TIDSSKRIFT FOR POESIKRITIKK

197. utgåve     |    20. august 2026    |    ESSAY

Søk

Kan og bør det uutseielege seiast?

Mange av oss opplever at nett det poetiske språket har den evna: Å få språket til å uttrykkje det ein ikkje trudde det var mogleg å seia med ord.

AV HELGE TORVUND

LYTT TIL ESSAYET

Mange av oss opplever at nett det poetiske språket har den evna: Å få språket til å uttrykkje det ein ikkje trudde det var mogleg å seia med ord.

AV HELGE TORVUND

Det er interessant å sjå at Johan Sebastian Welhaven sine ord om «det uudsigelige» framleis kan vekkja ein viss debatt blant dei som er opptekne av skjønnlitteratur, og då særleg dei som bryr seg om den poetiske diktinga. Det kan vera fleire årsaker til at dette skjer. Her er originalteksten:

Hvad ei med Ord kan nævnes
i det rigeste Sprog,
det Uudsigelige,
skal Digtet røbe dog.

 

(Frå Digtets Aand, 1844)

Slik eg ser det handlar det uutseielege eigentleg om noko av kjernen ved det poetiske arbeidet, noko av det som held denne forma for litteratur levande. Det arbeidet diktaren utfører i det området som er sett, kjent og erfart på ulike vis, men som det ikkje er sett ord på. Arbeidet i språkets grenseland.

Det vekte noko oppsikt at Nobelkomiteen grunngav utdelinga av litteraturprisen til Jon Fosse med orda om at han fekk Nobelprisen i litteratur «for hans nyskapende dramatikk og prosa som gir stemme til det usigelige».  

Samstundes er det påfallande at Welhaven sin påstand er fullstendig paradoksal. For det er jo nettopp det som karakteriserer og definerer omgrepet uutseieleg, at det ikkje kan seiast. Så dei mest skeptiske kritikarane bles av slikt vås, og hevdar hardnakka, at sjølvsagt kan det ikkje vera det Jon Fosse gjer, sjølv om den prominente juryen aldri så mykje påstår det. Forfattaren skriv det som kan skrivast. Så gjorde Jon Fosse ikkje dette betre ved at han til slutt i Nobel-talen sin takka det som desse kritikarane kalla ein fantasifigur: Gud. Vås over vås!

For Welhaven var dette ei målsetjing han sette opp for poesien, eit minimanifest, og det vil det vel på sitt vis vera for Fosse òg, der han i talen sin seier at «Det viktigaste i livet kan ikkje seiast, berre skrivast». Mange av oss opplever at nett det poetiske språket har den evna. Å få språket til å uttrykkje det ein ikkje trudde det var mogleg å seia med ord. Dette kan skje ved uventa samansetjingar av element, ved å skapa assosiasjonar som aktiverer både medvit og undermedvit, og gjennom eit suggererande rytmisk og musikalsk språk som opnar sinnet for nye måtar å oppfatta verda og tilværet på.

Men i arbeidet med å setja ord på den delen av  røynda som me ikkje i utgangspunktet har språk for, kjem me inn i eit område som er konfliktfylt. For når eg skriv at eg trur at dette er noko av det som held poesien levande, så må ein samstundes tenkja på, at når me fangar noko i nået med språket, og me festar det på skjermen eller papiret, så sluttar det på eit vis å vera ein levande og dynamisk augeblink og stivnar i eit uttrykk som er avslutta. Ferdig formulert, vedvarande og stabilt.

Det spontane og aktive i den levande røynda vert borte. Vel kan ein sommarfugl festa til eit brett med ei nål, vera vakker, men den gir oss ikkje same livsgleda som det flimrande lys, levande fivreldet i fart over blomeenga ein julimorgon.

Den fulle og heile opplevinga, det å stå i den levande røynda sin serie av nå-stunder, der vindar bles, bilar tutar, bølgjer brest og ekspresstog dundrar forbi, kan me aldri fullstendig fanga i få ord. Røyndommens holistiske tilstadevering er og blir så mangfaldig og omseggripande og kompleks både kring oss og i oss, at den er uutseieleg.

Den amerikanske poeten og mystikaren Thomas Merton skriv følgjande om dette i boka Tanker i ensomhet, omsett av Oskar Stein Bjørlykke: «Vi setter ord mellom oss selv og tingene.» Han understrekar engasjert korleis ord, omgrep og språk på denne måten kan ha ei negativ side og sperre for den inderlege erfaringa av nået. Hans botemiddel, som eremitt, er stilla og einsemda. Han skriv: «Ensomheten og stillheten skjærer gjennom tåkeskjermen av ord som mennesket har satt mellom sitt eget sinn og tingene. I ensomheten blir vi stående ansikt til ansikt med tingene slik de er, nakne og virkelige.» (Tanker i ensomhet, Verbum, 2005, s. 63.) Merton påpeiker at denne opplevinga ikkje er skremmande eller vond. Tvert om framhevar han det positive ved erfaringa: «Det er en virkelighet kledd i vennlig fellesskap og stillhet, en stillhet som er knyttet til kjærligheten. Den verden som ordene våre har forsøkt å kontrollere, og til og med forakte (fordi ordene ikke kan gripe den), kommer oss nær. Stillheten lærer oss å kjenne virkeligheten. Stillheten har respekt for virkeligheten, den som ordene har fordreid og skitnet til.»

Sidan Thomas Merton var ein trappistmunk, kjennest det mest rettvist her å ta med at han skriv: «Gud har også blitt gjort til en uvirkelighet av ord. Vi har satt gud i dette språklige ingenmannsland som ikke lenger er et middel til å kommunisere med virkeligheten.»

Opp mot dette, kan det vera interessant å sjå på eit par intervju med andre poetar. Den første, nemleg Czesław Miłosz (1911-2014), fødd i Litauen, budde seinare i Polen og Paris, før han enda opp  i California der han underviste i litteratur ved universitetet i Berkeley.

Den andre, Peter Munro vart fødd i ein fiskarlandsby i Alaska, han har forska på fangst av fisk og underviser nå i skapande skriving ved universitetet i Washington.

Czesław Miłosz er vanlegvis ein audmjuk mann, både på vegne av seg sjølv og på vegne av kva poesien kan utretta og få til i verda. Men han har i eit intervju hevda at «form er ein vedvarande kamp mot kaos og inkje». (Partisan Review, [nr. 12/13, våren 1988, s. 254 – 63], også prenta i boka Czesław Miłosz: Conversations, University Press of Mississippi, 2006).

Han seier der at historia om det nittande hundreåret for det meste ikkje er fortald, og det gjeld òg for menneskeliva. Me er underlagt krefter som glir unna orda våre. Og dette står i stor kontrast til slik han oppfattar den menneskelege naturen; «… alt i eit menneskeliv er form eller det å gje form; me kjem inn i ein relasjon til verda primært gjennom språk sett saman av ord, eller teikn, eller linjer, eller fargar, eller former; me kjem ikkje inn i verda gjennom eit direkte forhold. Vår menneskenatur er laga slik at alt vert indirekte formidla; me er del av ein sivilisasjon; me er del av menneskeverda. Å skriva er ein kontinuerleg kamp, eit forsøk på å omsetja så mange element av røyndommen som mogleg til form.»

Ein annan stad i intervjuet snakkar Miłosz om at det som pregar oss med all vår kunnskap, er eigentleg at «me veit ikkje.»

Dette kan ein lesa som ei klår motsetjing til det eg har sitert av Merton over her, men Miłosz seier i det same intervjuet, at «Ja, eg er ein motsetjingane sin mann og vil ikkje nekta for det.» Dette er ikkje noko tilfeldig utsegn av Miłosz, men noko som går som røde trådar gjennom livet hans. Han var sterkt oppteken av natur, og fascinert av Linné som fann opp eit system for å setja namn på skapningar. Som femtenåring heldt han førelesningar om Darwin, som han var svært oppteken av, men samstundes var presten viktig for han. Og som ein eldre person sa han at katolisismen han vart opplært i, vart viktigare enn vitskapen, men han hadde ikkje lyst å verta oppfatta som ein katolsk poet!

Han har også sagt at ein person i vår tid, som ikkje lærer å leva med motsetjingar i seg, er fortapt. Han brevveksla i fleire år med Thomas Merton, som han vart påverka av. Dei diskuterte religion og natur. (Striving Towards Being: The Letters of Thomas Merton and Czesław Miłosz (Farrar Straus & Giroux, 1997). Og Miłosz kunne i andre samanhengar uttala ganske tankevekkjande  ting som at «naturen er mykje vakrare på maleri».

I intervjuet er det med ein interessant historie med kommentarar til skapinga av eit spesifikt dikt. Diktet står i boka The Seperate Notebook og heiter «Esse». Det handlar om korleis poeten sit på ei metro-vogn i Paris og ser forbløffa på ansiktet til ei jente. (For Krabbens lesarar og lyttarar vågar eg meg på ei gjendikting av meir av den engelske versjonen av diktet Esse her, enn det som er med i intervjuet):

Å ha. Det er ikkje eingong attrå. Som ein sommarfugl, ein fisk, stilken på ein plante, bare meir mystisk. Og slik gjekk det til at etter så mange forsøk på å namngi verda, er eg bare i stand til å gjenta, klimprande på ein harpestreng, den høgaste, den unike vedkjenninga som inga makt kan nå lenger enn: Eg er, ho er. Rop, blås i trompetane, gjer tusenvis av marsjar, hopp, riv i stykke kleda dine, og gjenta bare: er!

 

Ho kom seg unna ved Raspail. Eg vart etterlaten med den enorme storleiken av eksisterande ting. Ein svamp, som lid fordi den ikkje kan metta seg sjølv; ei elv, som lid fordi refleksjonar av skyer og tre ikkje er skyer og tre.  

Intervjuaren Rachel Berghash spør Miłosz: «Kva skjer etter at du har skrive eit dikt som dette?» Og han svarer at han rabla det ned «for å uttrykkja min frustrasjon og lengt utan å gje det så mykje meir merksemd. Etter ei stund vart diktet veldig viktig for meg, fordi eg la merke til at eg i det hadde uttrykt noko som var essensielt for meg. Etter å ha skrive eit dikt som dette er eg letta for den dagen. Eg har gjort mitt for å kjempa mot inkje og kaos. Det er nok for ein dag.»

I samanheng med nokre kommentarar Miłosz har til eit anna dikt, seier Rachel Berghash spørjande: «I desse kommentarane skriv du om løyndommar og det mystiske og søkinga etter det Verkelege. Kva er det Verkelege i eit nøtteskal?» Miłosz svarer: «Å søkja etter det Verkelege er det same som å søkja etter Gud.»

Tittelen på det nemnde diktet av Miłosz, Esse, tyder «å vera». Når me sirklar oss inn kring det uutseielege, er dette eit av dei tilbakevendande omgrepa som dukkar opp: «det som finst», «det som er». Det uformidla og direkte verande. Dette som er der før og etter språket og som me prøvar å fanga og vidareformidla, med vekslande hell. Det er vanskeleg å ikkje assosiera til «Eg er den eg er» som er svaret Gud gir Moses ved den brennande busken (i Andre Mosebok, 3.14). I sin Nobeltale seier Jon Fosse: «eg skriv framleis frå denne hemmelege staden inne i meg, ein stad eg sant å seia ikkje veit så mykje meir om enn at han finst.»

Nå vil eg trekkja fram ein poet som er langt mindre kjent enn Thomas Merton og Czesław Miłosz, nemleg den kanadisk fødde, amerikanske poeten Peter Munro, som då eg vart kjent med hans dikt og tankar arbeidde som statistikar ved fiskeri i Beringstredet, dei Aleutiske øyer og Alaskagulfen. Han var mellom anna med på å kalkulera kva som var berekraftige fangstkvotar i desse områda.

Munro vart fødd og vaks opp i ein fiskarlandsby i Alaska. At han var statistikar fekk meg til å tenkja på ein annan fin poet med fruktbare idear, nemleg Sigmund Mjelve. Mjelve vart ein god venn av meg og me møttest mange gongar og diskuterte språk og poesi. Då eg las eit intervju med Peter Munro i det amerikanske litteraturtidsskriftet Rattle som var laga i 2015, hadde eg inga aning om at også han skulle verta ein venn. Men lagnaden ville at nett det skulle skje. Eg snakka med min venn, poeten Øyvind Rangøy, om intervjuet eg hadde lese og dikta til Munro, og eg veit ikkje kor mykje det hadde å seia at dei hadde ein liknande fagleg bakgrunn, men Øyvind likte dikta til Munro og inviterte han til ein festival han arrangerte på Rangøy, og så ville dei køyra til Ogna og helsa på meg. Eg var skeptisk til dette, for helsa mi er uføreseieleg og eg såg mørkt på at dei skulle køyra den lange vegen utan at det vart noko møte. Men dei ville ta sjansen på det, og ein dag i august i fjor stod ein blå bil i gardsrommet mitt. Me køyrte til restauranten Fiskerfruen i Sirevåg, på kaien, med utsikt til fiskebåtar. Over kvar vår kopp kaffi skjedde så dette som sjeldan skjer i mitt liv. Eit av desse møta der skuldrene vert senka, der ein har ei underleg kjensle av alltid å ha kjent kvarandre, og der samtalen driv av garde, både lett og inderleg, om ting som er av den største interesse for alle tre. Ei heilt spesiell stemning oppstod, noko alle har understreka fleire gongar i ettertid, eit nært fellesskap der me oppdaga nye ting saman, og der eg kom til å seia at «Poetry is the translation of the Wordless», som Peter straks noterte. Og seinare sende han meg på mail eit dikt han arbeidde med, med tittelen «Wordless in Norway», der nett denne setninga mi var utgangspunktet. Slik har samtalen halde fram. Og me tre kan framleis kjenna varmen frå leirbålet når me tenkjer attende på den stunda i Sirevåg og etterpå i sanddynene på Ogna.

Eg vart fascinert av Peter Munro sine tankar kring vitskap, språkmodellar og tru. Det var noko ved fridommen i hans uttrykk i det nemnde intervjuet som fekk meg til å verta interessert i å finna ut meir om han. Då intervjuaren stilte opp motsetjinga mellom tru og vitskap, verka det som Munro vart fyr og flamme: «Det finst mange måtar å oppfatta verda på. Å sjå på ho som konsekvensen av Skapinga er ein av dei måtane. Eg lever godt med det synet sjølv. Og utover det bryr eg meg ikkje. (Ler)» … «Men du spør vel her om evolusjon vs. kreasjonisme, og dei doktrinane som står i konflikt med kvarandre?» «Ja,» svarer Timothy Green, som intervjuar han, «for det er ei rekkje doktrinar som er i konflikt, ikkje sant?»

Og for å få fram tonen i svaret til Munro, må eg ty til originalspråket: «Totally. I love that shit.» Og han held fram: «Der det finst syn som er i konflikt, det er der Skaparen finst, spør du meg. Eg tenkjer mykje på dette. Så sant det finst eit liv basert på tru, utan å nemna særskilte dogme eller doktrinar, trur eg alle menneske er fanga i eit liv basert på tru.» … «Skapte? ‘Survival of the fittest’? Det betyr ingenting for alle må uansett leva eit liv basert på tru. Det er dette som interesserer meg. Alle vitskapsfolk må leva basert på tru – kanskje vitskapsfolk meir enn nokon annan, for om det er ein ting me er samde om innan vitskapane, er det at me ikkje veit.»

Så tek Munro for seg statistikken, og understrekar korleis alt ein legg fram er den beste gjettinga, det ein vil våga å vedda på, ut frå dei data ein har for augeblinken. Men at ein aldri veit sikkert. Noko er feil, men ein må ta avgjersler, og ein gjer det etter beste evne, utan å vita. Korleis fisken flyttar på seg i havet, vert ikkje endra av arbeidet deira og av statistiske kalkylar, røynda er utanfor deira modellar. Fisken lever sitt liv ute i dei store hava og menneska spår ved hjelp av tal og data.

Igjen, det finst ei røynd som me ikkje har språk for. Me har ulike språk som nærmar seg denne levande verda, men uansett kva språk me nyttar, så står me att med ei uvisse. Me veit ikkje sikkert korleis det er, det me språkar om. Han ønsker å utfordra folk til usikkerheit, og påpeika deira motvilje mot usikkerheit. «I røynda,» seier han, «av alle menneskelege språk, er det kanskje språket vitskapen nyttar som er mest medvite retta mot det å omfamna ideen ‘Eg veit ikkje’. Ein får eigentleg ikkje god vitskap før ein seier ‘Eg veit ikkje’.» «Alle språk er ufullstendige», seier Munro seinare i det same intervjuet. «Og kanskje det er endå ei understreking av at me ikkje har anna val enn å vera ein trus-basert art. Det uendelege ved kvar ørvesle erfaring er meir enn eit ord eller ein setning kan innehalda. Men me kan formidla nok om våre erfaringar til at du og eg kan utveksla meiningar om smaken på kaffi eller andre felles opplevingar. Eg trur at det å snakka saman er ein betre måte å kommunisera om smaken på kaffi enn matematikk er.»

Denne uvissa, den alltid til stadeverande usikkerheita, gjeld òg om eg har klart å nå fram med det eg hadde lyst å seia her. Eg vel å venda attende til Merton og Milosz. Merton er oppteken av eit liv i direkte kontakt med tilværet, ikkje eit liv innanfor modellar og idear, og skriv «Et menneske vet at det har funnet sitt kall når det slutter å tenke på hvordan det skal leve, og begynner å leve.» (s. 65)

Og Milosz: «Eg oppfattar meg sjølv langt på veg slik, at eg har vorte redda av poesien. I ein periode var eg altfor påverka av filosofi, og eg la merke til at det var svært skadeleg for mi indre likevekt. Eg måtte attende til poesien for å redda meg sjølv frå filosofien.»

Og då høver det å ta med noko poeten Mary Oliver har skrive: «Eg vart redda av poesi, og eg vart redda av venleiken i verda.»

Oliver hadde ein traumatisk barndom og Miłosz opplevde oppstanden i Warszawa-gettoen i 1943. Kva betyr det når dei seier at dei vart redda av poesien? Er det slik at nokre av oss, for å leva og halda ut i ei verd full av usikkerheit og brutalitet, på ein klode med urettvise tilhøve, aukande forureining og ekstremvêr-katastrofar, krig og terrorisme, treng ei motvekt mot alt dette, ei motvekt som poesien kan gje dei, mellom anna ved at den gir ei opning for nettopp å gje form til det uutseielege?

Og kan det vera slik at visse ting er det best å la vera i fred for vår trong til å setja språk på alt? At noko får leva sitt ordlause liv anten inne i oss eller der ute eller kor det nå måtte leva? Og sjølve det gåtefulle paradokset, korleis ber ein seg åt for å skriva det uutseielege skal eg i alle fall la få vera i fred her. Ein litt morosam replikk frå Fosse, er at han opplevde at det var til hjelp i den prosessen at han byrja skriva dramatikk, og innimellom kunne skriva: (Pause).

Og i og med at debatten om det useielege kom opp att nettopp etter at Jon Fosse fekk sin Nobelpris, kan me til slutt sjå på korleis han varsamt nærmar seg desse tema eg har teke opp i dette essayet i talen sin:

«Men mest talar ein taus tiltale, eller eit taust språk, frå heilskapen i eit verk. Anten det er ein roman eller eit stykke, eller ein teaterproduksjon, så er det ikkje delane i seg sjølv som er viktige, det er heilskapen, som også må vera i kvar minste detalj – eller kanskje kan eg våga meg til å snakka om heilskapens ånd, ei ånd som talar liksom både nært og fjernt.

Og kva høyrer ein då, om ein lyttar godt nok etter? Ein høyrer stilla.

Og slik det har blitt sagt, så er det berre i stilla ein kan høyra Guds røyst.»

HELGE TORVUND er poet. Han har arbeidd som psykolog og som hovudmeldar av lyrikk i Dagbladet. Torvund har i ei årrekke vore lærar ved den digitale skriveverkstaden Diktkammeret.no. I tillegg til diktsamlingar har han publisert barnebøker, sakprosa, songtekstar og gjendiktingar.

ABONNER PÅ KRABBENS NYHEITSBREV

Nyheitsbrevet er gratis og kjem kvar veke. 

ABONNER PÅ KRABBENS NYHEITSBREV

Nyheitsbrevet er gratis og kjem kvar veke.