skål.  

Opningsdiktet held fram: «De klyver opp på det høye, isdekte fjellet/så flyr de bort.»

Og litt seinare i dette diktet kjem nokre linjer som ein etter mange gjennomlesingar av denne boka, kan kjenna vert som ein essens av heile diktsamlinga sitt innhald og forsøk:

 

jeg forsøker å trøste deg
men ord er ikke svaret:
jeg synger for deg slik mor sang for meg –

 

Det finst òg andre dikt som heilt tydeleg slår an ein eventyrforteljande tone:

Lei av det landlige livet vender kongen og dronningen

tilbake til byen, med alle de små prinsessene

skumpende bak i bilen

 

– og noko av det eventyrlege for oss som les, er jo at me ikkje aner kvar dette vil føra oss. Kva vil skje med prinsessene? Eventyrstemninga er alt kopla saman med nåtidas bilsete, og diktet held fram slik:

 

…, de synger sangen om å være til:
Jeg er, du er, han, hun, det er –

Poeten har fortalt at fleire av dikta i samlinga byrja som draumar. Det gjeld det avsluttande diktet «Sang» der den fiktive Leo Cruz lagar vakre porselensskåler, og det gjeld titteldiktet «Vinteroppskrifter fra kollektivet». Draumeopplevingar glir saumlaust over i realistiske skildringar, replikkvekslingar og innsikter. Og dette skapar den særskilte tonen i boka.  

Gjendiktinga til Ingvild Burkey fungerer gjennomgåande godt. Bare av og til stusser eg på at ho vel litt gammalmodige ord som ‘skjønnsomt’ og ‘foretagendet’.  

Noko av det forunderlege og til tider magiske ved desse dikta, er at dei, som Louise Glück sjølv har sagt, er linjer i drift, dei er på veg og endrar seg. Det finst oftast klåre element frå ein gjenkjenneleg sosial sivilisasjon som er ein god inngangsport for lesaren, slik at ein trygt vågar seg inn i dikta så lenge ein kan halda seg fast i ein kjent røyndom. Men så glir dette unna, for dikta er ikkje bare av denne verda, dei er frå ei anna tid og dei kjem like mykje frå ei verd av draumar og arkaiske symbol, og dei har underlege instruksjonar til noko i oss som me knapt kjenner. Dikta kan gje oss ei uro og ei kjensle av å ikkje vera heilt avrunda og ferdige, dei etterlet oss med ei rastløyse utan å gje oss fred og forsoning. Louise Glück har forklart seg om poetikken bak dette: «Eg blir sjølv tiltrekt av det uferdige, trekt mot setningar som nøler og famlar. Eg misliker dikt som verkar altfor komplette, eg misliker å verta gjeta fram til sikkerheit. Og eg har oppsøkt og beundra (og prøvd å skriva) dikt der spørsmåla er fleire enn svara.» Og denne siste samlinga viser oss at ho har vorte ein meister i nett dette. Eg brukte tid på å finna min veg inn i og gjennom ein del av desse dikta, men gleda vart desto større, jo meir eg las og lèt dikta arbeida i meg. Og eg smilte forståande og nikkande då eg kom til desse linjene:

 

Gledesfylt – se det er et ord

vi ikke har brukt på en stund.

 

Dikta er fulle av små situasjonsskildringar som veks utover seg sjølv og famnar om noko viktig, men ufatteleg. Som desse linjene frå diktet «En endeløs fortelling»:

 

Sidemannen min hadde trukket seg inn i seg selv.

Det fantes, følte jeg, noe mellom oss,

ikke noe så avgjørende som et spebarn,

men ikke desto mindre virkelig –

 

Det er heller ikkje slik at det er ein tydeleg progresjon og samanheng i samlinga. Oftare får ein ei kjensle av å stadig byrja heilt på nytt. Og det kjennest mest som ei lette. Me vert ikkje «gjeta fram til ei visse», me vert tekne lenger og lenger ut i det som spør i oss, det som lengtar. Som det står i diktet «Fornektelsen av døden»:

 

Du har lagt ut på din egen reise,
ikke inn i verden, som din venn, men innover i deg selv og minnene dine.
Etter hvert som de faller bort, vil du kanskje oppnå
den misunnelsesverdige tomheten alle ting
strømmer inn i, lik den tomme koppen i Daodejing –

 

Ein kan lesa mange av desse dikta inn i ei ramme av poetens biografi, men dei fungerer eigentleg mykje betre når ein ikkje gjer det. Når dei står opne og dirrande med si famling og sine spørsmål til alle. Og med eit håp. Som det står i ei linje: «Noen av dere vil forstå hva jeg mener.»

Eit godt døme på at ein biografisk lesemåte for så vidt er muleg, men ikkje naudsynt, er diktet «Et minne» som dukkar opp mot slutten samlinga. Der skriv Glück om at ho vart ramma av sjukdom, og sidan det er kjent at ho ein periode leid av anoreksi, vil ein kunna lesa diktet som om det handlar om dette. Men ein kan fint gje slepp på den referansen, og diktet vil opna seg for mange tolkingar, og det slutter på denne suverene måten:

Og jeg syntes jeg husket dette stedet

fra barndommen, selv om

det ikke fantes noen elv i barndommen min,

bare hus og plener, så kanskje

var jeg tilbake til tiden

før barndommen. Til glemselen, kanskje

det var den elven jeg husket.

 

HELGE TORVUND er poet. Han har arbeidd som psykolog og som hovudmeldar av lyrikk i Dagbladet. Torvund har i ei årrekke vore lærar ved den digitale skriveverkstaden Diktkammeret.no. I tillegg til diktsamlingar har han publisert barnebøker, sakprosa, songtekstar og gjendiktingar.