TIDSSKRIFT FOR POESIKRITIKK

64. utgåve     |    30. mars 2023     |     POESIMELDING

Beina på bakken og hovudet i himmelen

Knut Ødegård balar, og lukkast, med å få ei rad personar til å gå i hop i denne roadmovien av eit episk langdikt, ein diktsyklus, ein punktroman, ei kjærleikshistorie, ein fabel, til og med ei andaktsbok for vår medtatte tid, som Samuel Pedersens reisedagbok også er.

DIKT

Knut Ødegård

Samuel Pedersens reisedagbok

119 sider.

Cappelen Damm 2023

LYTT TIL BOKMELDINGA
Trykk på pila

AV JAN ASKELUND

Knut Ødegård (fødd 1945, debut 1967) si siste bok er gild lesnad. Om ein då ikkje er urokkeleg sjangerpurist, for ho kan vera vanskeleg å sjangerfesta. Forlaget rubriserer henne som «lyrikk», mens forfattaren sjølv har gitt boka tittelen Samuel Pedersens reisedagbok. Rett nok dannar tekstens 32 einskildtitlar i hovudsak ei kronologisk og heilskapleg forteljing om Samuel Pedersens eiga historie (med innskrivne tankar, refleksjonar og sjølvportrett) slik ho artar seg over nokre dagar ein gong for nokre få år sidan, men ho gjer det i ei vers- og strofeform som ikkje heilt sjeldan meir artar seg som knekkprosa enn poesi.

Det som saman med metaforikken bergar dikt-nemninga, er framfor alt ei utstrekt, tydeleg medviten og handverksmessig utført versfletting boka igjennom. Enjambement blir då ikkje berre ein lyrisk strukturmarkør, men gir meiningsutvidande hjelpesteg og språkleg spenst til ei utsegn når det er nytta med skjønnsemd, som det er her hos Ødegård.

Det blir effektivt nytta alt i den første teksten, der tre av hovudpersonane blir introduserte, Samuel Pedersen sjølv, den avlidne gamalkjærasten hans, Olga, og den nye, Inga, som han i bokas tid er i ferd med å få eit blivande forhold til:

… Men Olga er borte no, i jord ho, no er det eg

og ho Inga som syndar

mot trafikkreglane. (s. 5)

Inga sit og klamrar seg fast bakpå mopeden hans eller blir slengt sideslengs i den utrangerte bubilen dei fer rundt i gjennom størsteparten av boka. Viss dei då ikkje bare står fast i ei grøft.

I den andre teksten, «(Bubil)» – alle titlane er nummererte med romartal, og i tillegg utstyrte med eigne titlar sette i parentes – introduserer han seg sjølv, slik:

Eg er ein aldrande

truande. Eg skreiv i juni månad at det er

ei stor sorg i verda.

Og det lyriske eg-et held sidan fram:

Eg skreiv eit notat om dette:
Tida? Skreiv eg. Kvar
vart ho av? Ho var jo inne
nett no, her: No er ho
ute, ute
på vegane under stjerneskinet (s.10-11)

Så der slingrar Samuel Pedersen og Inga ved St. Hanstider rundt i bubil, på landsens vegar i eit vestlandsk u-ver av regn og vind, sniglar og skit og lort. Samuel, 67 år gamal, pensjonert adjunkt – med opprykk, som han påpasseleg minner om, litt for feit og snart snauskalla, slik han skildrar seg, er ikkje akkurat nokon adonis. Men han fører ordet om kavet på vegane saman med den duvande Inga, 60 år. Ho er også blyg, og har aldri «gjort det», som ho synst ho må fortelja Samuel – før dei gjer det, og dei opplever sin blyge jubel saman.

Boka gjennom balar, og lukkast, Ødegård med å få ei rad personar til å gå i hop i denne roadmovien av eit episk langdikt, ein diktsyklus, ein punktroman, ei kjærleikshistorie, ein fabel, til og med ei andaktsbok for vår medtatte tid, som Samuel Pedersens reisedagbok også er. Komposisjonen kjennest nok tidvis vel laus, men samla kan han lesast metaforisk, som «lyrikk».

Mellom personane er ein etter kvardagskristne og vestlandske tilhøve uvanleg frilynt, kvinneleg, kallskapellan i Bud (Rosa Wærp heiter ho). Og her er ein dritings, suicidal baltisk avløysar hos ein slektning av Samuel. Bonden, denne slektningen, er for sin del på sjukehus, mens kona er på tur til Roma. Der opplever ho under ei paveleg gudsteneste å få sjølve pavens kalott slengt til seg. Sidan kan det vera vanskeleg å avgjera om paven gjekk bananas eller om Ødegård skildrar hans heilagheit i same stund som han abdiserer som overhovud for dei truande («vi er truande», Samuel og Inga), for så å trekka seg tilbake til den slovakiske heimstaden sin, Dunasjka Luzna.

Før det har lesaren spasert rundt i Roma med paven og hans hund Aristoteles. Dei elskar begge pølse i brød med ketsjup, sennep og løk. Og denne pavelege retrieveren blir etter kvart utstyrt med paveleg mini-kalott, han også: Den har paven med eigne hender og mjøllim sydd og kreert til han. Så til slutt veit ikkje denne lesaren ganske om han er vitne til ein slapstick eller om det – i det 32. og siste enkeltdiktet – kulminerer i ein (ravande) visjon. Eller om den katolske diktaren sjølv ennå øygnar von og tid for menneska til å venda om, omvenda seg, som det også heiter.

Undervegs har den eine av dei tre postulert viktigaste personane i bokas første del, den døde kjærasten Olga, forsvunne i ein draum. Det er ikkje lett å forstå kvifor ho i opninga er så viktig for Samuel der han er i ferd med å slå seg saman med Inga, eller kvifor ho ein gong var det. Men i alle fall har dei smålåtne og milde, dei jordnært truande Samuel og Inga, sjølve beina på bakken, og hovudet i himmelen boka igjennom.

Med sine 119 sider er dette ei omfangsrik diktbok. Ho blir avrunda med «Merknader og takk», der Jon Fosse er mellom dei som blir takka for kritisk lesnad og merknader. Sjølv kan då også Samuel Pedersens reisedagbok påminna om Fosse i burlesk utgåve. Heilt til slutt står ei tre siders verkliste med alle Ødegård sine utgivingar frå debuten i 1967 til i dag. Den er imponerande omfangsrik, og inneheld dikt og gjendiktingar, barne- og ungdomsromanar, skodespel, prosatekstar, fagbøker og essays, cd og kyrkjeoratorium. Og Ødegård står framleis på.

Jan Askelund (f. 1940) er kritikar, poet og forfattar.