TIDSSKRIFT FOR POESIKRITIKK

55. utgåve     |    26. januar 2023     |    VEKAS BOKMELDING

Bring fram det som ikkje har vore før

Når ein står framfor den fleirfaldige forma og det fleirmediale til Mantra contra mantra, verkar det som om alt for Ivar Orvedal er eit potensielt partitur for ei verkeleggjering i ei anna form. Det er ikkje berre slik at teksten på papiret blir lyd, men lyd blir tekst, til skriftbilete, til taus tyding – og til bok som faldar seg ut lik kronblad. 

DIKT/KUNSTBOK/CD/PLAKAT

Ivar Orvedal

Mantra contra mantra

Upaginert

Solum Bokvennen 2022

LYTT TIL BOKMELDINGA

AV SINDRE EKRHEIM

Med merkelappen diktbok kan ein enkelt lyse opp ein heil samanheng. Den fleirmediale utgjevinga ein her møter, som inneheld både skrift og lyd og grafiske element, er ikkje innarbeidd i sjangerkonvensjonane på same vis. Mantra contra Mantra består av plakat, CD og bok. Kvar for seg kjenner me dei nok, men når dei interagerer som del av ein heilskap, eller peikar mot kvarandre, trengst ekstra kommentar. Boka er heller ikkje ei heilt vanleg bok, som me snart vil sjå. Om me kallar Mantra contra mantra ei kunstbok, i mangel av andre omgrep, krevst ei skildring av korleis verkets ulike delar er organisert, for her arbeidar visuelle, auditive og taktile eigenskapar ved verkobjektet saman.

Mantra contra mantra består, som alt nemnt, av plakat, CD og bok. Plakaten er falda om boka og utgjer eit slags smussbind. På plakaten finn ein radar med punkt eller sirklar, som kan sjå ut som tekstil- eller ulldottar ordna i eit gjentakande mønster. Dottane finn ein att som varierande grafiske element i boka.

Inni den samanfalda plakaten ligg ein CD med 14 vokal- og musikkspor.

Boka har ein spesiell fysisk detalj som får visse konsekvensar: Bokblokka har topp- og botnsnitt, men manglar framsnitt; blada i dette snittet er uspretta og altså berre bretta saman i fronten. Tekst er trykt på to sider av bretten, medan innsida av bretten er oransjefarga og utan tekst. Bretten gjer at to og to sider heng saman og ikkje kan opnast. Ein kan sjå inn på dei oransjefarga (inn)sidene ved å opne i topp og botn. Slik sett er det noko som er skjult for lesaren eller betraktaren.

Når Orvedal rykkar boka ut av sin vanesamanheng ved hjelp av det manglande frontsnittet, er det openbert at det gjer lesaren merksam på boka som fysisk objekt, men også som ein teknologi.

Det kjennest ikkje korrekt å kalle dette mangesidige og fleirmediale uttrykket til Mantra contra mantra for eit Gesamtkunstwerk, eit heilskapskunstverk. Men det er og det blir til eit verk, ikkje til ein totalitet, men til noko som stadig forgreinar og utfaldar seg. Det er arbeid, gjerning – noko som flyttar seg frå bok til tekst til CD og til det grafiske, og gjerne på tvers og attende. Kva som fungerer som fellesnemnar for dette samansette uttrykket, er uvisst, men eg tykkjer då at poesi forstått som poiesis, altså i den greske tydinga, å gjere, å utføre ei gjerning eller handling som bringar noko til eksistens som ikkje eksisterte før, synest dekkande. Den tyske filosofen Martin Heideggers bilete på poiesis, dette å bringe fram noko på dette vis, er blomens blomstring, eller sommarfuglen som viklar seg or kokongen og tek til å fly. Noko nytt faldar seg fram, i og or seg sjølv.

Den verbalt realiserte teksten på CD-en får meg til å tenkje at Ivar Orvedal ikkje er nøgd med å låsast inne i skrifta, at skrift aleine avgrensar, at han vil gjere noko dobbelt, realisere moglegheitene på papiret i ei lydform og samstundes late skrifta vere papiret, som skriftbilete, men også som taus tydingsberar. Å gjere er å verkeleggjere, bringe det fram, late det (få lov til å) bli, gå til arbeid, til verks. Også lesarens arbeid i møte med verket bringar det fram, i og or seg sjølv. Når ein står framfor denne fleirfaldige forma, verkar det som om alt for Orvedal kan vere eit potensielt partitur for ei verkeleggjering i ei anna form. Det er ikkje berre slik at teksten på papiret skal bli lyd, men lyden blir også til tekst, til skriftbilete, til bok der blada faldar seg ut lik blomens kronblad – eit kronblad er eigentleg eit omdanna blad. Det er slike mangfaldige og uføresette metaformosar Mantra contra mantra set i verk og gjer lesaren merksam på.

Byrjing og ende vert fort eit tema når ein gjev seg i kast med Mantra contra mantra. På CD-en finst ikkje berre tekst frå Mantra contra mantra, der er også tekstar og tekstbrokkar frå Orvedals førre utgjeving, Postreptilia (2020). Til dømes inneheld spor 7 på CD-en ein vokal representasjon av «Åkerhyller som metta drøymarar» frå Postreptilia. Også i boka Mantra contra mantra vil ein finne fragment, liner og tekstidear som stammar frå Postreptilia. Og tekstmaterialet frå Mantra contra mantra kan få ein annan orden når det verbalt blir representert på CD-en. CD-en er altså slett ikkje ei gjentaking av, men noko anna enn boka.

Når ein både på CD-en og i teksten finn motiv, brokkar og direkte sitat frå både LP-plata Per Spelmanns Comeback og frå Postreptilia (2020), sistnemnde er ei utgjeving som i likskap med Mantra contra mantra også består av lyd og bok (til og med den same oransjefargen er i bruk), så kan ein tenkje at Orvedals verk forgreinar seg organisk, det heng saman, eller er eit fritt framhald, eller ei fri fordjuping, eller, for å bruke ein plantemetafor, det skyt nye skot. Verket strekkjer seg attover mot den førre utgjevinga og grupperer og omdannar seg undervegs, og peikar framover, mot noko nytt. Ein kan gå inn i verket frå mange kantar, det har liksom inga definitiv byrjing – for kor startar ein sirkel? Kjem ein til ein stad ein har vore føre, kjem ein dit med andre innsikter, den same staden er ikkje heilt den same. Det er som om Orvedals verk blir ein analogi til det syklisk gjentakande arbeidet ein gjer i åkeren.

 

Tittelen Mantra contra mantra

Mantra er eit religiøst vers, ei setning eller ein ord- eller stavingssekvens som kallar på gudar eller gjer ein åndeleg dimensjon nærverande. Ordet ‘mantra’ er frå sanskrit og prefikset ‘man’ tydar ‘tenkje’, mens ‘tra’ tydar ‘verktøy’, altså instrument eller reiskap. Om Orvedal gjer språk til instrument for ein bodskap, eller bodskap til instrument, eller til noko anna enn seg sjølv, er ikkje så lett å avgjere – men eg trur det er opnande for prosjektet til Overdal å halde fram dette med verktøy og prosessar som dannar og omdannar. Tittelens ‘contra’ tyder ‘mot’ eller ‘i opposisjon til’, men også ‘svar’: 

ANNONSE

losna vengefjør med vinden

            vite at det finst svar

                        vite at svar ikkje er svaret

I tillegg til dikta på norsk inneheld boka engelske omsetjingar av dei. Engelskomsetjingane er sett med oransjefarga skrift og kjem rett etter dei norske originaltekstane. Attpåtil finn ein sitat frå ulike religiøse, naturfaglege og filosofiske verk. Sitata kastar ofte eit kritisk lys på samfunnsutviklinga, også fordi nokre av dei er rapportar om jordas kritiske tilstand, om tilstanden til ferskvassressursane, om konflikten mellom resirkulering og økonomisk vekst og råd om korleis styresmaktene retorisk skal gå fram for å brennmerke fredsaktivistar og pasifistar som femtekolonistar og forrædarar. Slik sett finst det eit kontrasterande sprang mellom dei poetiske tekstane i boka og sitata, samstundes som sitata bidreg til at dei poetiske tekstane føyer seg inn i samtida og i ein bestemt kulturell samanheng. Slik sitatet er som eit fragment som har rive seg laus frå ein opphavleg samanheng, riv desse sitata også dei poetiske tekstane or den reint poetiske samanhengen, samstundes som dei blir falda inn i den. Denne vekslinga skapar ein fin rytme i verket.

Eit diktverk med omlag 230 tekstsider, og med denne særlege organiseringa og bruken av andre uttrykksflater, vil trekkje verket i ulike tematiske retningar. Men økologi, jordas lagnad og korleis menneske forvaltar eller vanskjøttar ho, er likevel eit klårt gjennomgangstema. Det grafiske, dei sirkelrunde ull-liknande dottane som blir organisert i ulike mønstre, med ulik grad av skuggelegging, blir til bilete på planetar i ulike månefasar. Eit pressa økologisk system involverer også samfunn, teknologi, industri, menneske. Så om ein skal peike på noko instrumentelt ved verket, vil det vere at det fremjar ein bodskap om at verda er på veg mot øydelegginga.

Men dei første dikttekstane startar i ein så-scene, nærmast som i ein bibelsk ur-situasjon, der ein åker blir klargjord for sesongen og der ein ventar på dei spirande såkorna. I det følgjande diktet er arbeidet tydeleg til stades, om enn arbeidsdonten nett er ferdig. Den sykliske (fram)tida er gjeven og føregripen i ein slags uforstyrra harmoni:

står her med moldete hender

har laga oss ein åker

 

det vi ynskjer å hauste har komme i jorda

metter oss lenge før vi er mette

 

har gjeve oss til det som gjev

 

 

 

stand here with mouldy hands

having made a field

 

what we want to harvest is now in the ground

sustain us long before we are satisfied

 

has given us to what gives

Eit stykke ut i boka treffer ein på eit lyrisk eg som ytre sett står i ein liknande situasjon som i åker-diktet, i ei tom skoding utover, men ikkje utover åkeren, men utover flyplassterminalens indre, på eit bagasjeband som surrar. Flyplassterminalen er ein transitorisk og flyktig stad, eit bilete på det moderne samfunnets framandgjering og menneskelege atomisme og især er denne reisemåten eit emblem for utslepp og forureining som held på å kvele og øydelegge jorda.

den raude kofferten

sviv der åleine på bagasjebandet

ingen eigar å sjå

 

                   det er ikkje til å kome forbi

 

det er eg som eig den raude kofferten

som sviv der åleine på bagasjebandet

Det lyriske eget verkar her løyst frå all samanheng, isolert. Det går ei stund før det lyriske eget oppdagar at kofferten på bagasjebandet er noko det eig. Skodinga er uverksam og tom, heller ingen interaksjon eller utveksling med omgivnadane har skjedd, skjer eller ser ut til å skje. Tilhøvet mellom tinga, omverda og individet blir formidla i form av ord som «eigar» og «eig», som økonomiske og juridisk band, upersonleg, passivt og ikkje-kroppsleg. Via den distraherte tanken blir det lyriske eget klår over at «kofferten» med den alarmerande fargen «raud» har noko med eget å gjere. Når det lyriske eget til slutt erkjenner at det eig kofferten, er det med desinteresse. Tingverda, på si side, svirrar rundt i sin heilt eigen bane, «åleine» på bagasjebandet, lausriven frå menneska og frå jordas krinslaup.

Men før me har kome så langt, har boka sleppt dikt som gjennom bilete påkallar at eit illevarslande skifte har skjedd: «draumar drøymer ikkje draumar lenger». Direkte vert det synt til ulike katastrofar, til Afghanistan, massedrapet på Utøya, massegraver og «solformørkelsar / og andre formørkelsar // milepælar i kalenderen til menneskekrypa / skipets seglduk er ferdig veve / den vakraste strekninga tilbakelagt». Dikta vekslar mellom desse naturprega situasjonane og dei illevarslande dystopiske bileta og også måneferder, før dikta mot slutten igjen verkar å vende attende til songen og til åkeren som ei redning, fordi måten å tenkje forråd, det å eige, ja det å glede seg over noko, er annleis enn i kapitalismen:

det vi sparer til såkorn

fyller oss med ein annan mettleik

 

også dagar då vi går svoltne

let vi oss fylle av ei stor glede

 

det finaste vi eig skal attende til åkeren

 

når mørketida er over

når molda er varm

«Usorg»

Eg yt ikkje dikta full rettferd, i lesinga mi gjer eg lina gjennom dikta tydelegare enn ho er. Det finst ikkje berre gravalvor her, for her finn ein også dei absurde sjølvsitata og allusjonane til Per Spelmann, her vert norsk folkedikting og antikkens Homer kombinert: «Odyssevs han hadde ei einaste ku / framleis krev den det meste av plassen / når eventyret skal forteljast / den går under namnet den trojanske ku». Sjølv om noko som alt var på plass i Postreptilia har tatt vegen inn i Mantra contra mantra, slik som ordet «oppoverelv», er det forfriskande og tankevekkande når Orvedal plasserer u-prefikset overraskande framføre ord, slik som «usorg» «usamtalen», «umellomrommet», «uforsvunne». Slike uventa sprang, eller vilje til å bryte av, finst det mange av. I det heile tatt er det mangt å grunde over: «skrifta si ferd / kan tyde far i snøen fram til der fuglen tok av // lyden av vengjeslag / frigjeven jambe», og «det du forstår / berre far med det // det du ikkje forstår / det er ei gåve».

Mantra contra mantra er definitivt eit mangfaldig og rikt verk, eit kunstverk. Det forgreinar seg og veks under lesing og lytting og skoding. Ikkje minst er CD-en, som eg diverre ikkje har fått kommentert tilstrekkeleg, med sine rytmiske figurasjonar, klangar og med Orvedals overtydande røyst, som nesten kviskresyng fram tekstane, i seg sjølv eit verk som mange burde lytte til – og lytte til og lytte til.  

Sindre Ekrheim, f. 1967, er poet, kritikar og redaktør for Krabben.