TIDSSKRIFT FOR POESIKRITIKK

104. utgåve     |    28. mars 2024     |     BOKMELDING

Eit ekspanderande poetisk blikk

Debutant med mogen og rik poetisk prosa.

DIKT

Helene Torvund:

Det lille vi vet om Sib

162 sider

Oktober forlag, 2023

LYTT TIL BOKMELDINGA
Trykk på pila

AV SINDRE EKRHEIM

Helene Torvund debuterer med ein lokkande type poetisk prosa i Det lille vi vet om Sib. Tekstanes logikk, språk og sanselege nerve ligg veldig tett opp til lyrikken, om dei ikkje då eigentleg sugar krafta si derifrå.

Tekstens hovudperson tek seg sommarjobb på eit bygdemuseum vigd den lokale tekstilkunstnaren Sib. Tidleg den sommaren blir hovudpersonen diagnostisert med ein alvorleg sjukdom, men held fram med museumsjobben.  

Hovudpersonen blir meir og meir gripen av livet og kunsten til Sib. På loftet i det vesle museet ved havet finn ho ei eske med dagbøker, skisser og fotografi. Iblant er det som om Sib og hovudpersonen glid over i kvarandre. Ei kjærleikshistorie, der hovudpersonen innleier eit forhold til ein ung museumsbesøkande, rommar også boka.

Dei kortare prosastykka vekslar mellom jobben på museet, opphald på sjukehuset, vandringar i landskapet ved sjøen og møte med «han». Det trivielle og daglegdagse vert heile tida stilt ovanfor alvoret som sjukdomshistoria ber på. Eit handlingsreferat blir fattig i høve til dei sterke bileta og den fine veven av poetiske motiv prosaboka inneheld. Nokre av desse, slik som dolkehalen, dette havlevande leddyret med den særeigne utsjånaden (i boka vert den likna ei «kartnål») som blir karakterisert som eit levande fossil, møter ein i fleire tekstar. På omslaget kan ein sjå ei avbilding av dolkehalen. Dolkehalen har blått blod som koagulerer ved den minste forureining. Blodet frå dolkehalen blir nytta til å teste medisinar.

Når ein betraktar rekkja av motiv, set fleire av dei fortida i spel. Det handlar om leivingar, fysiske spor i rommet, slik som museumsgjenstandar, knoklar, graver, dagbøkene til Sib, herbarium, dolkehalen, fossil og språk. Alt dette er fenomen som overlever og overskrid notida, som verkar å vende seg til ettertida med ein mogleg bodskap. Det nærsynte søkjelyset på «det lille» er kopla opp mot dei største spørsmåla, døden og kjær- og nærleiken. Ingenting er for lite for det oppmerksame, sanselege blikket, anten det er ein ulltråd, eit augelok eller ei flis: «Idet jeg reiser meg og støtter meg mot bordet, får jeg en flis. En fortelling går fra fingeren og gjennom kroppen. Jeg fjerner flisen, og såret begynner å hele. I mange timer kan jeg merke det, arbeidet i hånden».

Dette er lag på lag-tekstar, skrive av ein debutant som let språk og språkbileta tenkje og som skapar språk med ei murrande kraft.

Sindre Ekrheim (f. 1967) er kritikar, poet og redaktør for Krabben. 

Denne bokmeldinga har vore prenta i Stavanger Aftenblad hausten 2023.