TIDSSKRIFT FOR POESIKRITIKK

101. utgåve     |    7. mars 2024    |     BOKMELDING

Det finst tillit

Det mangfaldige perspektivet i Rådyra sirkler rundt oss når vi sover vitnar om at diktaren alt har eit liv å hausta inntrykk frå. I ein del av dikta finst nokre forløysande og herleg spontane overraskingar.

DIKT

Hilde Tobro

Rådyra sirkler rundt oss når vi sover

51 s.

Solum Bokvennen 2024

LYTT TIL BOKMELDINGA
Trykk på pila

AV HELGE TORVUND

Opningsorda i diktet på baksida av Hilde Tobro si debutbok Rådyra sirkler rundt oss når vi sover appellerer straks og sterkt til meg:

«Å jo, det finns en tillit». Eg kjem til å tenkja på den svenske poeten Werner Aspenström som kalla eit av sine dikt «Hemlig tillit».

Tobro nemner i diktet som følgjer opningsorda, reiret, både det i slektstreet, som er eit flott og friskt bilete, og reiret i skogen, og ho avsluttar diktet med nynorskordet ‘heim’ som for å verkeleg understreka noko som kling trygt og heimsleg. Bare ved å sakte lesa gjennom dette eine diktet, som ein finn side 45, kan ein merka ein poets klo og omtanke for språket og verda. Eit nydeleg lite dikt med enkle bilete og overraskande grep.

Å jo, det finns en tillit – unektelig

reiret i slektstreet og skogen omfavner

med oldingens langsomhet, stjernene

i tyrivannet, vinden og blånene.

Jeg bærer kvist og bytter til sommerdyne

musvåken seiler på varmlufta

avdekker restene etter engledrakta

ellers teller vi svalene, katten og jeg

ser en plutselig snøvirvel rundt

kirsebærtreet, fjon og blomster

rundt vår rødmalte stue, vår heim.

Diktet som står først i samlinga er ramma inn på ein måte som får meg til å tenkja på den tida når den nyenkle diktinga dukka opp her i landet, i og med at diktet opnar og sluttar med å sitera vêrmeldinga i NRK-radio. Men observasjonar, menneskeleg nærleik og omsorg for dei levande vesena kring ein, utvidar og utdjupar diktet.

Debutsamlinga til Hilde Tobro får meg til å tru på hennar poetiske blikk og språklege talent, men samlinga har òg eit uttrykk av noko litt famlande her og der, i tydinga å føla seg fram. Nokre linjer kan verka underleg umotiverte, og ikkje alltid fungerer sprang og brot på ein måte som overtyder om at dei er resultat av det drivet som ligg i den intuitive energien, og då kan dei gje ei kjensle av å vera konstruerte. Og eg kan òg falle litt ut av stemninga når diktet vert for ordinært pratsamt: «Jeg skal ikke gå i detalj / hva kan jeg si».

Men her er først og fremst mange svært vakre og slåande bilete med konkrete sanselege detaljar. Sommarfuglar og snø, familiefortid og susande svaler er med på å skape nokre gjennomgåande tema som ikkje er for påtrengjande, men dukkar opp naturleg og:

trenger et par hender

for å komme til uttrykk.

Det skiftande og varierte og mangfaldige perspektivet vitnar om at diktaren alt har eit liv å hausta inntrykk frå. Her er nokre forløysande og herleg spontane overraskingar i ein del av dikta: «jeg hørte et navn, sprang opp og ropte ja!» og seinare i same diktet:

Jeg klarer å unngå deg heile veien, men

når jeg åpner den siste døra står du der

aldeles som utstoppa.

Aspenström avslutta det nemnde diktet «Hemlig tillit» med orda «Det finns en tillit väldigare än berg.» På sitt vis opplever eg at Hilde Tobro er inne på noko av det same når ho avsluttar eit dikt slik:

Vi kan stå lenge stille

som visse dyr kan vi stå

heilt i ro, se skyer og tog passere

et oppblomstrende ansikt

så fortsetter vi å gå. 

HELGE TORVUND er poet. Han har arbeidd som psykolog og som hovudmeldar av lyrikk i Dagbladet. Torvund har i ei årrekke vore lærar ved den digitale skriveverkstaden Diktkammeret.no. I tillegg til diktsamlingar har han publisert barnebøker, sakprosa, songtekstar og gjendiktingar. 

Start video