191. utgåve | 14. mai 2026 | BOKMELDING
Mangfelt og samansett økopoetisk langdikt.
DIKT
Gunvor Nervold Antonsen
I meg finnes du
Etterord av Erland Kiøsterud
H//O//F (House of Foundation), 2026
AV SINDRE EKRHEIM
Dette å tale naturens sak, slik langdiktet i Gunvor Nervold Antonsens I meg finnes du gjer, rommar ein mogleg motsetnad: Viss ein gir menneskerøyst til naturfenomen, vil ikkje naturen framleis vere under menneska sitt herredømme? Er det gjeve at mennesket kjenner «saka» til naturen. «Sak» er eit byråkratisk lada ord, veva inn i det komplekset som verkar å bidra til klimakrisa og naturøydelegginga. På ei anna side er mennesket også ein del av naturen, og omvendt, ja, slik tittelen I meg finnes du så ope signaliserer. Soleis har mennesket i all fall prinsipielt ei kognitiv moglegheit til å kjenne og erkjenne naturens sak.
Langdiktet til biletkunstnaren og poeten Gunvor Nervold Antonsen er omfangsrikt på fleire plan. I tillegg til diktet finst ein seksjon med fotografi av ulike landskap og naturformer og eit etterord forfatta av Erland Kiøsterud.
Utseieposisjonen i langdiktet er snudd om dersom ein ser den i høve til tradisjonell naturlyrikk: Det lyriske eg-et er ikkje det observerande eg-et som tek inn landskap og naturformene. Her er det lyriske eg-et naturen som vender seg til eit du, som, slik eg les det, representerer mennesket. Slik kan ein seie at utseieposisjonen reflekterer ei degradering av menneskesubjektet: Mennesket vert ein lyttar til naturens tale. Ein som sansar. Og som me erfarer i løpet av diktet, er du-et også ein stigvandrar og talsperson for naturen i møte med politikarar og forvaltning. Og så er det interessant å registrere at denne besjela naturen sjølv er årvaken og medvite om du-ets eksistens: «og du løper over myrene / vader i bekkene, bader i kulpene, tjønna, myrhøl og fosser, / hopper i strykene».
Boka er organisert som ein årtidssyklus, med fire avdelingar «Vårn», «Såmmårn», «Høstn» og «Vintern». Kvar årtidsavdeling skil seg markant når det gjeld form, språk og motiv.
I «Vårn» er det vårløysing. Heile avdelinga yrer av liv og lyd, av artar, fuglar, vekstar. Her kjæler diktet med artsnamna som hopar seg opp. Akkumulasjonen av naturkunnskapar lek utover boksidene, som enkelte stadar er forsynt med fotnotar.
Her kjem remser som dette tett:
og bjørkesmeller, brunstripet kjukemøll, trebiter og furusvermer,
rød skogsmus og barskognonne, hvitbåndhopper, blinding,
myrperlemorvinge, stor og liten gaffelstjert, svarthvit
bartrespringer, lærløper, fjellbjørkemåler, tørddivil, flugur å gvefs
Om det altså gjeld for mennesket å lytte til naturen, så kan eg ikkje skjønne noko anna enn at ord som «myrperlemorvinge» må få det til å rykke i øyremuslingen.
Sjølv om «Såmmårn», som introduserer oss for den konkrete rovdrifta og naturøydelegginga i form av ein aggressiv hogstmaskin, utgjer ein motsetnad til «Vårn», er denne avdelinga også prega av språkklang, lyd og larm – frå det moderne skogsarbeidet:
så hører du lastbærern starte
pip fra rygginga inn i slepene
hjulknirk mot belter
slag fra krana
klangen av gripekloa
dunka når trea slår borti stakene i nedsleppet
påfyllinga, frekvensen som økes, senkes
laster på og kjører ut til tømmervelta
bygger opp bånnfloa
stabler lunnene for henting
Eg undrar meg litt når eg les desse sekvensane fordi naturøydelegginga, altså skildringa av arbeidet og maskinane som høgg ned tre raskare enn ein blunkar, står fram som litterært gripande og vene. Definitivt står dei i kontrast til det som gjekk forut, men også det som følgjer, kor du-et freistar å «Tale naturens sak» ovanfor politikarar, byråkratar lokalt og nasjonalt. Det syner seg umogleg å gjere noko, fordi også desse instansane er underlagd kapitalismen og marknadssystemet. For å følgje opp klangsporet i denne meldinga, så er vi no komne over i rope-stadiet. Du-et vert på grunn av naturengasjementet angripen av enkelte i bygda, i store, stygge bokstavar.
Grafisk utståande er avdelinga «Høstn». Over eit trettital sider vender og snur orda seg, og til saman dannar dei ein vandringsstig. Vandringa består av stadnamn og enkelte opplysningar knytt til nokre av stadene. Her må lesaren snu og vende på boka for å følgje vandringa frå Høłmetjønn til Błekkje. I denne avdelinga oppstår ein forunderleg klangleg og visuell stadnamnpoesi som rører og bevegar seg.
Det er eit ganske så samansett og mangfaldig økopoetisk verk Gunvor Nervold Antonsen har laga. Her er både tekst og visuelle element i teksten, samt ein seksjon med fotografi. Trass i at dei ulike delane arbeider i ulike retningar reint estetisk og formelt, finst det eit overordna grep som held det samla: Mellom anna årtidssyklusen, samt at ei vagt utvikla forteljing ligg i botn. Den forteljinga som handlar om tilhøve mellom du-et og eg-et og kampen for å bli lytta til. Eg synst det er ei glede å sjå at økopoesien lever og utviklar seg. Og så er det å håpe at økopoesien ikkje blir ein rein minnesjanger over tapt natur: «hvilket sted i deg / er det nå som forsvinner / for deg / for alltid».
Sindre Ekrheim, f. 1967, er poet, kritikar og redaktør for Krabben.
Nyheitsbrevet er gratis og kjem kvar veke.
Nyheitsbrevet er gratis og kjem kvar veke.