TIDSSKRIFT FOR POESIKRITIKK

42. utgåve     |     29. september 2022     |    BOKMELDING

Å vere lyrisk er å vere innestengd

Kva hender når ein trer inn i språket, når ein gjer erfaringar til språk? To av haustens lyrikkdebutantar handsamar, kvar på sitt vis, den tematikken.

DIKT 

Thomas Stene-Johansen

Med stor og stum k

111 s.

Oktober forlag 2022

 

DIKT 

Eira Søyseth

Farget flekket nå

102 s.

Cappelen Damm 2022

LYTT TIL BOKMELDINGA

AV SINDRE EKRHEIM

Allereie tittelen på Thomas Stene-Johansens (f.1997) debutdiktbok Med stor og stum k problematiserer forholdet mellom skrift og tale. Skriftspråket har ein del tyste teikn, som instruerer ein lesar om rytme, om pausar, ja, om den auditive tekstrealiseringa. I Med stor og stum k, der ein hovudsakleg møter det stilisert munnlege, er ikkje det munnlege og skriftlege språket i konflikt: Teiinga er i søkjelyset. Paradoksalt, kan hende, for boka er omfangsrik og ordhag til diktbok å vere – ja, beint fram snakkesaleg, ja, utan eingong å kome fram dit den ønskjer. Til ei endeleg avklaring.

Dikta påkallar ein nyleg avdød kamerat. Ei forteljingsline ligg i botn: boka startar i gravferda, held fram med sorgprosessen og det lyriske eg-ets reaksjonar og trong til å isolere seg. Undervegs kjem tilbakeblikk, minnebrokkar om deira felles barndoms- og ungdomstid, om jenter, vennskap og møte.

Dikta freistar å kle, eller vekkje, tause punkt til språk, ikkje berre gjere sorga talande, men også å finne eit gyldig språkuttrykk for vennen, sirkle inn tydinga til den avdøde. Men det er også dikt som handlar om å kome til språket, gjere seg ei språkleg erfaring. Og språket blir først synleg som skrift.

Dikta er talemålsnære. Småord, munnlege markørar som «jo», «ja», gjentakingar og litt skrudd ordstilling her og der, gjer at dikta hermar og etablerer ei røyst. Det lyriske eg-et blir til ein eg-karakter, ei maske, ein persona, som igjen garanterer eit stabilt og føreseieleg underlag for dikta.  

Inntrykket av ein stotrande, men òg tidvis rytmisk flytande ordstraum, festar seg. Ingen titlar, berre blankliner bryt opp sekvensane. Stilen har noko besynderleg konsumerande ved seg: Det lyriske eg-et nektar ofte å gi slepp på eit tema før det er uttømd. Ved å gjenta ord og syntaktiske element, la dei byte plass, gjenta dei, forskuve, for å uthale, utarme, for å sjå om reddande meiningsnyansar tvingar seg fram – men oftast til ingen nytte. Det er gått tapt. Det byggjer seg altså opp til noko, men den forventa forløysinga kjem ikkje:

ja

 

jeg husker at

 

det du sa den gang

jeg husker at det du sa den gangen

jeg husker at det du sa

den gangen

på hjørnet ved heidis frukt og tobakk

der vi stjal godteri en gang

og så

sa du en gang sa

det du sa den gangen

og jeg svarte ikke

for du sa

du sa

og jeg svarte ikke

 

nei nei

nei

 

annonsevipps

Fiffig, uimotståeleg, blendande. Dikta rykkar ofte attende til eit før, til det som er gått tapt, og samstundes rører dei seg – eller insisterer på – eit framover. Det skjer igjen og igjen. I denne diktsekvensen er klokka og klokketida i søkjelyset:

toget går når det skal

til og med litt før

eller er klokka stilt feil

 

en klokke stilt feil

går framover den òg

og toget

går framover det òg

framover

selv om jeg sitter bakover

Når diktet legg alt i bordet, nesten for å forsikre seg om at det ikkje skal gi slipp på eller gå glipp av noko, så glipp tida. Diktet bremsar tida. Me høyrer her at tida fungerer heilt fint, ja, nesten for godt, «til og med litt før», men tida er også «feil», noko som også kjenneteiknar tidskjensla det lyriske eg-et gestaltar gjennom diktboka. Ordet «framover» hopar seg opp, får nesten magisk verknad, som om ordet sjølv, framover, kan få ein framover. Diktet går framover, frå line til line, men det går jo ikkje framover, men motsett veg. Diktet bruker tida til å gå attover, til å insistere på eit før. Så går det også framover? Språket går alltid framover. Språket er før oss, i den forstand at det allereie har føregripe det. Det har vore på siste sida i boka før me kjem dit: «det er hva det er / og sånn er det bare».

Å vere lyrisk betyr at ein ikkje lenger maktar å vere innestengd i seg sjølv. Ein må vedkjenne. Objektivere. Sleppe ut luft. Den rumenske forfattaren Emile M. Cioran er i dei tidlege skriftene (frå 1934) ein eksponent for denne trykkokarteorien om lyrikk. I eit avsnitt som heiter «Å vere lyrisk» resonnerer han om lag slik: Viss du bevarer dei fryktelege tankane i eige medvit, vil du til slutt øydeleggjast. Snakkar du om døden, reddar du deg sjølv. Men når du snakkar om døden, døyr også noko i eg-e ditt, fordi språkleggjeringa (objektiveringa) gjer at den aktualiteten og intensiteten dette eingong hadde inni medvitet, vert svekt. Språkleggjeringa inneber ei fortynning, ein sper og spreiar ut energien, spensten, intensiteten, patosen. Om språkleggjeringa skjer i eit prosaisk og talenært språk, vil somme kanskje påstå at det aukar fortynninga, ja sidan somme reknar talespråket som meir upresist enn det skriftlege.

Kjenslespenningar står på spel i den lyrisismen Emile M. Cioran forfektar: Eksistensielt er det avgjerande å sleppe ut noko, elles eksploderer ein, samstundes som ein helst ikkje vil sleppe ut noko, fordi kjenslene då, gjennom språket, blir allmenne og svekte. Eit lyrisk uttrykk, slik me tradisjonelt forventar, fortettar språket for å motverke spreiinga og utflatinga av subjektets kjensler. Det finn stad eit tap i intensitet i overgangen til språk, som også det lyriske eg-et hos Stene-Johansen erfarer: «det som ikke kan sies kan gråtes». Og så verkar det som noko, mot slutten, går opp for eget: «jeg sier bare ord fra manges munn / jeg er ikke alene om noen ting». Stene-Johansens dikt verkar, om det er mogleg, å fortette gjennom å fortynne. Det som er avgjerande, er kor ein intensiverer. Ikkje berre språkbilete eig biletpotensiale, det biletmessige veks også fram frå dei lydlege og rytmiske ressursane diktet aktiverer. Ein intensitet utfaldar seg i tida, i den poetiske tida. Nærlytt!

 

Eira Søyseths Farget flekket nå

Dikta i Eira Søyseths Farget flekket nå har ein talenær prosodi. Verda, det vil seie familien, mamma, barar og menn, krinsar om det lyriske eg-et. Og eg-et krinsar om seg sjølv, kvardagen og erfaringane sine idet det freistar gripe og etablere seg sjølv. Den poetiske tida det handlar om her, heiter «notid». Eira Søyseth set seg fore å lage ei tidsakutt dikting: det lyriske eg-et freistar å søkke ned i og vere «midt i» verda.

At det er språkmedvitne dikt er tvillaust, for allereie bokas andre dikt, «Språket, vinduet og jeg», tematiserer den meiningsløysa som kan oppstå gjennom auka språkmedvit, gjennom gjentakinga:

jeg hadde

et triks

liggende i sengen

seende ut av vinduet

visste jeg

hvis jeg gjentok et ord

mange nok ganger

         vindu

            vindu

               vindu

var det som om

verden

mistet sin mening

Dette er ei skildring av korleis språk- og tekstmedvit blir etablert: Ordets klanglege materialitet fortrengjer så å seie ordets realitet. At gjentakinga som er så sentral i skjønnlitteraturen og særleg i lyrikken (og som kan tildelast eit utal av semantiske funksjonar), blir omtala som «triks» – altså som fiksfakseri, bløff, humbug og lureri – gjer jo også at desse dikta risikerer å eksponere den same bløffen. Kanskje kan ein lese dette som utsegner om at boka avslører og gjennomskodar poesien?

I motsetnad til Stene-Johansens lyriske eg, er Søyseths lyriske eg ikkje berre ein stabil instans. Språkleggjeringa og allmenngjeringa spreiar og fortynner. Det inneber også at noko i eg-et døyr, noko går tapt:

skumlere var det

med repetisjonen av

         jeg

          jeg

           jeg

             jeg

Men «trikset funker ikke lenger», høyrer me seinare i diktet, «det blir erstattet / av andres blikk // blir erstattet av / mitt eget blikk / på meg selv». Og diktet munnar ut i ei søking etter eit gyldig eg: «jeg leter etter / andre steder / jeg kan finne / et jeg».

Og dette er startpunktet for at eg-et søkjer i breva til besteforeldra, i deira forteljingar, i livet til mamma, og freistar å vere og er «midt i», slik at eg-et så å seie oppdagar og grip seg sjølv som både del og ikkje del av ein større samanheng. Dette lyriske eg-et kan også skildre sin eigen fødsel, men verkar å streve med å skape eit samsvar mellom innsida og utsida. Likevel er også det lyriske eg-et hos Søyseth ei maske, ein persona.

Jeg gråter mindre

oppdager det

fordi mascaraen

jeg har brukt i et år

er kokko dramatisk

når jeg først griner

 

vil gjøre opp

for alle følelser

jeg ikke har vist fram

alt jeg har latt

bli inne

får en utside

Dikta ber ikkje preg av å dyrke ein poetikk der det gjeld om å intensivere det poetiske uttrykket, sjølv om den «kokko dramatisk» maskaraen nett freistar å kompensere for den svekkinga, framleis ifølgje trykkokarteorien om poesi, som skjer når noko blir gjort utvendig, språkleggjort. Det poetiske idealet er tvert om spreiing og fortynning, å la seg gå opp i det som blir rekna som trivielt og flatt og sjå om ein kan lage poesi ut av det, og samstundes dyrke fram eit nokså tvitydig og ironisk forhold til det poetiske.

jeg forsøker

         poet

         poet

         poet

 

         og blir

         litt flau

         men velger

         å stå i det

         poeten jeg

Sindre Ekrheim, f. 1967, er poet, kritikar og redaktør for Krabben.