TIDSSKRIFT FOR POESIKRITIKK

192. utgåve     |    21. mai 2026    |    ESSAY

Søk

Liggja lågt II

Om det å vera aleine og det å liggja lågt som viktige element i skapande skriving hjå Robert Bly (1926 – 2021).

AV HELGE TORVUND

LYTT TIL ESSAYET

Om det å vera aleine og det å liggja lågt som viktige element i skapande skriving hjå Robert Bly (1926 – 2021).

AV HELGE TORVUND

II

Det var merkeleg nok under sitt første opphald i Noreg som Fulbright-stipendiat i 1955-1957, at Robert Bly vart merksam på denne andre tradisjonen. Den som dei spansk-talande poetane Neruda, Lorca, Vallejo og Machado stod for. Ein kan finna parallellar i andre språkområde også. På tysk kan Novalis, Hölderlin, Goethe, Rilke og Trakl trekkjast fram.

Og i fransk poesi er sjølvsagte døme Rimbaud og Baudelaire. I USA var denne typen dikting nærast fråverande, og Bly kom til å sjå det som si oppgåve å introdusera denne diktinga i USA. Han starta sitt eige tidsskrift «The Fifties» (seinare «The Sixties» og så bortetter).

Bly sin posisjon var likevel ikkje ei einsidig poengtering av det umedvitne, slik ein kan finna det hjå André Breton og dei klassiske franske surrealistane. Bly la vekt på samspelet mellom det rasjonelle og det irrasjonelle på ein annan måte. Poeten «spør det umedvitne, eller den skjulte mannen, eller den skjulte kvinna, eller den latente intelligensen, om å koma inn i diktet og bidra med eit par bilete som me kanskje ikkje forstår fullt ut.» Han var heller ikkje nøgd med Pound sitt «image».  Dei djupe bileta (deep image) Bly søkte, skilde seg frå Pound sitt bilete (image) ved at dei ikkje kunne sjåast i den verkelege verda. «Kronblad på ei våt, svart grein» kan ein sjå, medan eit uttrykk frå Bonnefoy som «ein indre sjø opplyst av ørner som snur» ikkje kan sjåast.

«Deep image» har vorte ståande som eitt av dei sentrale omgrepa hjå Bly. Men han var med rette redd for at uttrykket skulle gje assosiasjonar i retning av ei slags geografisk lokalisering i psyken, slik omgrep om det psykiske har så lett for. Når han skulle forklara uttrykket sjølv, nytta han difor metaforar og bilete. «Lat oss tenkja oss eit dikt som om det var eit dyr. Når dyra spring har dei ein fin, flytande rytme. Dei har òg kroppar. Eit ‘image’ er ganske enkelt ein kropp der psykisk energi kan røra seg fritt rundt. Psykisk energi har ikkje lett for å røra seg i eit uttrykk utan ‘image’.

Det var typisk for Bly at han ikkje bygde noko teoretiske system eller utarbeidde tekniske reglar eller manifest. Boka han har skrive om gjendikting, byrjar såleis karakteristisk: «I dette essayet vil eg ikkje handsama teorien om gjendikting, men eg vil prøva å svara på spørsmålet: Korleis er det å gjendikta eit dikt?»  Han drog likevel vekslar både på Jung og Freud og vart kritisert for å skriva ut frå sin eigen heimelaga religion, ein modell som kunne vera vanskeleg å svelgja for andre. Til ei viss grad er ein slik kritikk prega av å koma frå teoretisk orienterte kjelder som ikkje får seg til å tru på at det undermedvitne lèt seg påverka av noko så medvite som språket i eit dikt. Ut frå eit krav om teoretisk klare definisjonar og eit logisk haldbart tankesystem, vil Bly sine utsegner ikkje halda mål. Men Bly var og blei poet. Også når han skreiv essay, og godtok ikkje andre krav enn dei stoffet stilte. 

Skal ein likevel prøva å seia noko om kva som er særeige for denne deep-image-poesien, kjem ein ikkje utanom det Bly i mi omsetjing kalla «poetiske sprang». Dette vart i essayet Leaping Poetry omtala som ei rørsle frå dei kjende delane av psyken inn i dei ukjende og tilbake til dei kjende. Ein kan seia at «deep image» er prega av at det går føre seg raske assosiasjonssprang over store avstandar. Rørslene i desse spranga vert det ikkje gjort greie for, men ein presenterer eit utgangsbilete og eit resultatbilete. Den usynlege rørsla frå det eine til det andre, er noko som utløyser energi; og den avstanden som spranget går over, gjev diktlinjene ei botnlaus kjensle. Det aukar spenninga i dikta.

Rørsla og spranga i dikta til Bly vart altså noko av det som han nytta for å famna store delar av vår livskjensle. Ofte kunne eit dikt byrja med eit bilete av eit landskap og gje sansane våre mat, (uttrykket «å eta orda sin honning» er elles eit godt døme på korleis sansinga frå våre konkrete smaksorgan spring over til det abstrakte språkomgrepet «ord»), så vender det seg innover, gjerne med ei endring i røysta, og fôrar assosiasjonane og tankane våre. Bråe sprang opnar for rom der diktet vert gjennomsiktig slik at ein ser ut i eit større rom, og i desse rørslene kan det umedvitne verta aktivisert for å fylla ut avstanden mellom bileta. Bly kunne på denne måten setja i sving mange delar av lesaren og opna opp for raske assosiasjonar som knyter ulike delar av livet saman. Ein lett distansert tone i røysta når ein snakkar om intime ting, kan føra saman refleksjonar og kjensler. Eit plutseleg sprang frå ein trestubbe til store åndeleg orienterte bilete, eller mot ei ekstatisk lykke, får oss til å kopla kropp og sjel på ein overraskande måte.

I staden for å innta ein høgtståande synsstad med overblikk og autoritet, ser det ut til at det å liggja lågt var ein posisjon der Bly lettare fekk kontakt med ein naturvisjon, der menneska kunne gå opp i ein heilskap. Det finst mange døme på dette i tekstane hans:

(eg) kjenner ein lengt etter å leggja meg på kne, setja knea mot jorda. Noko i meg flyg ut over vatnet som bitar av lyn …

Frå «Morgon ved innsjøen».

 

Dersom me legg oss ned på kne og pustar inn angen, kjenner me oss plutseleg sårbare, som å minnast ved middagstid ein detalj frå ein draum me hadde om natta. Noko har plassert ansiktet nær sanninga, nær dei beinete tennene i sjøen.

Frå «A Rock Crab».

 

Når eg skriv dikt, må eg vera nær gras som ingen andre ser, som her på denne plassen, der eg sit i ein time under bomullstreet. Det lange graset har lagt seg til det fløymer. Kva eg enn er … om dei store haukane kjem for å leita etter meg, så er eg her i dette graset. Vridde kvistar har falle ned i det. Graset som ennå er grønt frå i sommar, stikk ut frå det tørre graset, som håret til den eldgamle, som me stryk om morgonen.

Og kor vakker han er, denne ringen av tørka gras, bleik og gul, som legg seg kring den halvt skjulte greina – graset fløymer over henne, og er bleikt, ferdig, har stige opp, ikkje lenger sjølvgodt, krinsar ikkje lenger om sin eigen munn, nå krinsar det kring guden ‘for avstand og fråvær’. Dei bleike blada ligg nær kvarandre, i sirklar kring den uttørka pinnen. Dette er ei grein som regnet ikkje brydd seg om, og oversåg, medan ho fall inn i natta på menn som heldt hestar på gardsplassen; og sollyset var glad for at greina kunne ignorerast, og ikkje spurte om å verta elska – så har eg elska deg – og greina og graset ligg her forlatne, ein del av dei ville tinga i verda, som bare blir lagt merke til ei lita stund av ein tung, nervøs mann som sit attmed dei, og kjenner at han i denne augneblinken har meir glede enn nokon andre som lever.

Frå «Gras frå to år» i Morgondikt.

Eg har tidlegare nemnd einsemda som ein tilstand som Bly hevda var fruktbar for skapinga. Han sa at eit skrivekurs i hans regi burde innebera at studentane budde heilt aleine i små hytter utan lov til å ha besøk. Læraren kunne koma ein gong i veka og snakka med dei.

Einsemd er viktig for å roa sinnet ned, for å opparbeida sensitivitet, og opna kanalane til vage impulsar frå det umedvitne. Snakking vert ofte ein faktor som fyller ein med det som andre er opptekne av, og får ein til å gjenta det som andre seier, dreg psyken i retning av normer og felles oppfatningar. Dette rotar til kontakten med det i ein som skapar dei genuine poetiske bileta som spring ut frå eit djup i ein sjølv.

Bly snakkar ein stad om meditasjon som intensivert einsemd. Ei form for meditasjon er viktig for å klara å gå ut over dikotomiar som godt og dårleg, fortid og framtid og subjekt og objekt.

Skodde: ingen på den andre stranda.
Det kan henda at trea eg ser, har medvit
og at trongen til å gråta kjem frå dei.

Frå Jumping out of Bed, 1973.

Bly såg også gjennomslaget som den orale tradisjonen fekk i hans tid, som viktig. Dikt som vart lesne høgt, ord som flyg gjennom lufta. Denne urgamle tradisjonen fekk ein fornyar gjennom Dylan Thomas, og i Amerika mellom anna ved aktiviteten til Allen Ginsberg og Bob Dylan. Også Robert Bly sjølv førte denne tradisjonen vidare. Bly var oppteken av at dikta skal førast nær det naturlege når det gjeld uttrykksmåte. I boka si om gjendikting av poesi har han eit eige stadium i prosessen der han sjekkar korleis diktlinjene stemmer med det munnlege språket, måten det er naturleg å seia ting på. For Bly vart det å framføra dikt ein leveveg.

Med hans vekt på einsemd, er det kanskje litt paradoksalt at Robert Bly etter kvart kom til å venda seg sterkare mot eit større publikum. I dei siste åra han var aktiv, var han ein sentral person på ei lang rekkje konferansar og samlingar kring tema som menn og mytar.  Vennen og kollegaen Donald Hall (1928 – 2018) har fortalt ei historie som hadde noko å seia for korleis utviklinga til Bly vart. Det skjedde i Texas i 1966. The National Council of Teachers of English hadde invitert unge poetar, som dei kalla det, til ein konferanse i Houston. Robert Graves og Richard Eberhardt skulle halda foredrag. Dei fleste «unge» poetane var førti år eller der omkring. Det var mellom anna Robert Creeley, Robert Duncan, Gary Snyder, William Stafford, Robert Bly og Donald Hall. Mange av dei flaug ned frå Chicago saman. Dei stod i midtgangen på ei 707 og song «Yellow Submarine» – Bly, Snyder, Creeley og Hall. Dei var oppe heile natt og snakka om poesi.

Dei heldt det gåande til klokka seks om morgonen. Eberhardt skulle halda foredrag klokka ni, så det vart ikkje mykje søvn.

Dei møtte opp i ein kjempestor hall med «tusenvis av engelsklærarar.» Dei trøytte poetane, som var delvis i bakrus, vart servert eit tradisjonelt program med keisame og konservative utgreiingar om poesi og sivilisasjon. Ein søvndyssande kontrast til den engasjerte samtalen om natta. Då ein professor tok til å snakka om villanellen og fekk det til å høyrast som om alle dikt gjekk ut på det same, at det ikkje hadde noko å seia kva du sa eller korleis det vart sagt, reiste Robert Bly seg opp på fremste rad. Han snudde seg mot dei tusen tilhøyrarane, avbraut programmet med å seia: «Han tek feil. Me bryr oss om dikt. Poesi er viktig, og nokre dikt er viktigare enn andre.» Hall hugsar ikkje nett korleis Bly ordla seg vidare, men fortel at når Bly snakka på denne måten, var det alltid med entusiasme. Det vekte alle opp.

Tusen lærarar klappa intenst. Då Robert Bly sette seg ned, og programmet skulle halda fram, ropa ein frå publikum: «La oss få høyra alle poetane!» Så tok poetane over, og gav blaffen i programmet. Ein etter ein las dei og snakka. Dette var under Vietnamkrigen, og mange snakka om politikk. Robert Bly hadde gjeve dei mot, og Hall meiner at det var nett i denne situasjonen at Bly oppdaga ei plattform for sin seinare verksemd vendt mot publikum.

Gjennom si verksemd som poet, reflektert essayist, omsetjar og gjendiktar, tidsskriftsredaktør, opplesar og medverkande på mange konferansar, var Robert Bly med på å endra det litterære livet i USA. Men det han stod for og måten han skreiv på, var altfor mykje av noko levande, noko samansett og udefinerbart, til at ein lett kan fanga det inn, setja nålespissen i det, plassera det på eit brett og skriva eit latinsk namn under. Den som kjem i kontakt med det verket som finst etter Bly, vil oppleva at det framleis finst ei kraft der som er i stand til å påverka og inspirera oss.  

 

Teksten er ein omskriven versjon av Helge Torvunds etterord i gjendiktinga: Robert Bly: Morgondikt. Prosadikt og dikt frå nittitalet (Samlaget, 1999).

Les og lytt til første del av essayet her. 

HELGE TORVUND er poet. Han har arbeidd som psykolog og som hovudmeldar av lyrikk i Dagbladet. Torvund har i ei årrekke vore lærar ved den digitale skriveverkstaden Diktkammeret.no. I tillegg til diktsamlingar har han publisert barnebøker, sakprosa, songtekstar og gjendiktingar.

ABONNER PÅ KRABBENS NYHEITSBREV

Nyheitsbrevet er gratis og kjem kvar veke. 

ABONNER PÅ KRABBENS NYHEITSBREV

Nyheitsbrevet er gratis og kjem kvar veke.