TIDSSKRIFT FOR POESIKRITIKK

170. utgåve     |    20. november 2025    |     BOKMELDING

Reven og alle oss andre

Eit år i revens revir skildra i fortetta og naturnære bilete.

AV HELGE TORVUND

DIKT

M. Seppola Simonsen

Repovuosi // Reveår

81 s.

Flamme Forlag, 2025.

LYTT TIL BOKMELDINGA

Eit år i revens revir skildra i fortetta og naturnære bilete.

DIKT

 

M. Seppola Simonsen

Repovuosi // Reveår

81 s.

Flamme Forlag, 2025.

AV HELGE TORVUND

I M. Seppola Simonsen si tredje diktsamling, Reveår, står den naturnære poesien heilt sentralt. Og den vert presentert for oss med få avgrensingar eller isolerte og definerte element både når det gjeld skriftspråket som er nytta og i det levande universet som poeten så verknadsfullt maner fram for oss.

Her er ingen store bokstavar, komma eller punktum. Dei få dikta som er skrivne på kvensk står i kursiv og det gjer òg den norske versjonen av nett desse dikta. Elles liknar oppsettet mykje på det me hugsar frå tidleg modernisme. Og det fungerer verkeleg fint her. Eg opplever det som eit sympatisk gjensyn med denne skrivemåten.

Av og til nyttar Seppola Simonsen overraskande og fortettande ordrekkefølgje, som i linja «løvkrone høyt oppe en morgen i gul» og «verdens beboere belyses». Dette blir gjort på ein måte som får det sanselege sterkare fram. Dikta inneheld i det heile mange konkrete sansebilete som gjer verda dikta rører seg i gjenkjenneleg. Me vert tekne gjennom harde vinterdagar: «bak fokket er himmelen blå» og «tiden er en hard jeksel». Det er noko ved desse fortetta orda som får meg til å tenkja på visse finske poetar som Tuomas Anhava og Bo Carpelan.

Trass skildringa av kalde kår med svolt og frost, maktar denne poeten å skildra forholda på ein måte som gjer dikta vakre og velformulerte. Ofte også med uventa fargerike vendingar:

der det før var uutholdelig kaldt
er det nå rødrev


(s. 36)

Litt i tråd med den manglande teiknbruken flyt også elementa i dikta over i kvarandre, slik at det ikkje alltid er tydeleg kva som er kva. Lesaren kan for eksempel ikkje alltid vita kva pronomen som ‘jeg’, ‘meg’, ‘du’, ‘oss’, ‘vi’, ‘dem’ viser til. Av og til er det openbart reven og revar det handlar om:

nå som kulden er på sitt dypeste

finner to jegere sammen

de sover pels mot pels

av nødvendighet, men

også lengsel


(s. 37)

Og når det går mot vår og varme, kan det dreia seg om ei revemor med hennar kvelpar:

også i det stjålne hiet

holdes ni valper

blinde og døve i varmen

til hun som har båret dem frem

hun som nå slikker de lukkede øynene

for å si at hun er nær

som tålmodig lar små munner

finne varm melk


(s. 38)



Andre gonger er det openbart at det er eit menneske som talar til oss:

jeg gikk

langs en smeltende elv

da jeg så den blanke tannen

i en sort rots armkrok

brei og kvass

jeg plukket jekselen opp

lot den presse mot håndflaten

(s. 49)

Mykje i desse dikta handlar om naturelement som elva, myra, tre, ein stein, regnet, morgongryet, snø og kulde. Og dei gongene ein ikkje veit heilt kva pronomena viser til, er med på å understreka samanhengen mellom dyra, naturen og mennesket.

som ungdyr går vi 

ut i morgenen 

to og to 

dit hvor dalen byr 

på bjørnebær og vann 

fra sorte bekker 

først spiser vi 

så vasker vi munnen 

så piler vi hjem 

hale i hale 

(s. 65)

Nokre av dei uventa biletspranga kan gjera det vanskeleg å følgja poeten og visualisera det som skjer i linjene, men i denne rike diktsamlinga oppnår M. Seppola Simonsen å skapa dikt som får fram mange sider av det som er samla under tittelen Reveår, og korleis alle dei ulike elementa er del av ein større heilskap der ting år for år vert til og går til grunne. Revar vert fødde og byttedyr blir drepne. Våren kjem med snøsmelting og nytt liv, og denne poeten tek vare på og fornyar poesitradisjonen som har skildra dei store sirklane av nyfødt og forgjengeleg, augneblink og æve. 

planetariske krefter dreier himmelen
slik at natten blir værende hos oss 
hvor den kan trekke inn 
i alle levende ting 


(s. 25)

HELGE TORVUND er poet. Han har arbeidd som psykolog og som hovudmeldar av lyrikk i Dagbladet. Torvund har i ei årrekke vore lærar ved den digitale skriveverkstaden Diktkammeret.no. I tillegg til diktsamlingar har han publisert barnebøker, sakprosa, songtekstar og gjendiktingar. 

ABONNER PÅ KRABBENS NYHEITSBREV

Nyheitsbrevet er gratis og kjem kvar veke. 

ABONNER PÅ KRABBENS NYHEITSBREV

Nyheitsbrevet er gratis og kjem kvar veke.