TIDSSKRIFT FOR POESIKRITIKK

28. utgåve     |     28. april 2022     |     BOKMELDING

«Eg let deg ikkje leve stille»

Den italienske poeten Carlo Bordini skriv bevisst ufullkomne dikt fordi han meiner det får heilskapen til å fungere betre. Hans opus incertum dyrkar ein draumeaktig rasjonalitet og ein prosaisk stil.

DIKT

Carlo Bordini

Un vuoto d’aria (Eit tomrom av luft)

158 s.

Mondadori 2021

AV STEFANO MODEO

To år har gått sidan Carlo Bordinis død (1938–2020) – ein tilbaketrekt og opprørsk romersk poet, kultforfattar og sentral referanse for dei siste generasjonane av italienske poetar. Nyleg blei den posthume samlinga Un vuoto d’aria (Eit tomrom av luft) utgjeven på Mondadori (2021).[1] Eit tomrom av luft blei komponert i dei siste åra av livet hans og er redigert av Francesca Santucci. Om arbeidet til Bordini, for det meste samla i I costruttori di vulcani. Tutte le poesi 1975-2010 (Vulkanbyggjarane. Alle dikta 1975-2010), løftar Paolo Febbraro fram framveksten av ein «særleg draumeaktig rasjonalitet» og evna til å «komponere fragment i symfoniar». Og det er nett i lys av desse to karakteristikkane at me må byrje å lese det siste verket av Bordini, som er fullt innskriven i straumkvervlane i den poetiske forfattarskapen hans. Fragmentering og psykoanalyse ser faktisk ut til å vere konstante praksisar for å oppnå det han sjølv kalla for hypersanning, eller å nå – gjennom poesien – ei djupare sanning enn ein tenkjer eller trur å vite.

 

I denne boka har eg nokre gonger etterlate noko usamanhengande. Det er som om du har gjort ferdig eit hus og etterlate noko av stillaset. Kvifor? Eg veit ikkje. Stillaset, ufullkomenheita, får heilskapen til å fungere betre. Kanskje fordi det fjernar den patinaen av perfeksjon som aldri heilt lykkast … Den litt falske påstanden om perfeksjon. Trass alt har romansk kunst alltid noko (medvite) ufullkome … og kanskje er det groteske uunngåeleg i eit samfunn som vårt.

 

Dette er kva Bordini skriv i dei siste merknadane i samlinga, og erklærer det ufullkomnes estetikk, som blir realisert hovudsakleg i form av tekstane, som plutseleg byrjar, gjer fri bruk av teiknsetjing, vender meininga si på ei uforutsigbar måte eller sluttar uventa og etterlet ei kjensle av forskuving, avbryting, provisoriskheit eller prekæritet: «Eg kysste ei jente framfor Stillehavet / ho sa at havet var ein stor elskar / ein stor gud som elskar kvinner / Ho sa eg er ein slem engel / som ikkje må vere sjalu på havet. / vindauga på hotellet sendte ut eit merkeleg lys / ho var ei skjør jente / slik ein berre kan vere i katolske land / ho hadde ein feberaktig hjerne / me gjekk i parkar / i ein by med mange enger. / Eg trur dette diktet er betre utan eit siste punktum.» eller «kva tydar / den første natta i din komatøse søvn / ein dobbel retur / bitar av magi ikkje / rund og av sødme og / kor mykje  / vil vare, kva / tydar / din doble kurve».

I introduksjonen til boka nærmar Guido Mazzoni seg denne fragmenteringa som ein type anarkistisk tilnærming som kjem i direkte konfliktforhold med tradisjonen, med avvising av fedrane og litteraturen. Men ikkje berre det, for det er klårt at fragmenteringa også er innskriven i det tjuande hundreåret, i ei slags desorientering – eller kanskje betre –  ein poetisk, men framfor alt politisk isolasjon. Det er nødvendig å hugse at Bordini blei fødd inn i ein borgarleg familie med noble forfedre, av ein fascistisk far og av ei mor som han ikkje kjende seg elska av: «Det er klart at den første kvinna som drap meg er mor mi. / Det er ho som lærte meg å tru at hennar lidingar / var / min feil. / Og det er problemet. Det var det. Eg må med glede akseptere / Dette øydelegg meg, / dette endelege målet om ingenting.». Sitt kjødelege opphav forråder Bordini ved å bli med i det trotskistiske revolusjonære kommunistpartiet og ved å leve politikken, på ein total måte, i omlag ti år av sitt liv, frå 1962 til 1970. Politikken er eit konstant tema hos Bordini som, ikkje uventa etter denne politiske erfaringa, skreiv romanen med tittelen Memorie di un rivoluzionario timido, Sosella 2016 (Ein sky revolusjonærs memoarar). I Eit tomrom av luft har politikken derimot med ein type resignasjon og desillusjon å gjere, ei smerte som han nesten føretrekkjer å teie om. Mot slutten av samlinga dukkar faktiske eit av dei mørkaste og bitraste dikta opp, «Eg har ikkje fleire idear» (Non ho più idee):

Eg har ikkje fleire idear

 

I lang tid har eg ikkje hatt fleire idear.

Eg er berre i stand til å sjå.

Ein gong hadde eg idear.

No har ting endra seg i ein slik grad at eg ikkje lenger kan tolke ideane frå den gong.

Eg kan berre sjå.

Og tenkje: Kanskje ligg problemet ein annan stad.

Men eg veit ikkje kor.

Men eg er overtydd om at problemet ligg ein annan stad.

For min del kan mexicanarane godt invadere USA.

Eg elskar ikkje USA. Dei er undertrykking og krig.

Men eg veit også at sivilisasjonen alltid har blomstra i skuggen av vald.

Venezia ville ikkje ha vore så vakkert viss ikkje venetianarane var barn av horer.

Også ein venn av meg (uruguayansk) som ein gong gjorde feilen å reise til Colombia via Miami,

fortalde meg at der på flypassen er dei ekle, men at dei verste er «latinos» som har blitt yankees.

Og da trur eg at problemet ligg ein annan stad.

Men eg veit ikkje kor.

Eller rettare, eg veit kor, det er klart, men eg er redd for å seie det.

 

Når det gjeld den psykoanalytiske tilnærminga, held Bordini fram i sjikta mot det umedvitne, førmedvitne og draumeliknande innhaldet. Sjølvet, det biografiske elementet, er staden han startar frå, utan å vite kor han endar, utan å kunne føreseie kva slags openberringar han vil møte. I diktsamlinga synast denne prosessen framfor alt i dikta skrivne til Myra Jada Toledo, ein peruansk poet og kona til Bordini. Kjærleiken er det som fullstendig kler nake og avslører, som avdekkjer patosen Bordini viser at han aldri fryktar eller er flau for. Kjærleiken er middelet til å nå den hypersanninga som er nemnt ovanfor og som svært ofte blir omsett til einsemd, det udugelege, kynisme men også lettheit og frigjering. Alt dette utgjer Eit tomrom av luft, eller denne kjensla av «lettheit og panikk», som Bordini, som introduserte boka, stadfesta medan han las nokre tekstar på nytt. Kjensla av at ein – i poesien – enda ein gong kjem til einigheit med seg sjølv og verda.

Å leve fredeleg

 

Eg let deg ikkje leve stille

Sjølv dei tinga eg burde forakte deg for er kjære for meg

og eg er for gamal til å finne ei anna

eg har glede av å hate deg

og eg har glede av å sei eg elskar deg, og å bedra deg er hemnen min,

og sanninga er at kanskje elskar eg deg fordi eg kan lyge for deg

utan problem og ha takksemda di

og om eg verkeleg elska deg, ville eg hate deg, ville eg finne ut at det er eit nesten

eg ikkje kan nå,

du ville være nesten perfekt og det kunne gjere at eg kjende meg som ein fiasko

eg elskar deg som ein elskar det vesle ein har og det er mykje

det daglege brød

og eg vil ikkje forårsake ein tragedie, ein annan,

 

ein feig kjærleik

sånn er det

og det er mykje søtt i dette,

mange usagde ting som me båe veit og let som me ikkje veit

[1] Samlinga har eksistert digitalt og blitt distribuert på e-post ei tid før ho blei trykt.

Stefano Modeo (f.1990, Taronto), bur og arbeider som lærar i Treviso. Debuterte med La terra del Rimoso (Angerens land) i 2018. Har publisert dikt i ulike tidsskift, til dømes Nuovi Argomenti, L’Ulisse og poesibloggen til Corriere della Sera. Han er representert i antologien Abitare la parola – Poeti nati negli anni ’90 (Å bu i ordet – poetar fødde på 90-talet). I tillegg er han en del av redaksjonen i tidsskriftet Atelier og i bloggtidsskriftet Universo poesia – Strisciarossa. Skriv litteraturkritikk for ulike tidsskrift.

Teksten og dikta er omsett frå italiensk av Sindre Ekrheim.