TIDSSKRIFT FOR POESIKRITIKK

32. utgåve     |     26. mai 2022     |     BOKMELDING

Altomfattande morskjærleik

Kvifor er morsfiguren så ynda motiv i poesien? Oddbjørn Birkelands bilete av mor er ikkje idylliserande, snarare heller klaustrofobisk. Trass i at bokmeldaren meinar Birkeland snublar i enkelte av dikta, opplever han at diktsamlinga Ikkje bare ei mor er rik som heilskap.

DIKT

Oddbjørn Birkeland

Ikkje bare ei mor

84 s.

Aschehoug forlag 2022

AV STEIN ARNOLD HEVRØY

Kva kan tittelen Ikkje bare ei mor varsle om? Det kan vere at mor også har eit liv utanom morsrolla. For eksempel som yrkesaktiv, politisk engasjert eller kunstnar. Eller at ho som åleineforelder må fylle fleire enn sine eigne sko. Moglegheitene er mange. Diktsamlinga svarar allereie i det første diktet at det dreier seg om noko grenselaust. Mora i Oddbjørn Birkelands siste bok er altomfattande:

Kjære mor Gud

 

du var før alt var til

du var før huset

eller huset var i deg og du i det

du var før kjøkkenet

som kneler for deg kvar dag

 

kjære mor Gud

fortel meg kven eg er

fortel kven blomane er

trea og vatnet i elva

 

heile verda legg seg ned

framfor deg om kvelden

og bed om lov til å få sove

du avgjer alt

også det

amen   

Poesien sit godt i øyra når ein les, og ofte har dikta ein puls som gir seg tilkjenne utan at lesaren treng å anstrengje seg. Det er heller ikkje så rart med tanke på at diktet hentar materiale frå bibelske førebilete. Ja, både tittelen og at diket er forma som ei bøn fortel dette. Og så minner linjer som «du var før alt var til» til dømes sterkt om «Før fjella vart fødde, / før jorda og verda vart til, frå æve til æve er du, Gud» i Salmane, og «Han er biletet av den usynlege Gud, / den førstefødde før alt det skapte» frå Paulus’ brev til Kolossarane.

Ikkje bare ei mor er den tredje diktsamling av Birkeland etter På bagsidå av steinane e de heilt stilt (2013) og Eurydike snur (2019). I Eurydike snur speler Birkeland openbert på Orfeus-myten, mens han i opningsdiktet i Ikkje bare ei mor altså lånar frå Bibelen. Smerte og liding forårsaka av dei som står ein aller nærast, er eit tilbakevendande tema i forfattarskapen. Ja, ein kan kanskje kome for nært også? «Du er overalt», står det i denne siste samlinga sitt andre dikt. Kva skjer med barnet dersom morsnærveret blir så omfattande?

Du kallar meg bassen

Du likar at eg gir deg beundrande blikk

Du seier at eg er den beste

Du seier kven eg liknar på og ikkje liknar på

Du blir sint fordi eg knyter opp forkleet ditt bakanfrå

Du skjeller meg ut fordi eg har teikna på do

Eg vil ikkje sitje saman med deg på bussen lenger

Du ropar at de ikkje kranglar når de gjer det

Eg ligg på kne inntil dørene og lyttar

Gjentakingane er iaugefallande. Det er eit rått parti med sju «du» mot to «eg». Det viser til tronge vekstkår. Og sjølv om eg-et får mykje positiv merksemd av du-et (det er jo kjærleik der?), er diktet først og fremst urovekkande med sinnet, skjellinga, kranglinga. Eller er dette eigentleg normalt nok? Alle ungar får vel kjeft, alle vaksne kranglar vel? Konteksten diktet står i lar oss ikkje tvile. Her er morskapet forklart med krigens språk:

 

Eg okkuperer deg i 9 månader og 10 dagar

Eg plasserer cellene mine i deg, som miner

 

Er det då du får meg på hjernen, dømd

til å vere occupied by me resten av livet

 

Etter kvart begynner minene å gå av 

 

Occupied som i distrahert av, på eit vis heldt i sjakk av? Eller snarare besett? Vi forstår at det er valdsamt, eksplosivt. Samtidig er dette eit av dei dikta eg stussar ved. Det er eit lyrisk drag i dei to første linjene, men tendensen blir brote av ved midtpartiet. Og korleis skal cellene til det lyriske eg-et bli miner som går av?

Trass i at eg snublar i enkelte dikt så opplever eg likevel at diktsamlinga som heilskap er rikt på noko. Den får meg til å tenke. Mens eg les gjennom Ikkje bare ei mor kjem eg stadig i tanke om filosofen Friedrich Nietzsche som seier at «Så lenge der har funnes mennesker, har mennesket gledet seg for lite: Bare dette, mine brødre, er vår arvesynd!». Med andre ord: vi har bore på for mykje liding. Det har å gjere med kva ein generasjon overfører til den neste, på samfunnsnivå eller i ein familie. For Nietzsche er medisinen å akseptere og seie ja til alt som er, det å elske lagnaden sin. Og det uskuldige og eksperimenterande barnet er også eit biletet på menneska sitt kreative potensial. Men som forfattaren Anne Helene Guddal seier med tittelen på diktboka si: Også det uforsonlige finnes. For kva motstandskraft har barn mot det vanskelege dei kan bli utsett for? Det som hender med eit menneske i tidleg alder, før språk og medvit er utvikla, er kanskje også umogleg å kome til botn i seinare i livet. Det betyr likevel ikkje at ikkje skal forsøke å setje ord på kva som har skjedd.

Eg skriv med blod på raudt papir

det eg skriv forsvinn inn i papiret

og inn i meg

utan at eg skjønar

kva eg har prøvd å skrive ned

 

heller ikkje veit eg

kva som er gløymt

 

og aldri vil kunne rørast ved

Diktet seier vel at, trass i endringane som skjer med både materialet og eg-et undervegs i skrivinga, vil det alltid vere att ein umedviten rest som har bustad hos eg-et. Fortida vil truleg forsetje å plage og heimsøke eg-et.

Dikta til Birkeland kan vere både gjennomarbeidde og direkte. Det er ofte bebreidande dikt: «Du har alltid på deg / den blanke svarte kjolen / når du skal opptre med prolog // og har gløymt oss […]» (rytme og klang kan òg gøyme seg litt i denne poesien, som til dømes der «al» i «alltid» blir spegla med «la» i «blanke»). Det er heller ikkje ei bok som – sjølv om den ber på svært vonde erfaringar med ei mor – berre rettar skytset mot ein stad. Den forsøker derimot å sjå henne i ei større samanheng: Kva har skjedd med mora, kvifor er ho som ho er? Spesielt dikta i byrjinga av del II (frå og med side 37) kjem inn på dette. Som ledd i dette blir det også spurt om det finst eit slags gjenferd i slekta («Er det nokon som går igjen i familien»). For når tantene sit i stova hos mormora så «er det som om dei ventar at ein eg ikkje kjenner / kvar augneblink skal kome inn døra / legge armane rundt halsen deira // og klemme til». Denne typen kjærleik, det valdsamme i å «klemme til», er vi likevel blitt kjend med tidlegare i samlinga der mora seier «eg skal elske deg / til du ikkje treng ha eit eige liv». Korleis kan eget stanse lidingane som vert arva mellom generasjonar – er det i det heile tatt mogleg?

Eg veit eg kan føre det

som ikkje er bra i slekta

frå langt tilbake

vidare

og

inn i

mitt eige liv

 

eg veit

det går

av seg sjølv

om eg ikkje

set foten ned

så det gjer vondt

Mor-son-forholdet er kanskje det mest ikoniske i kulturen vår. Tenk berre på Pietà, den døde Jesus og den sørgjande Maria. Eller Augustins Confessiones. Og Ødipus-myten, sjølvsagt.

Det hender at du spør om eg heller ville ha vore son

til ei av dei andre konene i grenda

men skulle eg hatt ei reservemor

måtte det vore ei av dei mest tause og smålåtne

eller òg folk av typen Jaqueline Kennedy

Farah Diba av Persia, dronning Sirikit eller Fabiola av Belgia

kvinner du les om i vekeblada (og truleg beundrar)

men som er så langt borte at dei ikkje kan gjere meg noko

før dei mange år seinare begynner å kome

brasande halvnakne

rett inn i draumane mine

Det er slåande at eg-et ikkje verkar å ha trua på at ein anna verkelegheit er mogleg; «men» og «måtte det vore» ber preg av reservasjon, kanskje også resignasjon. Motviljug kjem det likevel fram til at «ei av dei mest tause og smålatne», kunne ha vore noko. Så verkar det som at eg-et trakkar over ei grense når det tilet seg denne tanken om ei anna mor. At noko vert slept laus. Det går iallfall ei linje frå mor til staselege førstedamer og dronningar. Seinare kjem dei attende som ubodne erotiske kjensler. Sonen ønsker avstand og frigjering, men blir innhenta. Verda hans blir invadert mens forsvaret søv.

Det er sjeldan slik at alle dikt i ei diktsamling er like sterke. Som nemnt er heller ikkje det tilfelle her. Eg har likevel trua på at mange vil sette pris på denne boka. For Ikkje bare ei mor har meir enn nok både tanke- og kjensleprovoserande dikt til det.

Stein Arnold Hevrøy (f. 1979) er medlem i redaksjonsrådet til Krabben og er tilsett som konservator i Nynorsk kultursentrum. Han er koordinator for forskingsnettverket for poetisk tenking og har sjølv forska på lyrikken til mellom anna Kjartan Hatløy og Olav H. Hauge.