TIDSSKRIFT FOR POESIKRITIKK

200. utgåve     |   10. september 2026    |     BOKMELDING

Søk

Guten og faren og heile verda

Imponerande å fylla så mange – og korte – enkeltdikt med meining og kjensle.

AV JAN ASKELUND

DIKT

Erlend Skjetne

Råemne

88 sider

Flamme Forlag

LYTT TIL BOKMELDINGA

Imponerande å fylla så mange – og korte – enkeltdikt med meining og kjensle.

DIKT

 

Erlend Skjetne

Råemne

88 sider

Flamme Forlag

AV JAN ASKELUND

Etter sju tittellause, nummererte dikt fremst i boka er Erlend Skjetne (f. 1988, debut 2019) si stilige diktbok Råemne redigert i fire avdelingar med om lag like mange dikt i kvar, også dei tittellause, ingen på meir enn éi side, til saman over sytti enkeltstykke. Det har blitt ei bok å sitera frå; og det er imponerande på side etter side å kunna fylla så mange – og korte – enkeltdikt med meining, kjensle, med metaforikk, med eigenverdi, innanfor den same emnekretsen utan å opplevast repetitiv.

Dei sju introduksjonsdikta opnar eit tidsperspektiv utover menneskeleg gripbare mål, frå maneten – som har vore her i 500 millionar år – til det vesle menneskebarnet som sit der med pinnane sine og leiker framføre dikt-eget her og nå, så han

blir teken av eit skred

av stille.

I undring, uro og ettertanke, og ut or den stilla er så resten av diktsamlinga skriven.

Skjetne har tidlegare gitt ut både dikt og romanar. I ei av diktbøkene, den mykje gripande Alt som skranglar  (2022), lar han språkløysa til ei lita dotter, som heller aldri kjem til å få noko eige språk, tala gjennom dikta. Han lar lesaren sjå henne slik ho ytrar seg ved måten sin å agera. På same tid demonstrerer og drøftar han dikt-egets eigen kjærleik til dottera i dagane med henne, og også korleis det alt saman tar på foreldra der jentungen aningslaust set rammene for liva deira.

Årets Råemne dreier seg også tematisk om ein fars møte med og tilhøve til eit barn, ein liten son denne gongen. Han frydar seg og får mykje hugnad av å vera i lag med guten, som også han får sine utfordringar når han skal vera den vaksne vegleiaren andsynes barnets undring og spørsmål. Sånn sett handlar det like mykje om endringar og vekst i faren etter kvart som barnet ser seg rundt, vil ha forklart og freistar å forstå alt han ser og opplever, som her:

Vi kjem til illustrasjonen av ei stridsvogn.

Barnet spør kva dette er, eg nøler.

 

Eg har berre opplevd fred,

Kva anna kan eg gje vidare?

 

Han føreslår at det må vera ein gravemaskin.

Ja, seier eg, det er ein gravemaskin.

Dette minner om ein frampeikscene i ein britisk krimserie (Shetland) der ein tiåring fortel at han ei mørk natt såg konturane av ein dinosaur då han blei køyrd på ukjende vegar, men som var ein retteleg gravemaskin. Fantasi og metaforikk utrettar mangt. Som ei stridsvogn hos Skjetne kan bli ein gravemaskin, kan ein Caterpillar slik i det poetiske språket på ei verslinje og to kravla frå å vera både ei åme, ein sommarfugllarve, til å bli ein anleggs- og gravemaskin, ei stridsvogn til ein gravemaskin.

I skildringane av ein smågut sin vitale leik og undring i interaksjon med faren skriv Skjetne i Råemne saman si glede over all livsens undring og spørsmål, barnlege som vaksne, inn ein annan, overlappande, motivkrets: Her kviler nemleg (også) ei apokalyptisk stemning over dei gode gutedagane i vekst og utvikling, for ein nedsliten klode, ein oppbrukt og utsliten natur, snart fortært i krigar, like framføre undergangen:

Det kan bli krig, seier menneska.

Seier vi det mange nok gonger,

kan det bli krig.

Eit draumeaktig, profetisk-apokalyptisk dikt opnar slik, side 17: «Vi søv i ein by før elektrisiteten», og endar sånn:

Mørkeret skal flykte hals over hovud,

trekkje med seg kvar tråd i draumeteppet,

før sola gyller strendene og røper

at byen ligg i ruinar.

Er det slik det er, då er det likevel von i ei overvintra fluge i vindaugskarmen – det er ikkje lenger emosjonelt sett mogleg å drepe henne, som skrive står, side 26, i ei diktbok med mange flotte seiemåtar og perspektivutvidande bonmot, side 63:

Når ingenting er heilagt,

kan ei hand vigsle alt.

 

Mosen vi kneler i,

kneler for oss.

Mot slutten er her satiriske innslag («Vi kan halde kloten med hanken på ein kaffikopp, / det er berre lettare om han er tom.») Og her er ein beiskt omskriven pastisj av barnesongen «Napoleon med sin hær». Men til slutt kan likevel ikkje noko knekka barnet, mennesket i barnet, som det smertefullt skal bli, side 80:

einsemda til barnet som står åleine att

med pinnen sin, pinnane sine,

i den djupe  skogen inst

i eit fullvakse menneske.

Langt framme i boka, på side 27, begynner eit dikt slik:

Den fyrste gongen barnet teiknar meg,

Stikk armane ut av hovudet.

Etter nokre vakre refleksjonar sluttar det slik:

Ein dag skal det heldigvis bli enkelt

å ha vore menneske.

Vi får sjå. Dei aller siste linjene i boka, skrivne av digt-eget, faren, ser slik ut:

Du lærte mange namn

før du kom til ditt eige pronomen.

 

Noko knasar under solen min

idet vi går vidare.

Han hadde trødd på det som her blir kalla «utlevde sniglehus».

Jan Askelund (1940), kritikar, forfattar.

ABONNER PÅ KRABBENS NYHEITSBREV

Nyheitsbrevet er gratis og kjem kvar veke. 

ABONNER PÅ KRABBENS NYHEITSBREV

Nyheitsbrevet er gratis og kjem kvar veke.