TIDSSKRIFT FOR POESIKRITIKK
211. utgåve | 26. november 2026 | BOKMELDING
I denne diktsamlinga er det plass til eit heilt liv i månaden oktober, inkludert mirakel, metronomar og uteliggjarar som søv på biblioteka.
DIKT
Lars Saabye Christensen
ok. Oktober
96 sider
Cappelen Damm, 2026
AV HELGE TORVUND
Visse poetar treffer meg med større kraft enn andre. Nokre dagar på 70-talet budde eg der biletkunstnaren Jan Groth hadde husvære i København. Benedicte Groth, som var kona hans då, fortalde at mannen hennar hadde laga omslaget til ei diktsamling av ein poet som heitte Henrik Nordbrandt. På norsk ville tittelen på boka vore Spøkelsesspel. Same dagen gjekk eg ein runde i antikvariat og bokhandlarar, og eg fann den vakre boka med Groth sin karakteristiske strek på framsida. På det mjuke og kolsvarte papiret veks to kvite strekar opp på venstre side. Mot toppen er det to frøkapslar eller løkker, eller kanskje to opne spøkelsesmunnar.
Eg slo opp i boka og las litt. Eg kjøpte henne straks. Eg kjende ikkje til dikt av denne poeten frå før av, men kunne vagt hugsa at Paal-Helge Haugen hadde nemnt han i ein samtale ein gong. I det første diktet, side 9, las eg:
Jeg er træt
som om mit hjerte var en brændende flagermuslygte
væltet i en fremmed have
Wow! Etter å ha lest dette, tråla eg antikvariata i Fiolstræde og sikra meg alt eg kunne finna av Nordbrandt. Så trekte eg meg attende til ein krok i ei roleg, brun kro, benka meg med ei bunke diktsamlingar og ein kald øl. Eg vart oppslukt. Eg vart Nordbrandt-fan etter få sider. Då eg såg opp og inn i verda igjen, hadde røynda endra seg, vorte litt underlegare, litt vakrare, litt tristare, litt skrudd. Eg hugsar at det første eg oppfatta var at vaskefilla som mannen bak disken tørka av borda med, likna på den hjernen eg ein gong dissekerte som psykologistudent i Universitetsbygningen på Karl Johan i Oslo.
Mange år med nye, gode Nordbrandt-bøker gjekk, før eg i 1986 kjøpte den nyutkomne diktsamlinga hans som heitte Håndens skælven i november. Nittiein dikt på fire linjer om kjærleik, skohorn, toalett i San Fransisco, gater i Istanbul, poeten Omar Khayyâm, buddhismen, om å rappa ei rose i ein park, ja, om verda og livet. Og fleire dikt handla om november.
Denne lange innleiinga får eg håpa de ber over med, for det finst ein tråd, ein samanheng med det eg eigentleg skal skriva om her.
I 1978 dukka det opp ei diktsamling av ein norsk poet som hadde debutert eit par år før, og som her viste ein evne til å formulera linjer som ofte stod og dirra i eit underleg kryssingspunkt mellom det groteske, det humoristiske og det surrealistiske. Nett dette var eg svært mottakeleg for, og desse små elektriske støyta som slik poesi kunne gje meg, var noko av det som sterkast knytte meg til poesien. Pablo Neruda, Vindtorn og Tor Ulven var andre poetar som hadde slike surrealistiske innslag som eg var sterkt oppteken av, og innan novelleforfattarar, blant anna Julio Cortazar og Svava Jakobsdóttir.
Den unge norske poeten var Lars Saabye Christensen, og hans fjerde bok hadde den underlege tittelen, Kamelen i mitt hjerte. Her er eit dikt frå den samlinga:
Fiskemiddag
Plutselig
sitter vertinnen
med en krok gjennom leppen.
Jeg reiser meg raskt
og holder en tale
om utvidelse av fiskerigrensen
men gjestene bare pirker i maten,
drar frem garnrester
og en sydvest.
Jeg synker ned igjen,
utenfor hører vi
lyden av en propell
og langsomt
glir vertinnen gjennom rommet.
(s.35)
Få norske forfattarar er i den grad byens poet som Lars Saaby Cristensen. Etter å ha skrive trilogien Byens spor publiserte han i 2020 diktsamlinga Byens bokstaver. Det er ei av dei meir personlege bøkene hans, og i dikta der, får ein eit sterkt inntrykk av kor inderleg han identifiserer seg med byen sin. Han skriv i diktet «Interiør/Eksteriør» at han aldri skreiv om den bustaden han vaks opp i, men heller om stadar med andre adresser. Men her står det:
Jeg vokste opp i
Gabelsgate 19, andre etasje, til høyre
Jeg har ventet så lenge
fordi det er sagt at vi er våre omgivelser
Vidare forklarer diktet at dersom han skildra respateks-bordet på kjøkkenet og den grøne sovesofaen han reidde opp kvar kveld, ville han stå i fare for å røpa seg. «Det ville jeg ikke.» (s.41) Nå har han kome til at det ikkje er romma han er prega av, men utsikten. Og konkluderer: «Ikke rart jeg til slutt ble / en handelsreisende i melankoli». Og vemod, melankoli, lengt, blues og utanforskap er verkeleg ein grunntone i Saabye sin bøker. Til dømes i den nydelege og lyttande, innsiktsfulle og detaljrike romanen Kjøkken som kom ut i tidlegare i år. Og Saabye formidlar så mykje meir enn det som kjem tydeleg fram i klartekst. Hjå han er teksten som eit teleskop, medan alt det som skjer nede i den gule undervassbåten på magisk vis spelar med i heilskapen. Ofte er den sterkaste kjensla som ligg under det heile, ei raus omsorg for hovudpersonane i romanen eller for eg-et i dikta.
Så skjer dette. Eg les det første diktet i den nye oktobersamlinga til Saabye, og min indre poesilesar gjer eit uventa og frydefullt hopp av glede, for jammen finn eg ei helsing til nettopp Nordbrandt si novemberbok her, førti år etter at den kom ut, eit vink frå 2026 tilbake til 1986. Boka startar slik:
Hånden skjelver ikke
i oktober
Den er løftet til hilsen
Om den vinker farvel
eller ønsker velkommen
er vanskelig å si
Jeg vil tro begge deler
Løvet har to sider:
Høst og sommer
For moro skyld blar eg over til det siste diktet. Og jau, det har nummeret 91 i staden for tittel, nett som hjå Nordbrandt. Men elles har Saabye sine dikt i boka varierande lengd, frå 3 til 40 linjer.
Lars Saabye Christensen maktar dette som så mange gjerne vil, å skriva variert, men likevel lett gjenkjenneleg. Han er eit uendeleg oppkome av gode formuleringar, alvorlege, morosame, alltid med ein snert som treffer. Her er framleis bilete som er surrealistiske, men like ofte er dei bare gode, verknadsfulle og poetiske:
Heisekranene
dreier over byen
som tunge vinduspussere
på oktobers frontrute
(s.14)
Han får bruk for all sin biletskapande evne, i og med at så mange bilete dreier seg om denne haustmånaden oktober. Han maktar å skapa friske og levande uttrykk heile vegen: «Gresset med nattefrost / som det magre lyset lepjer i seg før frokost» (…) «mens en hegre flyr forbi, så lavt / at jeg kan høre kirkeklokkene slå / mellom vingene». (s.16)
Det Saabye ofte oppnår med sine sanselege observasjonar og sitt oppfinnsame språk, er ein tett nærleik til verda og menneska:
Lukten av frisk tyggegummi
så nær ansiktet
at du ikke turte å åpne munnen
– og i same diktet, eit glimt som dette:
og den første frosten mellom dagene:
En binders av sølv på himmelen
(s.58)
Men poeten gir ikkje slepp på poesiens opning til det leikande elementet. Dette kan hjå Saabye like gjerne nyttast i ei djupt alvorleg og apokalyptisk retning som i den lette leiken. I dikt nr. 34 skildrar han kor ille det går når oktober eit år kom før august og etter juli. Dette fører til at avlingane vert øydelagde over natta og sommartida stansar for godt.
Og spenninga stig etter som september nærmar seg slutten:
Da den siste dagen i september kom
stod vi på kanten
og så ned i et synkehull
større enn middelalderen
(s. 38)
Lars Saabye Christensen leverer sine særeigne observasjonar og fabuleringar på ein måte som fangar vår tids uro og krisekjensle slik bare han kan, med ein humor som balanserer på eit barberblad av presise formuleringar som held lesarens forventningar oppe gjennom dikt etter dikt. Og hans evne til å skildra tida har ikkje tapt seg:
Det hender at dagen er langsom
som et apotek
(s. 86)
Forsyn denne poeten med eit par slitte fraser, og han går til sin verkstad og kjem ut med eit par friske og slåande linjer poesi som får lesaren til å ane eit utvidande smil:
Det er like mange dager i oktober
som det er menneske
(s. 94)
I samlingas siste dikt inngår poeten ein avtale med månaden oktober:
Hvis du lover å slå på lyset hver morgen
skal jeg trekke fra gardinene, mate fuglene
og ikke skifte mening
før mørkets frembrudd
(s. 95)
Men sjølv om diktaren på denne måten prøver å få til ei fin og positiv oppleving i oktober, der ein kan «spise napoleonskake med små gafler / på konditoriet hvor det fremdeles/er lov å røke», så gjer denne diktsamlinga det heilt klart og tydeleg at det går mot andre tider. Nådelaust skildrar Saabye vår komande lagnad og vårt forsøk på å dra til ei anna tid, eit anna land:
I oktober raker tollerne
gifteringer, amuletter, lykkemynter
og gulltenner ut av flammene
Noen trodde de kunne smugle det over
grensen til november
(s.93)
HELGE TORVUND er poet. Han har arbeidd som psykolog og som hovudmeldar av lyrikk i Dagbladet. Torvund har i ei årrekke vore lærar ved den digitale skriveverkstaden Diktkammeret.no. I tillegg til diktsamlingar har han publisert barnebøker, sakprosa, songtekstar og gjendiktingar.
Nyheitsbrevet er gratis og kjem kvar veke.
Nyheitsbrevet er gratis og kjem kvar veke.