196. utgåve | 18. juni 2026 | BOKMELDING
Under dei fleste dikta, uansett kor lette dei kan verka, ligg det eit stort alvor.
DIKT
Thor Sørheim
Lysbølger
52 s.
Gyldendal 2026
AV HELGE TORVUND
Thor Sørheim debuterte som lyrikar i 1974 og har sidan publisert femten diktsamlingar, barnebøker, ein roman og ei sakprosabok om stuntpoetane. Han har altså vore aktiv som poet i over femti år. Der andre poetar kan vekka oppsikt med stadig nye eksperiment og uvanlege format og uttrykk, er Sørheim sine utgjevingar prega av ei stabil tru på det poetiske uttrykket han tidleg fann fram til. Han skriv tilsynelatande lett tilgjengelege og forteljande dikt. Tilsynelatande. Men det me les, kan rett som det er løyse seg opp. Sørheim har ei finurleg språkleg evne. Han kan liksom dyssa oss inn i ei forteljing, for så umerkeleg og plutseleg føre oss over i noko uventa, og me står forvirra i teksten og lurer på korleis me hamna her, for brått har diktet teke ei ny vending.
Av og til skal det bare ei uventa endring av ein bokstav til:
IKKE I DAG
Det vi har sett og rørt med bakbundne
tanker, og det vi har forlagt som ubrukelige
nøkler til å finne meningen med verden,
dukker alltid opp igjen, ikke i dag. Men i sorgen.
Det kan altså i utgangspunktet verka enkelt å lesa desse dikta, men ein lesar vil snart merka korleis Sørheim senker lesefarta vår, og pusten, ja, kanskje til og med pulsen, for her er ei skjerpa merksemd for detaljane og her er mykje kunnskap å ta inn. Og under dei fleste dikta, uansett kor lette dei kan verka, ligg det eit stort alvor. Thor Sørheim held fast på trua på at denne typen dikt kan fungera, og held fram med sitt. Også i denne nye samlinga. Og han får rett. Dikta er fulle av skarpt observerte samanhengar og som lesar opplever eg ei nærast organisk samanheng mellom innhald og form. Men dette betyr ikkje at dikta er gjennomført harmoniske og «snille». Sørheim skriv ofte avdekkande og kan overraska med krasse avsløringar og påstandar:
sannheten
finnes bare i kaos og kunstens irrganger.
Eller som her:
alle ønsker
om en ny tid kan vi lagre på den gode gamle
filen for evige usannheter.
Diktet dette utdraget er henta frå, sluttar slik:
vi trenger knapt
et hint for å bli minnet om det ubehagelige faktum,
den største gjentakelsen av alle er evigheten.
Thor Sørheim har ikkje berøringsangst når det gjeld ord knytt til dei store spørsmåla, så her dukkar ord som Gud, døden, tvil og tru, og det evige livs hemmelige korridorer opp når dei trengst.
I «Lysbølger» finn ein dikt om kunstig intelligens, dikt tileigna og inspirert av biletkunstnarar, musikarar, forfattarar og poetar, dikt om barndom – og ikkje minst er naturen svært nærverande.
Det finnes en visdom der du
minst aner det. Lavmælt marimjelle
nederst i skogbunnen.
Diktet som heiter Planter Liv byrjar med at poeten kjem opp på land etter eit morgonbad, ei rørsle som vert til eit symbol på korleis livet oppstod i havet og kom opp på land, og så sluttar diktet slik:
Jeg sjekker
det hemmelige kantarellstedet som lyser gult når
det er på tide å høste inn. Plantene verner og varsler
oss med sine rutiner og ritualer, alltid på samme sted.
Min lykkelige barndom er nær knyttet til de vidåpne
liene på Slettefjell over Vangsmjøsi, og fremdeles gror
graset for at jorda, til tross for all død, skal overleve.
Eigne dikt om regn, piletre og eiketre er blant dei finaste i boka. Sørheim har våga seg på å ha med eit dikt om å dikta, som etter ei interessant opning om kva som er i sving i den skapande prosessen, sluttar med eit kjærkome smil.
Det er ikke jeg som skriver diktene. Bidraget
mitt er å sanse fritt i et vegkryss og nyte duften
av ryllik og honningblom og slippe ordene løs.
De springer ned i grøftekanten, noen ganger
kan jeg til og med høre dem mumle til kjøttmeisen.
De sørger for innhold og rytme, stort sett da, før de
forsvinner, og da er det jeg som må henge opp
sokker og truser på snora under en smilende himmel.
Boka sluttar med eit mektig dikt tileigna sjølvaste Tomas Tranströmer. Eit dikt som inneheld mange av dei sentrale tema som Sørheim skriv om:
MORGENHAYDN
Nattas fortøyninger løsner langsomt
og jeg hører strykerne som risler en varsom
vind over vannflata denne sommerdagen,
før pianoet har rukket å slå sine første
regndråper mot det svarte svaberget. Jeg hører
Haydn som fører meg over demarkasjonslinja
mellom løgn og sannhet. Tonene viser veg utenom
herskernes talebobler festet som borreblomster
i øregangen. Musikken glir forbi som varme
fingre over mjuk hud. Vi er her nå hvisker
fiolinene fortrolig, du er trygg på denne siden.
Vi seiler med mot, og alt vi spiller er fred.
HELGE TORVUND er poet. Han har arbeidd som psykolog og som hovudmeldar av lyrikk i Dagbladet. Torvund har i ei årrekke vore lærar ved den digitale skriveverkstaden Diktkammeret.no. I tillegg til diktsamlingar har han publisert barnebøker, sakprosa, songtekstar og gjendiktingar.
Nyheitsbrevet er gratis og kjem kvar veke.
Nyheitsbrevet er gratis og kjem kvar veke.