207. utgåve | 29. oktober 2026 | BOKMELDING
Med glimt i auga skriv Hans Sande om glede. Og med krasse kontrastar om krig.
DIKT
Hans Sande
Vi kom frå skogen
70 sider
Gyldendal, 2026
AV HELGE TORVUND
Strime var den vakre tittelen på Hans Sande si debutbok. Ho kom ut i 1969. Enkle og ofte underfundige dikt prenta på grå kardus og med neddempa bokbunad vart godt likt på den tida. Boka fekk Vesaas-prisen og kom i nytt opplag. Eg høyrde Hans Sande lesa frå boka si på Vise- og lyrikkfestivalen i Haugesund tidleg på 70-talet i ein fin og mjuk genser i jordfargar. Tilsynelatande ein ganske snill poet midt i tidsånda. Men alt i barneboka Lita grøn grasbok som kom i 1972, møtte lesarane ein meir rabulistisk forfattar med nokre openbart politiske dikt for barn. Boka vart ikkje innkjøpt av Kulturrådet, og ho førte til ein debatt om kva ein kunne tillata seg å skriva for barn.
Etter dette har Sande publisert over femti bøker og fått mange prisar. Men boklista er ikkje dominert av diktsamlingar for vaksne. Om eg har rekna rett, er årets samling den sjette diktsamlinga for den målgruppa, og blant desse finn me ei bok med den fine tittelen «Kunsten å somle».
Når eg tenkjer attende på opplesinga i eit fullsett rom på festivalen i Haugesund, er det litt underleg og samstundes oppløftande at denne fabulerande og leikande forfattaren som så ofte makta å overraska lesaren, blir åtti år i desember og altså gir ut ei ny diktsamling: Vi kom frå skogen i haust.
Her finn ein dikt av ein poet som har klart å ta vare på det leikande og nærast magiske i den barnlege haldninga til naturen kring han. Me veit sjølvsagt at ‘eg’ i eit dikt ikkje treng å vera diktaren sitt eige eg, og de kan godt ha det i bakhovudet. Men her er det så mykje som stemmer med poetens livsløp, at eg gidder ikkje grubla på det. Eg-et er eit menneske-eg, og om det er Sande eller deg eller meg, så er diktet treffande når det treffer, og slåande når det slår.
DUGNAD
Eg stikk spaden i jorda
og snur ho mot sola
Kvifor ler eg som ein unge
kvar gong raudstrupen dukkar opp
med sine spinkle føter
og tirande auge?
Fordi raudstrupen
og eg har fått i oppgåve
å lokke fram ein ny vår
(s. 16)
Denne spontane gleda ved dei små tinga har noko grunnleggjande sympatisk ved seg. Sjølvsagt har eit langt liv sett sine merke og endra kva han skriv om, sjølv om metoden han nyttar har mykje av det same i seg som dei første dikta han publiserte hadde:
GAMLUNGAR
Eg søv frampå
og du listar deg inn for å sjå om eg er daud
Du søv lydlaust
og eg stiltrar meg inn for å høyre om du pustar
Engstelege gamlungar
søv uroleg
usikre på om den nyfødde kjærasten
med sitt vesale hjarte
vil overleve fram til neste morgon
kyss
(s. 43)
Sande skriv varierte dikt når det gjeld tematikken, men samstundes held han seg innafor eit område som er hans eige. Han kan overraska oss i det einskilde diktet, men er likevel gjenkjenneleg i tema og metode.
Du har trakka gjennom eit hol i språket
og kjem deg ikkje opp att
(s. 44 )
Rett som det er kan dette føra til nokre svært råkande og tankevekkjande uttrykk, som i siste linja i diktet «Gøymestad»:
Eg har eit rikt indre
dyreliv
og skjerre fuglar
søkjer tilflukt mellom greinene mine
Men eg slepp ikkje unna:
Overalt tyner folk kvarandre
Teven av menneskeblod
stig opp frå velskapte hender
Verdas vakraste drapsvåpen
(s. 21)
Ikkje mange kjem opp på det nivået av forbløffande kontrastar som den siste linja der.
Og denne poeten kan ikkje koma utanom dei aktuelle storpolitiske hendingane som me får så mykje av gjennom ulike media. Men maktar han å skapa ein poesi som rører ved noko i oss? Trengjer krigsdikta gjennom nomenheita som årevis med brutal informasjon i nyhendespråket har skapt? Som oftast gjer han faktisk det.
MJUKT SJØLVFORSVAR
Så snart bulldosaren har rasa frå seg
plantar dei eit nytt tre
i gropa etter det gamle
(s. 29)
Men det er eit svært vanskeleg område å gje seg inn på. Samstundes som det kan kjennast svært påtrengjande for den som skriv å gjera det, å ikkje unngå dei vonde og vanskelege tema som heile tida finst der i media, meir eller mindre nært oss. Meir eller mindre midt mellom oss. Og etter ei tid så teier me om det. Makteslause lyttar me og kjenner på ei avmakt.
I diktet «Når offeret blir bøddel» løftar Sande fram tankar som mange har tenkt, og det med skrekk over korleis ting kan repeterast på ein måte som gjer at den som me sist av alle ville trudd kunne utføra dei mest brutale gjerningar, endar opp med å utføra mot andre, handlingar som minne om det forferdelege som dei sjølv som folkeslag har vorte utsett for:
NÅR OFFERET BLIR BØDDEL
De høyrer kviskring frå snublesteinar
og seks millionar umerka graver
med krav om blodhemn
Men kven skal sone?
Kven skal drivast bort og kverkast?
Eg kan også høyre
kviskringa og gråten
Men er det ikkje bøner om å få kvile i fred
utan å få minnet dynka
med annan manns blod?
(s. 26)
Nokre av dikta vert haldne oppe av ordspel eller eit slåande språkleg poeng. I ein del tilfelle vil slike «poengdikt» ikkje stå seg så godt ved fleire gongs lesing, fordi overraskinga er oppbrukt. Men likevel kan eg ha glede over måten han skreller ned dei store orda og abstraksjonane og landar dikta i ei svært konkret og menneskeleg verd:
VINNARLODDET
Det største eit menneske kunne oppleve
på bedehuset
var å bli frelst og få vandre med Jesus til Paradis
Men eg tvilte
eg trudde
det aller største var å vinne fruktkorga
(s. 48 )
I diktsamlinga er det emosjonelle vengespennet vidt. Frå gleda ved å sjå raudstrupen når han arbeider i hagen, til det å ærleg innrømma at livet innimellom ikkje har så mykje meir å by på. Poeten tillèt seg å vera mett av dage. Med Sande-snert i avsparket.
LEVE LENGER
Eg vil ikkje leve lenger
Men så snart eg opnar munnen
og seier dei orda høgt
får eg lyst til å leve litt til
Eg vil ikkje leve lenger
(s. 63)
Diktsamlinga har fleire tema som går igjen, men komposisjonen er ikkje så streng og openberr, at ikkje dei fleste dikta lever godt på eiga hand, som einskilde dikt. Men det er fint å sjå nokre grep der dikt mot slutten av samlinga peikar attende på opningsdiktet. I det første diktet skriv han at han går ned til sjøen for å sjå kva fuglane skriv til han i den våte sanden. Mot slutten kan ein lesa følgjande linjer i diktet «Postludium».
Snart kan eg berre by på blanke ark
Ingen nye ord kjem piplande
inga skrift av fuglefot i sanden
ingen magisk melodi kjem stigande
Fint ferdig no
og leitinga var det eg fann
Sande sine dikt er fulle av spenningar og kontrastar. Her er ein hegre som ventar på vak med ein lovnad om at alt skal bli som før, medan det står ein annan stad at naturen ikkje let seg lura av fagre ord. Gleda over å sjå ein raudstrupe står i skarp kontrast til det at han ikkje vil fortelja oldebarna om vipene som dansa så lystig kvar vår då han var ung.
Ternene stuper i eit dikt der krigsfly så dukkar opp og ein annan stad hadde det lagt seg ei tynn hinne av krig over spegelen og over panna hans så han ikkje lenger kunne tru på kjærteikna. Av og til er desse motsetjingane krasse og så skarpt formulert at det stikk i oss. Andre gonger er dei meir stillferdige, som i diktet «Siste reis»:
Sliten og mødd etter langferd
kjem eg sigande
nedover dei siste svingane
mot fjorden
Ingen fuglar kan eg høyre
stabbesteinane er borte
ingen ungar spring meg i møte
Men gjennom krattskogen
skimtar eg lys i enden av tunellen
Heimatt kom eg
tidsnok til å sjå
heggen bløme
(s. 67)
HELGE TORVUND er poet. Han har arbeidd som psykolog og som hovudmeldar av lyrikk i Dagbladet. Torvund har i ei årrekke vore lærar ved den digitale skriveverkstaden Diktkammeret.no. I tillegg til diktsamlingar har han publisert barnebøker, sakprosa, songtekstar og gjendiktingar.
Nyheitsbrevet er gratis og kjem kvar veke.
Nyheitsbrevet er gratis og kjem kvar veke.