195. utgåve | 11. juni 2026 | BOKMELDING
Dikta snakkar både til og med lesaren. Og mens ein les, gir dei lyst til å sitera, til å dela.
DIKT
Einar Økland
Karikaturar i spegel med hol
108 sider
Samlaget 2026
AV JAN ASKELUND
For lesaren har Einar Økland alltid vore her. Sidan han debuterte med diktboka Ein gul dag i 1963, har han gitt ut tital på titals titlar i alle sjangrar – dikt, barnebøker, dramatikk og essaystikk, kulturhistoriske skrifter, romanar og noveller. Han har kryssa og blanda sjangrar, og han har utvikla og fornya dei (dei mange barnebøkene er aleine ei litteraturhistorie for seg). Og undervegs skapt sine eigne.
Økland er gjenkjenneleg på laget, samstundes som han alltid har noko nytt, noko anna og meir å legga til. Omslaget (av Aslak Gurholt, design Magnus Osnes) er her oppsiktsvekkande i seg sjølv, her det skin i sølv og skiftar sjatteringar med vekslande lys, mens framsida og innbretten har sine spegelvendte motstykke bakarst i boka. På det viset blir bindet si eiga fysiske innramming av heile det tekstlege innhaldet, nett som tittelen kallar det: Karikaturar i spegel med hol. Det er elegant gjort.
Sjeldan ser ein maken til ei heilskapleg bok som dette. Kvar ein måtte velja å slå opp, vil lesaren få ta inn eit visdomsord, eit bonmot, eit heimegjort ordtøke, ein aforisme formulert som poesi, eller omvendt, som det raskt blir i ei diktbok av Økland: lesaren presenterest for eit dikt som samstundes er ein ferdigformulert devise å ta til seg.
For så å reflektera – ordet kjem nesten ubede i denne samanhengen – over kva ein spegel er, med eller utan hol. Ein ser i alle fall ikkje anna enn det som er framføre og på baksida av spegelglaset, med andre ord seg sjølv – poeten heilt umiddelbart først, så konturane av seg sjølv lesande over skuldrene på han. Og er det som i tittelen hol i spegelen, støyter blikket likevel på den hinna av sølv som alt etter lyssetting gjer spegelen til spegel og poeten blir å sjå.
Og så annonserer tittelen på boka at her handlar det om karikaturar. Ein karikatur skal nettopp karakterisera den portretterte og få fram særkjenne ved personen; dessutan vera morosam. Rett nok kan han henga den karikerte ut, men kanskje helst slik at vi smiler og nikkar, inniblant også flirer og ler, også når vi gapskrattar. Men her er også ein rest blygskap og overberenheit som gjer det uthaldeleg å studera den karikerte. Ømheit, varme, til og med «medynk» (49). Når poeten heiter Einar Økland, kjenner lesaren både han, skrifta hans og seg sjølv igjen der han får ein spegel halden føre seg (som det også heiter) og betraktar seg sjølv i ein ikkje heilt perfekt spegel, perforert som han er.
Slik blir spegelbildet fordreidd – fordreidd så det blir rett. Og slik fungerer då kunsten at portrettet til slutt kan likna meir på den portretterte enn han gjer sjølv, men:
OBS!
Hald blyanten roleg – elles
skriv den utan å snakke
med den som les.
Dikta i denne samlinga inneheld heile 96 titlar – bare to av dei på meir enn éi side. Dei snakkar både til og med lesaren. Og mens ein les, gir dei lyst til å sitera, til å dela. Her er nok å ta av: «Eller drøymde du kanskje feil?». Dikta taler elles gjerne i bydeform, imperativ; dei påstår; om dei då ikkje som her, spør; dei undrar seg; dei kommenterer; dei kan vera bistre («Vi kan alle miste vår apati / viss den blir forstyrra»); dei kan uttrykka resignert akseptasjon: «Det er for mykje klaging her / nå for tida – for er ein / i live skal ein jo ikkje / sutre, då heller / gjere som vekkarklokka – vent / for å tikke vidare her / slik ein er innstilt.»
Her så mange modus, stemningar, haldningar, også haiku-liknande:
Snu ryggen til månen
ute på vatnet
slik vatnet gjer det.
Her er så mangt, gjerne finurleg, inniblant forakteleg, avvisande eller hånleg, men også nysgjerrig glede over livet, som i «Røynd naivist»: «Det som er vakkert liknar ikkje ryktet sitt / før ein av oss oppdagar det. / Vakkert også dette.» (utdrag, 55) På side 59 står det: «Vi som har alt, vi har mykje å skjule». Det er ikkje bare godt sagt, glupt kanskje, eit bonmot, men også så effektivt at det blir sittande lenge etter at den spontane gleda over det er forbi, for:
Saltet er også godt
når det ikkje er sakna
og likevel er der.
står det i «Forståing etterpå» (91), med ettersmak til ettertanke.
Einar Økland er det dei kalla ein poeta doctus. Han er nok kunnskapsrik, klok, vis og innsiktsfull – alt det der, men krev ikkje særlege forkunnskapar eller meir av lesaren enn at han er oppegåande og har auga opne foran den spegelen han tilbyr ein å titta i, med eller utan hol. Det er ikkje mange som kan den kunsten å seia så mykje med så lite tekst som Økland gjer her.
Jan Askelund (1940), kritikar, forfattar.
Nyheitsbrevet er gratis og kjem kvar veke.
Nyheitsbrevet er gratis og kjem kvar veke.