168. utgåve | 6. november 2025 | BOKMELDING
Ritland overtyder oss om at diktet er eigna til å trengja inn i dei mangfaldige og gåtefulle samanhengane mellom ulike nivå av tilværet og visa korleis ulike former for kommunikasjon dannar ein heilskap.
AV HELGE TORVUND
DIKT
Jon Ståle Ritland
Vi er bønnene som Gud ber
63 s.
Bonnier Norsk Forlag, 2025
Ritland overtyder oss om at diktet er eigna til å trengja inn i dei mangfaldige og gåtefulle samanhengane mellom ulike nivå av tilværet og visa korleis ulike former for kommunikasjon dannar ein heilskap.
DIKT
Jon Ståle Ritland
Vi er bønnene som Gud ber
63 s.
Bonnier Norsk Forlag, 2025
AV HELGE TORVUND
Denne diktsamlinga har ein spesiell bakgrunn. Då det ganske nyleg vart publisert ei omfattande svensk gjendikting av Ritland sine dikt, «Gud är en cell», vart han spurt om å skriva eit nytt dikt til tidsskriftet Ord & Bild. Ei av linjene som dukka opp i dette nye diktet var «vi er bønnene som Gud ber». Jon Ståle Ritland skriv i den samanhengen på facebook: «I etterkant ble jeg nysgjerrig på denne tekstlinjen, og ville utforske dette bildet videre for å se hva det kunne føre til, og det endte opp med å bli tittelen på den nye boken. Her samler jeg tråder fra et større prosjekt jeg jobbet med i over 20 år, samtidig som nye elementer dukker opp.»
Boka er altså både eit framhald og ei utviding og utvikling av Ritland sitt pågåande prosjekt. Der han tidlegare som poet, lege og vitskapsmann har skrive poetisk om våre fysiske grunnvilkår, utvidar han nå tematikken til å inkludera ei undring over det metafysiske aspektet i våre liv og undersøkjer gudsomgrepet frå sitt spesielle utgangspunkt.
Med sin bakgrunn har han ein omfattande kunnskap om biokjemiske kommunikasjonsprosessar mellom celler og organ. Og på fascinerande vis ser han på vårt talespråk og litteraturen som ei forlenging av denne indre og skjulte kommunikasjonen.
hvis du hvisker i øret mitt
at du elsker meg
settes utallige celler i sving
du tenker ikke over alle historiene
du bærer, tyngden fra steintavler
vekten av bibelvers
lag på lag med brev, romaner,
eventyr og poptekster
renner fra munnene våre
først i det øyeblikket du legger
leppene dine mot mine
blir det stille, så stille
at vi kan høre språket
skape seg selv på nytt
(s. 19)
Lasta med så mykje detaljert kunnskap om kroppen og om kloden vår, kan ein ottast at dei abstrakte omgrepa og det vitskapelege språket kan tyngja dikta ned og gjera dei mindre nære og levande. At dei kan verta litt stive og keisame. Men her vert eg gledeleg overraska gong på gong. Ritland har ei heilt eiga evne til å brått setja inn eit svært gjenkjenneleg, konkret og sanseleg bilete frå vår eigen kvardag, frå kjærleiksliv og relasjonar, frå fritidssyslar og heilt enkle og begripelege aktivitetar og erfaringar, som gjer at dikta rykkar nær og ofte også får noko leikande lett over seg. På så å seia kvar einaste side kjem det oppsiktsvekkjande fine samanstillingar av tilsynelatande heilt ulike delar av tilværet, som vert knytt saman av eit poetisk bilete som er slåande og overraskande.
Det er noko av dette som har vorte karakteristisk for Ritland sine dikt, og som her bare har vorte forsterka ved hans tydelegare metafysiske tilnærming:
rødnebbterna kommer flyvende inn
til Svalbard fra Antarktis
med en kompassnål i nebbet
og halve jordkloden under vingene
og vidare i same diktet:
vi ligger i lyngen og leser
Guds håndskrift
i alt vi ser, uten å merke det
gror vi inn i skaperverket
(s. 62)
Mellom anna nyttar Ritland biletet av manetar som eit symbol på det levande mangfaldet. Han skriv om den vesle maneten Turritopsis dohrnii, også kjent som den udødelege maneten, som er i stand til å gå gjennom ein transformasjon som set den attende til eit «yngre» stadium dersom den vert utsett for kulde, skade eller svolt. Så utviklar den seg derifrå på ny til ein mogen manet, i ein prosess som kan gå føre seg uendeleg mange gonger, dersom maneten ikkje vert spist av eit anna levande vesen som jaktar på slike. Ritland skriv i diktet side 63 at denne maneten har
ingen hjerne, ingen hukommelse, ingen
smerter, ingen tanker om reinkarnasjon
Turritopsis dohrnii bærer på
en hemmelighet, det nærmeste
du kommer evigheten, et sted
Gud har funnet fred
(s. 63)
Ved å stadig venda seg mot dei felles vilkåra, cellene i kroppen, kreftene på kloden og språka me kommuniserer med, finst det her ein undertone av forsoning og trøyst som fortel oss at me, trass alle konfliktar og det som skil folk i ulike grupper, har så mykje som er likt og som foreinar oss og skapar eit biologisk og metafysisk fellesskap.
Når det gjeld det metafysiske, er det som ein kan forventa, ikkje dei klare og enkle svara som pregar dikta, men ein undersøkjande, spørjande og undrande tone.
Ritland lykkast i denne boka med å laga dikt etter dikt som er lærerike og utvidande. Dei kan vera krevjande, men for ein røynd lyrikklesar er dei ikkje kryptiske eller ubegripelege:
en manet fant veien inn
i kroppen, la seg som en muskel
mellom buk og bryst
stemmen min er et kor
et kompromiss
av over 30 billioner celler
det er ikke så rart
at du ikke alltid forstår
hva jeg prøver å si
(s. 14)
Tidsperspektivet er enormt, og dei spesifikke detaljane er mange. I denne boka møter du både Taylor Swift og trilobittar, Maradona og Monet og ein 40 millionar år gammal skarabé – innkapsla i rav.
Når ein les vert ein meir og meir fanga inn i Ritland sitt undrande univers. Ein får stadfesta kor velgjerande og augeopnande poesi kan vera, og det eg har mest lyst å konkludera med, kan vanskeleg oppsummerast betre enn Ritland gjer i desse diktlinjene:
… hver minste
organisme er en salme
det er Gud som synger
for å gjøre verden så vakker
at vi fortsatt vil velge
å leve
(s. 43)
HELGE TORVUND er poet. Han har arbeidd som psykolog og som hovudmeldar av lyrikk i Dagbladet. Torvund har i ei årrekke vore lærar ved den digitale skriveverkstaden Diktkammeret.no. I tillegg til diktsamlingar har han publisert barnebøker, sakprosa, songtekstar og gjendiktingar.
Nyheitsbrevet er gratis og kjem kvar veke.
Nyheitsbrevet er gratis og kjem kvar veke.