TIDSSKRIFT FOR POESIKRITIKK

21. oktober 2021

Arrete haustsongar

Typiske kvalitetar ved Hans Sandes dikt er at dei er eksistensielt vågale – og på sitt beste viser dei fram livsmot og klokskap.

DIKT

Haustsong

Hans Sande

91 sider

Gyldendal (2021)

AV STEIN ARNOLD HEVRØY

Hans Sandes Haustsong presenterer ulike delar av livet til eit aldrande eg gjennom bokas ulike avdelingar. Dikta kjem mellom anna inn på barndom, yrkesliv, samliv og dødsangst. Ikkje noko av livet er levd utan å gi merke, arr. I femte og siste avdeling er fleire av desse livsfasane knytt saman i ei meir samla erfaring, og her er det rikeleg med rom for håp og optimisme. Å bli eldre betyr ikkje nødvendigvis å gi opp draumar og lengslar.

Som i dei fleste av Sandes diktsamlingar, er avdelingane nummererte og med kvar av dei følgjer ein illustrasjon, ei teikning frå forfattarens hand. Boka byrjar med ei rekke dikt knytt til barndom, om korleis vaksenlivet er prega av tidlege hendingar. Her er illustrasjonen ein menneskefigur som strekk seg oppover og forvandlar seg til ein fugl.

SYRETRIPP

 

Tre blad gaukesyre og ein blom

i munnen

så sveiper eg over til barndommen

Der spring eg berrføtt med ein kniv i neven

Skogen lokkar med fløytelåt

og bjørkesevje som dryp

og dryp mot tunga

Det er altså ikkje eit dikt om LSD, men om korleis smaken av syreblad gir liv til barndomsminne hos eget. Diktet speglar teikninga; eit menneske som lagar seljefløyte nærmar seg noko av det fuglen også kan bruke treet til, eit utgangspunkt for song. Det humoristiske og livsbejaande blir snart møtt med meir alvor hos det vaksne eget; fleire av dikta i boka si første del er prega av korleis eget ikkje maktar å fortsetje, som i «Eg kom for tidleg»:

[…]

Eg sat klar og fylte gravene med mold

ei skei til deg mamma og ei til deg pappa

Så reiste eg meg for å gå ut i verda den vide

som vaksen mann

men føtene svikta

Dei var ikkje ferdige med å sørgje

Det er som om det kjem overraskande på, dette at den vaksne ikkje greier å halde fram. Som eit slags brot med forventninga til seg sjølv. Dei som har lese andre diktbøker av same forfattar, kan nok kjenne noko att, ikkje minst den problematiske relasjon til faren. I Gjer deg mjuk. Smyg deg inn (2007) drøymer eget at han treff att den no døde far sin: «Det er då eg spør kva som har skjedd / sidan han er så venleg». I Haustsong skal det ikkje alltid mykje til før det går i stå. I diktet «Mot naturen» heiter det «[…] ein tråd kingelvev stoppa meg». Trass i at eget blir hindra av nærast usynlege livstrådar held det fram på sitt vis.

Illustrasjonen til dei dikta eg set mest pris på, er ei teikning av ein Jesus-skikkelse som sit åleine og et ved eit langbord, tydeleg inspirert av Da Vincis «Nattverden». Her blir ein presentert for dikt om pasientar på avdeling D på Valen, minst eitt av dei om Olav H. Hauge:

MELLOM GUDAR

 

Kvart femte år siglde diktarhovdingen gjennom rømdene

og deltok i den store samrøda mellom gudar og gudinner

til han vart plukka ned til jorda og innlagd med tvang

 

Fire handfaste karar la han varsamt i reimer

og lurte på kven som kom til å bli nemnd

i neste diktsamling

Det er ikkje første gong Sande refererer til Hauge i eit dikt, men her er det nærliggande å tenke på at Hauge skriv om avdeling D i diktet «Kornåkeren» frå På ørnetuva (1961) og det han kjenner att som eit mønster for eigne sjukdomsutbrot: «Det ser ut til å gå 5 år millom kvar bya. Alltid det same! Same tankane, same tilstanden» (Hauge, Dagbok, bd. III, 17). Sande plasserer pasientane i ei religiøs sfære, dei er i ein særskild kontakt med noko heilagt. I tillegg til Haugediktet er det guddommelege til stades i titlar som «Messias frå avdeling D», «Himmelsk drøs», «Guds gåver på avdeling D» og «Allmektig (nesten)», og det er nok aktiveringa av dette meir eller mindre myteomspunne materialet eg let meg forføre av i dikta. Hauge skriv sjølv om det guddomlege, og gjerne då i samband med diktaren: «Platon skil millom «heilagt vanvit» – det er det poetar og profetar har – og sjukdom som doktorar lyt ta seg av» (Hauge, Dagbok, bd. I, 403). Slik eg ser det spelar Sandes dikt på ein slik forskjell – eit skilje vi må tru det er lite plass til i nyare medisinsk tenking. Forteljinga om den gåverike Hauge er at han var heldig som sleppte unna lobotomi. Det gjekk ikkje like bra med alle, noko dikta til Sande også reflekterer over: «Ho hadde eit rikt indre / fugleliv / heilt til vi kom med motorsaga / og la villskogen flat».

Denne delen av boka har eit klårt skilje mellom pasientane (han/ho) og dei som jobbar på sjukehuset (vi/eg). Det lyriske eget er ein av dei som jobbar der. Så viser det seg at yrkeslivet på sitt vis også er knytt til noko meir personleg og privat. Eget har ein biologisk far som han får vite om då han er sytti år, og faren har også arbeidd i psykiatrien:

ODEL

 

Den biologiske faren min var den fremste

på lobotomering

Han meinte det godt

og ikkje ein einaste pasient klaga

Dei sat fint i ro og tenkte djupe tankar

med den delen av hjernen som var kutta ut

Dikta eg syns ber på den tyngste materien handlar om eit konfliktfylt samliv der regelrett mishandling blir skildra. Heile tredje avdeling er prega av eit samlivsbrot med ei kvinne som «[…] sparka og klorte og spytta». Eget kjenner både dårleg samvit for å ha gått sin veg og på ei bitterheit knytt til erfaringane sine: «Den dag i dag / går eg med ei hinne av størkna spyttklyser / kring det som kunne ha vore den leikande sjela mi». Også dette temaet er behandla tidlegare (Kunsten å somle, 2015), om enn ikkje i like stor grad som her. Så kan som nemnt positive endringar skje sjølv om livet riv og slit i ein.

Etter å ha presentert ulike livsfasar og -fasettar går boka mot ei meir håpefull og harmonerande avslutning. I titteldiktet «Haustsong» går eget langs ein sti med berre eit raudt blad mellom alt det lysande gule: «Eg tek det som eit teikn / på at det ikkje er dauden som ventar der framme / men all kjærleiken eg har til gode». Og jo visst, livet er på ingen måte over:

GALSKAP

 

Kjærleiken er blitt stormannsgalen

på sine gamle dagar

Eg legg han i reimer

og gir han elektrosjokk

men han bryt seg ut av lukka avdeling

og stig opp mellom stjernene

Igjen kan vi tenke på Olav H. Hauge og diktet hans«Og er var sorg». I dette diktet var eget sorg før det blei ovmod og «bygde attum stjernone», før det til sist slo seg ned i det «næraste treet, slik det òg gjer hos Sande»:

NY VON

 

Sporvane

byggjer reir i oktober

slik fingrane

flettar seg inn i kvarandre

Tittelen Haustsong peikar gjerne mot at det modne eget skodar tilbake på livet og gjer opp eit rekneskap i dikt. Dei ulike delane viser fram eget sine ulike livsområde og -fasar før fleire av desse blir knytt saman i siste del, illustrert ved to skikkelsar som held – eller veks saman til å bli – eit tre.

Om eg skal nemne to ting eg tenker som typiske kvalitetar ved Sandes dikt, er det for det første at dei er eksistensielt vågale. På sitt beste viser dei livsmot og klokskap. Det andre er at dei ofte kan vere overraskande, gjerne på ein humoristisk måte. Det er likevel ikkje alltid eg greier å fote meg i det underleggjerande landskapet til Sande. 

KUNSTEN Å GREIE SEG

Eg kan ikkje greie meg utan hoftekammen din

Å kople vill og galen (men alltid varm) humor kombinert med alvor er altså eit særtrekk eg set pris på i Sandes dikting (sjå til dømes instagram-hiten «Notat frå helsesøster»). Her syns eg det blir for likt vitsane eg har høyrd frå eldre menn om kammane dei ikkje kan greie seg utan. At det er snakk om hoftekammen greier ikkje hale det i land. I til dømes «Syretripp» er eg meir på linje med friskushumoren sidan tittelen spelar på korleis samanhengen mellom syreblada og tilgangen til det umedvitne – reaktiveringa av eit gøymd minne – fungerer i diktet. 

Hovudtemaa boka nøstar opp er mange og omfattande: barndom og dårlege relasjonar til foreldre, røynsler frå psykiatrien, den biologiske faren, samliv og vald, alderdom og tankar om døden, og håp. Store delar av livet blir summert opp. Det er mykje å behandle, og kanskje i overkant? Sjølv om eg på eit vis er usikker på hoppinga frå det eine alvoret til det andre så verkar dikta på meg. Det er noko eg ikkje greier å bli ferdig med etter å ha lese dei. Dessutan: det er dei himmelstormande galskapsdikta frå Valen eg let meg begeistre mest av under lesinga, men det er dikta om eget sine problem eg sit og tenkjer på etter eg har lagt frå meg samlinga. Og kanskje er det slik ei bok som Haustsong må få fungere, som ei diktarisk påminning om at ein ber arra sine med seg same kor mykje bjørki belar langs livsstien.