TIDSSKRIFT FOR POESIKRITIKK

191. utgåve     |    14. mai 2026    |    ESSAY

Søk

Liggja lågt I

Om det å vera aleine og det å liggja lågt som viktige element i skapande skriving hjå Robert Bly (1926 – 2021).

AV HELGE TORVUND

LYTT TIL ESSAYET

Om det å vera aleine og det å liggja lågt som viktige element i skapande skriving hjå Robert Bly (1926 – 2021).

Dette er første del av essayet. Del to kan lese og lytte til her

AV HELGE TORVUND

Det er som om nokon er her med meg, her i dette rommet

kor eg ligg. Øyro sin lengt etter lyd

har gjeve meg denne søte kjensla som eg forvekslar med Henne.

 

Gleda ved å vera aleine, eta orda sin honning.

Rommet med kvite veggar, og Stevens, og sola.

Dette er den gleda sjela har som har teke vare på

seg sjølv trass i fluger og såpe og den muntre sola.

 

Ein er ikkje aleine når ein er aleine, dersom Ho

er her. Det er ei Ho som ingen elskar, ei Ho

som ein elskar når ein elskar det ein elskar.

 

Frå «Det er som om nokon er her med meg 1» i Robert Bly: Morgondikt. Prosadikt og dikt frå nittitalet (1999).

I

Når poetane er aleine og lykkelege, er den Ekstatiske Mora med dei, skreiv Robert Bly ein stad. Det er naturleg å tenkja at Ho som gjekk att i mange av dikta hans, er denne Mora.  Går ein gjennom nokre diktsamlingar av Bly, vil ein finna mange fantastiske uttrykk for denne lykkelege ekstasen. Ofte spring han ut av heilt enkle situasjonar, som å sitja ved noko visna gras, eller gå ein tur i fjøra, eller bare ved å vera aleine eit par timar:

I dag var eg aleine nokre få timar, og sakte
mørkna vindaugo, og lét meg vera for meg sjølv, naken,

utan nokon far eller onkel,

født i ingen land … eg var eit streif av lys
gjennom himmelen,
eit spor i snøen bak markmusa,

noko med
enkle behov, og eit
eller to ønske, som ein låve som vert mørkare av regnet

                 

Alone a Few Hours frå Sleepers Joining Hands (1973).

Det er ein sterk tråd i Bly sitt verk dette med einsemd og sansinga av vanlege ting, og det er kopla til ei nærast mystisk erfaring av å vera i kontakt med ei kraft utanfor ein sjølv, inni ein sjølv.

Det finst ei einsemd som svart søle!
Eg sit i mørkret og syng,
eg veit ikkje om denne gleda
kjem frå kroppen, eller sjela eller ein tredje plass.
                 

«Sitting Alone» frå Jumping Out of Bed (1973)

Eg oppfattar dette som ei grunnoppleving som Bly reiste sine beste poetiske byggverk på. Han har også skildra dette utgangspunktet på ulike måtar i sine essay. Mellom anna viste han til Rilke som er oppteken av det å nytta all den biletskapande kraft ein har, medan ein ser på eit tre. Å gje seg sjølv til eit tre på den måten er ei avgjerande handling, som gjev liv til heile verda. Bly oppfatta dette som ein metode til å heila såret etter Descartes, å skapa ei bru over det skiljet som menneska opplever mellom seg sjølve og naturen, det som for alvor skaut fart etter at Descartes i november 1619 hadde formulert eit filosofisk grunnlag for å sjå på mennesket som noko grunnleggjande annleis enn naturen. Det Bly her snakka om var å koma over og forbi den såkalla «modernistiske splittinga» og gjenoppretta ein posisjon der ein ikkje bare er i dialog med naturen, men står i eit forhold til tinga og skapningane rundt oss, som er prega av likeverd. I forordet til diktsamlinga Purpurprakt-vindelen skreiv Bly:

Det er eit gammalt ordtak som seier: Kvar den som ønskjer å trengja djupare inn i det usynlege, er nøydd til å trengja djupare inn i det synlege.

Gjennom all taoistisk og ‘krumlinja’ tenking går den tanken at våre ulykker kjem av å la ingenting få leva for seg sjølv, kjem av den lengt vi har etter å trekkja alt, til og med våre vennar, inn i oss sjølve, utan å la noko få vera aleine. Når vi første gongen sansar at eit furutre verkeleg ikkje treng oss – kjenner vi oss skremde og nedtrykte. Andre gongen vi sansar det kjenner vi oss glade. I det herlege diktet til Basho heiter det:

purpurprakt-vindelen

noko anna

som aldri skal bli din venn»

Frå Odin House, Madison, Minnesota omsett av Einar Økland.

Men då Robert Bly prenta ein del av desse tekstane om att i boka What Have I Ever Lost by Dying i 1992, skreiv han eit nytt lite forord, som han kalla «Vonbrot og ønske»:

Då eg sette saman dei første av desse dikta … i ei samling kalla Purpurprakt-vindelen, vona eg at ein forfattar kunne skildra eit objekt eller eit dyr utan å gjera krav på det, utan å dukka det som eit negativ i eit framkallingsbad av eigne vonbrot og ønske. Eg trur ikkje lenger at det er mogleg. Våre ønske og vonbrot eig så sterk ein svolt at dei dreg kvar størje og holt tre inn i seg. Eller det kan henda at våre ønske, våre aggresjonar og vårt sinne alt er inne i størja før me kjem nær ho.

I eit objektdikt eller tingdikt, nyttar me vanlegvis eit sparsamt biletspråk, slik at ikkje objektet skal oppløysast i menneskelege bilete, men eg har lært å godta også den fantasien som oppstår i slutten av diktet. Ein kunne seia at den komplekse sjela som våre bilete og språk flyt fram frå, er like mykje natur som eit riskorn eller ei furukongle».

Omsett av H. Torvund.

Eit problem med den posisjonen Descartes understrekar, er at merksemda til menneska tenderer mot å verta retta mot sjølve persepsjonen, tenkinga og dei indre prosessane, meir enn det som vert persipert. Dette tenkte Bly seg kunne føra til at energien vert verande «inne i» mennesket. Og bodskapen til Bly vart då at ein måtte «ut». Ut av vårt eige hus, og inn i det store huset av samanhengar, oikos, som økologien er oppteken av.

Kven du enn er: ta ein kveld eit steg
ut av huset ditt, som du kjenner så godt.

Eit enormt rom er nær, huset ditt ligg der det byrjar
same kven du er.

Dette siterte Bly frå eit tidleg Rilke-dikt. Ein teknikk for å oppnå dette, er å ikkje dekkja heile overflata av eit dikt med detaljar som er prega av diktaren sitt eige liv, men lata der vera rom mellom detaljane, slik at diktet vert transparent, slik at det finst opningar som ein kan sjå ut gjennom.

Eit anna problem med Descartes sitt utgangspunkt, «Eg tenkjer, altså er eg», er at det førte til at ein såg «ut» på tinga i naturen, og ein kunne få den ideen om det ein såg der, at «Dei tenkjer ikkje, altså er dei ikkje.»

Nektar me slik for at det finst nokon form for medvit i naturen, endar me opp med bare ei verd, skriv Bly, og det er McDonald si verd, og den kan ein driva rovdrift på. Det positive i å ta opp denne problemstillinga i høve til poesien, ligg likevel ikkje i å koma fram til eit endeleg svar. Som Basho har skrive, er problemet med mesteparten av poesien at han verken er subjektiv eller objektiv. Men for Robert Bly har denne problemstillinga vorte eit fruktbart og overordna perspektiv som han nærast har skrive si eiga litteraturhistorie ut frå. I boka News of the Universe, Poems of Twofold Consciousness (1980) viser Bly korleis dei ulike posisjonane i høve til naturen får uttrykk gjennom 150 dikt frå ulike epokar.

Det går eit skilje mellom ulike menneske sitt syn på medvit og forholdet til naturen, men dette har også ein parallell i korleis dei ser på tilhøvet mellom kropp og sinn, mellom medvit og det umedvitne. Bly har andre stadar sett på poesien ut frå kor sentrert diktinga er på sinn eller kropp, på tenking eller sansing. Dette er ein klar parallell til dei ulike medvitsposisjonane.

Ein kan til dømes sjå den akademisk orienterte poesien som fengsla av sinnet («mind-obsessed») . Bly skreiv ein stad at sansinga vår, slik den skjer gjennom kroppen, ikkje kan utrykkjast i substantiv fleirtal, men nettopp substantiv fleirtal er svært vanleg i delar av den moderne diktinga, og ser ut til å verta rekna som «poetisk». Men slik oppfattar me ikkje verda når me er til stades i kroppen vår. Me ser eitt lauv om gongen, ein lutheranar om gongen, ei ytterdør om gongen.

Gjennom konsentrasjon kring tinga, kring den einskilde tingen, kom Bly så fram til «Objekt-diktet». Det som er i slekt med dikta til Francis Ponge, som Bly hadde gjendikta, og som var ein av inspiratorane bak prosadikta hans. Denne typen dikt meinte Bly var nyttige når me skulle skildra kompliserte menneskelege sansingar. Samstundes såg han slik konsentrasjon som ein veg mot eit utvidande åndeleg perspektiv, slik me finn det i zen-poesien og i dikta til ein sufipoet som Rumi.

Og då er me attende hjå Rilke att. Det å ta imot livet til eit utanforståande objekt, det å gje seg over i eit syn, kan føra fram til ein einskap mellom mennesket og omverda, mellom menneskeleg medvit og resten av verda. I ein meir total poetisk røyndom kjem også det religiøse aspektet med. «Det var blant bregnane eg lærte om æva.»

Det vart naturleg at Bly først opponerte mot dei som gjekk føre han og rydda nye plassar for poesien å røra seg på, nemleg Ezra Pound og T. S. Eliot. Ezra Pound hadde med sin «imagisme» opna for nye område som poesien kunne utforska, men slik Bly oppfatta både han og T. S. Eliot, var desse framleis ikkje opne for å sleppa meir umedvitne impulsar inn i diktinga.  Men dei var mektige figurar i amerikansk poesi og hadde langt på veg overskygga den poesien som Robert Bly tok til å fatta spesiell interesse for. Bly opplevde nok at dei hadde rørt seg i rett retning, men dei hadde stoppa opp og halde fast ved ein for stor respekt for det akademiske, ved ideane og tenkinga.  Dei vart for mykje hovud-poetar etter Bly sin smak.

 

Teksten er ein omskriven versjon av Helge Torvunds etterord i gjendiktinga: Robert Bly: Morgondikt. Prosadikt og dikt frå nittitalet (Samlaget, 1999).

Andre del av essayet kan du lese og lytte til her. 

HELGE TORVUND er poet. Han har arbeidd som psykolog og som hovudmeldar av lyrikk i Dagbladet. Torvund har i ei årrekke vore lærar ved den digitale skriveverkstaden Diktkammeret.no. I tillegg til diktsamlingar har han publisert barnebøker, sakprosa, songtekstar og gjendiktingar.

ABONNER PÅ KRABBENS NYHEITSBREV

Nyheitsbrevet er gratis og kjem kvar veke. 

ABONNER PÅ KRABBENS NYHEITSBREV

Nyheitsbrevet er gratis og kjem kvar veke.