TIDSSKRIFT FOR POESIKRITIKK

193. utgåve     |    28. mai 2026    |     BOKMELDING

Søk

Smelta om

Moderne og tradisjonelle diktformer vert smelta om til eit salt land som står fram i eit nærast mytisk lys.

AV HELGE TORVUND

DIKT

Fredrik Parelius

Salt / Land

70 sider

Gyldendal forlag, 2026

LYTT TIL BOKMELDINGA

Moderne og tradisjonelle diktformer vert smelta om til eit salt land som står fram i eit nærast mytisk lys.

DIKT

 

Fredrik Parelius

Salt / Land

70 sider

Gyldendal forlag, 2026

AV HELGE TORVUND

Det er langt mellom kvar gong ein poet debuterer med så gjennomarbeidde dikt som dei ein finn i Salt Land av Fredrik Parelius. Med fleire omfattande perspektiv og originale språklege grep, skapar denne poeten eit univers med lang historie, der jord, hav og himmel, botanikken, livet i havet og ikkje minst språket sjølv er med på å fargeleggja og falda ut ei sanseleg og levande verd der dei ulike delane og dikta heng saman på både openbart og subtilt vis. Dette gjeld òg den varierte måten dikta er forma på og med linjer som vert gjentekne. Til slutt samlar Parelius trådane med 14 linjer frå tidlegare dikt i boka til ein gjennomført sonett, slik ein avsluttar ein sonettkrans.

Eit viktig element i mange av dikta er korleis endring skjer over tid – og om alt som er forgjengeleg. Her er til dømes fleire dikt om ulike bål og om flammane si transformerande kraft: Sjarkbål, Fornminnebål, Månestrålebål og Fjøsbål. Mykje vert endra av aldring og tida som går i liv og landskap. Og mykje vert endra av flammane.

Poeten faldar ut språklege verkemiddel med ein entusiasme og kunnskap som gir ei stor kjensle av fridom. Gjennom uventa og overraskande bruk av punktum og ikkje bruk av teikn der ein skulle forventa det, oppnår Parelius å understreka denne fridommen og noko spontant og leikande, samstundes som både tema og dei stramme rammene får fram alvor og seriøsitet.

Eit nydeleg døme på korleis diktlinjene flyt og rører seg gjennom tid og rom, og famnar inn mange aspekt ved levd liv, finn me i diktet Om minneskyggene som sluttar slik:

I minneskyggene aner jeg også streif av noe

eldre. Hagens grønt over grønt over grønt. Former ugjen-

kallelig levende i former. Skygger av skygger som vitner

om håndlag med redskaper husket som regler,

         om omsorg for at det ble som det ble,

                  om sentimentale sedimenter falt til bunns

                           i glassene under stive øyne,

                                     som klirrer i ettermiddagshagen

                                               der skjøre bilder skapes og spoles,

upåvirket av den nygamle kjøkkenklokkens trivelige tikken

gjennom virkeligheten (svart-lakk, svart-lakk), og hendene

som vasker opp glassene og flytter de havarerte ekteskaps

brudebilder lydløst fra veggen til skuffen.

(s. 13)

Her er så mange dikt ein kunne ha lyst til å sitera, men eg kan bare oppfordra lesarar til å finna sine eigne favorittar. Eit av dei finaste dikta i mine auge er eit av dei tre dikta om menneske med det same namnet, Emil Parelius. To av desse dikta har både fødselsår og dødsår bak namnet, men bak namnet på dette diktet står det bare fødselsåret: 1933.

Det er eit dikt fokusert på det hendene gjer:

Jeg ser deg gre garn, ta i tre,

hespe bruk, spleise tau, sløye, skru,

klemme tingene til.

Og mønstrer knokkelkonturer, blodårefurer,

skygger som lander i fingrenes vinkler (…)

I Salt Land finst det ei levande kjelde, eit oppkome, ei olle av språkleg overskot og ei konsentrert mengd kunnskap og erfaringar. Ei imponerande blanding av presise observasjonar og leikande spontanitet, men dei musikalske improvisasjonane er ein del av ei medviten ramme der del og heilskap spelar med og mot kvarandre i eit vakkert avstemt samspel. Eg tek meg i å tenkja at det grenser mot det ufattelege å få til noko slikt som dette.

Nokre dikt er kvilepausar i det dei har eit meir alminnelege språk, i ulike ordinære og avgrensa språkformer, før det igjen tek av i ei frodig blanding av tradisjonelle former og nyskapte eksperimenterande oppsett, uventa teiknsetjing og linjedeling, ofte krydra med dialektord og klangar, rim og regler. Smaken av salt, lukta av bensin og bål, synet av sverdliljer og fiskeblodblekk, balderbrå og sakrale søyler av osp. Vakre bilete, fine fargar, godlyd og velklang vert famna inn og vist fram som ein sjølvsagt del av heilskapen.

Og plutseleg kjem det eit par linjer som får meg til å tenkja på Bob Dylan og Not Dark Yet:

Det er ikke midnatt ennå,

men det mørkner.

(s. 40)


It’s not dark yet, but it’s getting there.

Om ein vil kan ein sjå på ei av linjene i «Månestrålebål» og finna to ord som er som ei oppsummering av heile dette omfattande og mangfaldige prosjektet: «smeltet om».

Ser ein denne boka som eit bål, kan ein merka korleis både dei personlege minna og fornminna, livet i havet og livet på land, moderne og tradisjonelle diktformer vert smelta om til eit salt land som står fram i eit nærast mytisk lys, men som samstundes er fullt av konkret og presis ordkunst.

Min far fordrev alt av fukt med bensinen,

drev varmen opp som en smed.

Sto og smeltet om.

(s. 67)

Å få lesa ein slik kombinasjon av minne og kunnskap og sansingar transformert til mangetydige dikt med svært ulike uttrykk, kan gi trua på poesiens kraft og utvidande verknad eit løft, og det gir meg som lesar ei stor glede over dette evnerike og varierte diktverket, samstundes som her er gåtefulle ord og uttrykk som inspirerer og gir ein lyst til å slå opp orda si historie og finna ut meir om dette utsnittet av landet vårt som er omgitt av havsalt og bølgjande sjøvatn, like utanfor der tang og tare er i ferd med å verta heilag mold og land.

HELGE TORVUND er poet. Han har arbeidd som psykolog og som hovudmeldar av lyrikk i Dagbladet. Torvund har i ei årrekke vore lærar ved den digitale skriveverkstaden Diktkammeret.no. I tillegg til diktsamlingar har han publisert barnebøker, sakprosa, songtekstar og gjendiktingar.

ABONNER PÅ KRABBENS NYHEITSBREV

Nyheitsbrevet er gratis og kjem kvar veke. 

ABONNER PÅ KRABBENS NYHEITSBREV

Nyheitsbrevet er gratis og kjem kvar veke.