199. utgåve | 3. september 2026 | BOKMELDING
Sjølv i den vonde vonløysa, ser poeten eit slags håp i diktet.
DIKT
Hélène Dorion
Skogene mine
Gjendiktet av Charlotte Vaillot Knudsen
133 s.
Existenz forlag, 2026
AV HELGE TORVUND
Det er noko litt magisk og majestetisk over ordet ‘taigaen’. Dette ufatteleg store barskogbeltet som strekkjer seg frå Hallingdal og Dovre til Alaska og Newfoundland er verdas største hovudøkosystem. I heile dette veldige området finn ein det same karakteristiske klimaet og plante og dyrelivet, og det er dette som er temaet for Hélène Dorion si bok Skogene mine, som nå har kome på norsk. Dorion tek ofte utgangspunkt i den konkrete skogen, men dikta handlar òg om menneska sitt forhold til skogen som ein plass for opplevingar og skogen som symbol på mange ulike plan.
Samlinga er sett saman av fem bolkar, Skogene mine, Skiftende bark, Ras av rullesteiner, Bølgen av kaos og Tidens Brus.
Den første bolken inneheld bare eitt dikt, men dette er nesten som ei innleiande oppsummering av heile prosjektet, og har då òg same namn som sjølv boka på norsk. I dette bokstavleg talt eineståande diktet fortel poeten om nokre av dei ulike måtane skogen kan framstå på: «strimer av tid», «streif av minner», «humus», «loft befolket med gjenferd», «master», «oppreist håp», «bål av kvister», «regn», «frost» og «høytliggende netter». Det er som om poeten testar lesaren ut. Kan du sjå dette, så kan du lesa vidare. Og ja, eg både ser og opplever kor presise desse bileta er, og kor mangfaldig skogen alt framstår gjennom Dorion si skapande ordkraft.
I den andre avdelinga Skiftende bark er det erosjon og endring som er tematikken framfor noko. Bekken grev djupt i jorda, skogane flammar opp, åra slår sprekkar, det er arr i vinterens munn, vinden bryt av greiner, feller heile tre og synsranda krakelerer. Også språket er med i dette, som i desse vakre linjene:
gnaget opp av maur
og mark
bare det som går i stykker
og vokser ut igjen
er rundt oss
uformelige stavelser
som lyset samler
(s. 23)
Våre eigne syn, illusjonar, visjonar og draumar vert ein del av det som poeten ser i skogen. Skogen er ein del av oss, og våre destruktive tendensar og handlingar er øydeleggjande for skogen. Men desse tinga vert aldri framstilt i eit enkelt og eintydig språk. Alt vert fletta inn i kvarandre, slik røter ser ut som lyn liknar skogane på våre indre landskap. Rikt illustrert i det følgjande diktet:
Flengen
jeg lytter til en sang av bølger
som faller
mot horisonten
evigheten
flyter på fjellet
vinden bryter ned lyset
leter etter et ansikt
for kommende tordenvær
en båre slår
mot våre drømmers
master
knuser tidens grein
(s. 25)
I avdelinga Ras av rullesteiner dreier alt seg om lyd og om å lytte. Og her skriv naturlegvis Dorion mykje om stilla òg.
lytt
lyset faller
på ansiktet ditt tingenes sjel
etterlater bare spor
i stillheten
Men sjølv om Dorion kan nærma seg det Max Picard skriv i si bok World of Silence, om å leva i stilla slik at motsetjingane vert forsona i oss, verkar ho her mest oppteken av å få fram det mangfaldige, dei svært ulike miljøa som gjev lyd i verda vår: is som sprekk, lurveleven av våre steg, fjellvatnet si lukkelege gåte, sirener, klokkene, stemmen din og
hatets hvisking
i kjærlighetens øre
Eg kan hugsa at den polske poeten Czeslaw Milosz nemnde i eit intervju, at trass venleiken i naturen kan den bli litt monoton, men det er ikkje det som pregar Dorion sitt dikt om lydane i verda.
I neste avdeling, Bølgen av kaos, finn me uttrykk som «et helt århundre av landskapsødeleggelse» og «det er en tid for aldri godt nok». Fokuset på vår nære destruktive fortid, «fra bærbart til bruk-og-kast», vert oppsummert i den dystopiske linja «vi har mislyktes med alt» og på den måten skjelv det magiske og majestetiske ved dei store skogane under presset frå alt det dystert øydeleggjande som menneska har eksportert til alle kroker av kloden vår. Men òg her dukkar det opp glimt av eit slags håp der eit eg søkjer etter glede.
jeg venter på en gest av lys
lagt på den skjøre gåten
(s. 79)
I eit utmattande brak av støy og krig, svolt og katastrofar, der menneska stadig sperrar for det dei vil reparera, og der jorda med trøytt rygg rustar under stega våre, er det likevel ei glede i diktet, skriv Dorion.
øyelokk skjelvende av håp
som snakker et språk av bark og pust
(s. 95)
Og ein kjenner korleis det tungt brutale blir balansert av dei få lyslette glimt av håp som poesien kan gi lesaren:
og på nåets grein
hvisker et dikt
en vidstrakt og lysende vei
som gir mening
(s. 113)
I ei så sterkt strukturert samling med samanhengande dikt vil det vera ein fare for at noko skjematisk og planlagd kan koma inn og gjera dikta mindre levande og engasjerande. Det skjer svært sjeldan i denne boka. Utan å kunna samanlikna med originalen opplever eg at gjendiktinga er gjort med stor sensitivitet for klang og rytme. Charlotte Vaillot Knudsen transformerer desse linjene til ein poesi som er godt leseleg og rik på nyansar og assosiasjonar, men som òg krev stor konsentrasjon og som ein gjerne kan lesa i små dosar. Dorion går inn i det vonde, ja, i vonløysa, og gjer det med eit presist språk som samstundes kan vera gåtefullt og undrande og opna for uventa bilete som famnar inn samanhengen mellom menneske og natur.
HELGE TORVUND er poet. Han har arbeidd som psykolog og som hovudmeldar av lyrikk i Dagbladet. Torvund har i ei årrekke vore lærar ved den digitale skriveverkstaden Diktkammeret.no. I tillegg til diktsamlingar har han publisert barnebøker, sakprosa, songtekstar og gjendiktingar.
Nyheitsbrevet er gratis og kjem kvar veke.
Nyheitsbrevet er gratis og kjem kvar veke.