203. utgåve | 1. oktober 2026 | BOKMELDING
Å slå to diktbøker saman i éi bokmelding insinuerer at dei har noko med kvarandre å gjere.
DIKT
Morten Wintervold
Heia heia knokkelen
127 s.
Cappelen Damm, 2026
Sara Li Stenstrud
Jeg husker framtida
90 s.
Oktober forlag, 2026
AV SINDRE EKRHEIM
Dikt skal gjerne lesast på eigne premiss. Å slå to diktbøker saman i éi bokmelding, insinuerer at dei har noko med kvarandre å gjere, ja, sjølv når det ikkje er openbert. På ei anna side: Dikt er jo dikt. Og ei parallellførande lesehandling, der dei to diktbøkene dannar ein konstellasjon lik eit stjernebilete på nattehimmelen, er fruktbar fordi bøkene då i det minste kontrasterer kvarandre, ja, sjølv også viss dei estetisk støyter kvarandre vekk, vert dei ståande i den spenninga. Og skulle ein lykkast med å finne punkt som konvergerer, har ein rettferdiggjort oppgåva, men kanskje også med litt tvang bøygd lesinga for å få dei til å passe i kvarandre.
Morten Wintervolds Heia heia knokkelen og Sara Li Stensruds Jeg husker framtida deler noko utover det å vere poesi som står i diktbøker. Båe diktbøkene er nemleg forankra ein stad utanfor samtida. Og denne forankringa vert til sentralmotiv i diktbøkene. Motivet heiter framtida i Sara Li Stensruds andre diktbok – og det ber namnet knokkel i Morten Wintervolds niande diktbok. Med ein mørk horisont prega av pandemi, krig og ein eskalerande miljø- og klimakatastrofe, kan ein gjerne etterlyse (meir) framtid eller framtid overhovudet. Sidan framtida er vorte mykje vanskelegare å førestille seg mentalt, globalt, ontologisk og eksistensielt, ligg det noko håpefullt i at båe diktbøkene på kvart sitt vis likevel minner om, og insisterer på, ho.
Sjølv om arkeologane vender seg mot fortida når dei grev fram ein knokkel, er ein knokkel i botn ein framtidsartefakt. Idet dei oppstår som knoklar, er dei i framtid. Eit gravleggingsritual rettar seg også mot framtida. Ei utgraving har også ein framtidshorisont: Ny kunnskap. Morten Wintervolds diktbok startar med funnet av ei vikingkvinne som gjer at «anleggsmaskinene / blei satt i bero på grunn av en knokkel». Tida, det vil seie samtida og det lineære framsteget si tid, med sine utbyggingar og naturøydeleggingar, stoggar dimed opp. Bevaringa og redninga av framtida kan altså liggje i funnet av ein einsleg knokkel.
Diktboka held, med stor konsekvens, oppe dette opningsbiletet. At lesaren skal tilleggje biletet vekt, er det ikkje tvil om når diktet regjerer aleine i den første av i alt fjorten avdelingar i boka. Referansar og ymt til dette grunnbiletet støyter ein på utover i diktboka:
vikingkvinna
blei gravlagt i en båt
sammen med sine smykker
i henhold til skikken
skal jeg bli funnet i en blankpolert
Volkswagen Passat
gravd opp
idet jeg blinker meg ut på fylkesveien
I dikta opptrer også figurar og aktørar som på sitt vis kastar framtidslys: Barnet og den døyande. Wintervold sine dikt er, liksom knokkelen, skorne inn til beinet. Dette er funne dikt, med funne språk, altså ein type found poetry, grovne fram or språkmolda. Dikta til Wintervold er som knoklar. Fram står dei som korthogne, skjelettliknande, konsise poetiske ytringar. Utan dei store ytre faktene slår dikta opp jakkekragen når dei tek seg gjennom den strie nordvesten. Eller flekker dei gule tennene, kanskje mot dei treningssenterfriske kvite, konforme smila. Og sjølv om dikta verkar enkle og spinkle, vert dei likevel vene, smått uroande, underlege og tankevekkjande. Det er, som her, rett ofte gode dikt:
de daffe
de sløve
de det ikke er noe piff i
det blir spøkelser av dem
men de andre
hva med de andre, spør barnet
de som alltid kommer først
de som slår opp latterdøra og gnistrer
de har sprut og tæl
hva blir det av dem
Om det ikkje er barnet som spør, så står barnet i sentrum av det mnemoniske poetiske strevet i Jeg husker framtida av Sara Li Stensrud. Framtida står i tittelen fram som noko svekka, forsvinnande, tapt, uoppnåeleg og ikkje lenger eksisterande: Som eit minne. Det lyriske eg-et hugsar attende til ei tid då det kunne fabulere om framtida, då framtid fanst som nærmast uendelege utkast. Sjølv om ein kan ha problem med å plassere det lyriske eg-et sin utseieposisjon, planta som det er i ei spøkelsesliknande tid utanfor tida, utan ein intakt framtidsdimensjon, kan ein lese langdiktet – som i det store består av ei opprekning av alt det eg-et ikkje hugsar om framtida – som ein freistnad på å kome på sporet av ei tapt framtid:
Jeg husker ikke
om barna klynker og
kryper i framtida eller
om de ligger stille
i begynnelsen:
krumme omkring seg sjøl
som ei kiste rundt en skatt
Horisonten vert ikkje så dyster som ein kanskje forventar, fordi diktet som på formel gjentek «jeg husker ikke» dimed nemnar og ramsar opp eit utal – ja eit rikt forråd – av gjenstandar og fenomen frå den attkjennelege samtidsverda. Negasjonen eller fornektinga, «jeg husker ikke / om barna skriker», fungerer slik at den kallar fram og let biletet, som vert fornekta, henge att.
Forma, særleg gjentakinga av «Jeg husker ikke» gjennom heile langdiktet, gjer at ein får minningar til Joe Brainards sjølvbiografiske bok I remember (1975), eller George Perec si Je me souviens (1978, Eg hugsar). Dei 480 passasjane i Perec si bok startar med «Eg hugsar», nett som ein startmotor som set skrivehandlinga i gong på nytt og på nytt.
Der Stensrud er sanseleg suggererande og besvergande og så å seie byssar lesaren inn i transen sin halvmedvitne dimensjon, i ein tilstand av flyt og draum, er Wintervold sine dikt heilt tydleg jorda i kvardagen og i punktet, der kvart dikt utgjer eit skarpt riss, ei kloring eller ei utgraving frå jordoverflata av språkfunn – som dryss av mold og blussande innsikt.
På kvart sitt vis representerer desse to bøkene heilt ulike poetiske utformingar, men finner også saman i ein slags felles poetisk og spørjande bekymring for det som ligg framføre oss. Klarer me å «pusle kotelettene / sammen til en ryggrad», slik Wintervold skriv, eller makter barna «som spirer» å dytte «de mjuke fingra sine / inn i framtida», som Stensrud skriv.
Hos båe ser det ut som framtida må kome frå jorda, opp frå molda.
Sindre Ekrheim, f. 1967, er poet, kritikar og redaktør for Krabben.
Nyheitsbrevet er gratis og kjem kvar veke.
Nyheitsbrevet er gratis og kjem kvar veke.