TIDSSKRIFT FOR POESIKRITIKK

14. oktober 2021

Språket i handa til ein annan

Djerv diktdebutant som undersøker språket som talehandling og rørsle i ein ribba lyrisk dialog.  

DIKT

Ida Frette

Perverst navn

84 sider

Oktober forlag (2021)

AV SINDRE EKRHEIM

Debutdiktboka Perverst navn av Ida Frette er ein avkledd, gold og ribba lyrisk dialog. Den lada tittelen står som motstykke til ein meir lågintensiv tekst i boka.

Teksten består av to vekslande røyster. Tidvis verkar røystene å snakke saman, stundom er det som om dei ikkje når fram. Kanskje misforstår dei kvarandre, kanskje oppfattar eller skjønar dei ikkje kva den andre røysta seier. Den eine røysta («hun») er attgjeve i direkte tale på venstresida, medan den andre røysta («jeg»), plassert til høgre på boksida, er meir utførleg, den skildrar kva den andre gjer, og reflekterer på monologens vis, utan at denne røysta nødvendigvis vender seg til den andre.

Røystene held fram, av og til som av tvang, nødvendigheit eller taletrong, kanskje i redsle for at den endelege teiinga elles inntreff. Sjølv om referansane til den ytre verda er skuggeliknande, så finst dei, i form av ein bar, leilegheita, nabolaget, nabojenta. Likevel er dialogane skrapa – som om dei veks fram frå eit rudimentært univers under oppbygging. Oppsettet kan likne dramateksten:

VIII

Hun sier:

Tankene straffer deg hvis

du ikke gjør sånn.

Hun lager et tegn med hånden.

 

Jeg ser en lysestake som minner meg

om en hånd.

 

Materialet, overflaten.

 

Hun gjør en bevegelse med

hånden. Jeg har sett akkurat den

samme håndbevegelsen før.

 

Må bestemme meg snart. For å

bevege meg eller ikke.

Hun sier:

Alle ord er respektfulle

ord.

Geometrisk.

 

Formen er det jeg kan se to

ganger.

 

Hun peker.

Hun sier:

Du har ingen kjennetegn.

Ikke i ansiktet.

Jeg blir overveldet av de små

håndtakene.

 

Når dørene åpnes i en fart.

Plutselig.

 

Tallerknene er stablet akkurat

sånn skjevt.

Teksten viser ofte til «håndbevegelser», til gestar. Språket er så å seie i ein annan si hole hand. Ytringane kan lesast som freistnadar på å ta kontroll, utøve makt eller dei syner avhengigheit, overordning eller underordning. Tilhøvet og maktforholdet mellom røystene er skiftande, i ubalanse og under stendig omkalfatring. Røystene alternerer mellom å gjere seg usjølvstendige og utsette og mellom å innynde seg eller å avvise. Der den eine røysta prøver å skape ein trygg atmosfære, er den andre usikker på om den vert halden for narr og berre vert lokka til å vedkjenne seg: «Hun sier: / Det er bare oss to her. / Det er trygt å vise meg at / det ikke finnes håp.»

Gestane peikar ut or teksten. Gestane representerer tekstens grense som peikar mot den teiande kroppen som lesaren ikkje ser eller har tilgang til: «Hun sier: / Billige tricks. / Det som du gjør nå. / Sånn.» Dette «sånn» er berre noko dei to røystene i teksten deler. Handrørsla er ikkje ei språkleg ytring, for ho krev at ein er fysisk til stades, i situasjonen, for å sjå og forstå den. Difor finst felt i denne teksten som er blinda: «Hun sier: Det er så mange som ikke ser hva / jeg gjør. Men du ser det.» Ein kan seie at Frette skapar ei tekstleg erfaring av kva dei to røystene kjenner skjer når dei nyttar verbalspråket, og den gestiske teksten syner også at verbalspråket ikkje dekker alt. Språket i Frettes diktbok forstummar idet det vert lagt i handa til den andre. Slik framandgjer teksten lesaren som blir halden utanfor, i maktforholdet mellom røystene vert handørslene til usikre teikn den andre må forstå, tolke.

Er dette verkeleg lyrikk? På eit nivå kan teksten verke hermetisk, på eit anna nivå er det ikkje vanskeleg å følgje teksten frå ord til ord. Det gjeld meir å finne eit perspektiv ein kan sjå teksten under. At dialogen kan karakteriserast som lyrisk har å gjere med at språket i Perverst navn også vender seg mot seg sjølv. Om ikkje på tradisjonelt lyrisk vis, i form av fokus på klang og språkbilete, så gjer teksten det dersom ein betraktar han som ein serie av tale- og språkhandlingar (talehandlingsfilosofen Austin meinte rett nok at litterære ytringar var «useriøse» og ikkje kunne reknast som talehandlingar). Ei ytring er ei handling, og når ein seier noko, gjer ein noko. Også i ein dikttekst som denne, der den dialogiske og dramatikkliknande forma gjer at utsegnene heilt tydeleg er vendt mot den andre: «Du er her, men det er / som om du nesten ikke finnes.» Når denne utsegna vert møtt med «Formen er det jeg kan se / to ganger», er det uventa og verkar først malapropos, men sjølv om den andre ikkje svarer direkte, kan ein likevel anta at utsegna har hatt verknad. Det var jo heller ikkje eit spørsmål, men ein påstand om den andre sin eksistens eller ikkje-eksisten. Så når den andre røysta uttalar at «Formen er det jeg kan se / to ganger.», så kunngjer røysta dermed sin språklege eksistens, sjølv om utsegna verkar uhøveleg i situasjonen: Det er ein definisjon av form, den seier noko om korleis form byrjar å eksistere – noko må gjentakast to gonger. Akkurat denne utsegna om forma treffer ein forresten på fleire gonger i teksten.

Dagleglivets talehandlingar har oftast eit mål, ein ytrar noko fordi ein veit kva ein vil med ytringa og kva verknad den skapar. I poesien har ikkje ytringa alltid eit identifiserbart mål, men ein kan likevel kjenne att ulike typar av utsegner, slik som ei vedkjenning, ein protest, ein påstand, osb. Målet med den enkelte ytring ser ein heller ikkje alltid i Perverst navn, for ytring og kontekst er ikkje alltid kopla saman, eller eg som lesar har berre tilgang til ytringa, av og til reaksjonen på ytringa, eller fråværet av reaksjon.

Hvilken handling utfører

jeg nå:

 

Jeg tar på meg regnfrakken.

 

Beskyttelse mot regn.

Teksten er oppteken av talehandlingane: Forklare, beundre, protestere, påstå, resignere, evaluere, glorifisere, stadfeste, avvise, vise. Og lesaren er vitne til talehandlingar som ytrar seg om læring og talehandlingar som fører ut or språket, til handgripelegheiter: «Hærverk er å slå og sparke. Plutselig, / uten grunn. Har lært det.»

Men er dette lyrikk? Tidvis synest eg desse lause setningane som kjem nærmast utan rot i nokon tydeleg samanheng, har noko vent ved seg. Dei gjer oss dessutan merksame på kva språket gjer, korleis det handlar, korleis det hender – ikkje kva språket essensielt er. Ja, det er lyrikk, djerv lyrikk. Men så er spørsmålet om denne prosessen, rørslene og utviklinga verkeleg set seg i teksten som heilskap. Det er eg ikkje så sikker på. Kan hende vert ein berre ståande og gape: «Så ekstremt fint. Å stå her. / Kikke ned på møbelet jeg står foran.»