208. utgåve | 5. november 2026 | ESSAY
Å skrive om myten betyr ikkje å setje den opp att i nye kostyme eller å forsvare den som kulturarv. Det betyr å ta den opp att utan å gjere den trøystande.
AV STEFANO MODEO
Dagen vil kome då den unge guden er eit menneske,
utan smerte, med det døde smilet til ein som
har forstått. Også sola glir fjernt forbi og fargar
strendene raude. Dagen vil kome då guden
ikkje veit kor dei gamle strendene eingong var.
Ein vaknar ein morgon og sommaren er død.
Og i blikket bølgjer framleis venleiken slik den gjorde
i går, og i øyrene brøler sola av blod. Verdas fargar har endra seg.
Fjellet rører ikkje lenger himmelen, skyene
hopar seg ikkje lenger opp som frukt, i vatnet
skimtar ein ikkje lenger småstein. Kroppen til eit menneske
bøyer seg tankefull der ein gud pusta.
Den strålande sola er borte, og lukta av jord,
den frie vegen, fargelagd av folk som
ikkje kjende døden. Ein døyr ikkje om sommaren.
Om nokon forsvann, fanst den unge guden
som levde for alle og ikkje kjende til døden.
For guden var sorga berre skuggen av ei sky.
Stega hans overraska jorda.
No tyngar
trøyttleiken alle mennesket sine lemmar,
utan smerte: den rolege trøyttleiken ved daggry
som varslar regn. Dei mørke strendene
kjenner ikkje den unge, som ein gong
nøgde seg med eit blikk. Heller ikkje lufta sitt hav
rører seg i takt med pusten. Leppene til det resignerte
mennesket bøyer seg mot jorda med eit smil.
Cesare Pavese, oktober 1935
Kva er ein myte? Skuleboka svarer med ein formel me kan utanåt: frå gresk mýthos, «forteljing», ei fantastisk beretning som forklarer opphavet til verda og menneska. Men orda motseier definisjonen som rommar det. I dag brukar me myten i betydninga «fiksjon», medan det opphavleg betydde ei sanning utan motsvar, uttalt av den som hadde rett til å ytre ho. Under det klassiske greske, i den indoeuropeiske rota som står nær «stum» og «mysterium», anar ein stillheita hos den som samlar tankane før han talar. Myten vert til på denne terskelen, som ein uutseieleg intuisjon som bestemmer seg for å bli lyd.
Hos Homer er mýthos ordet til den som har autoritet: ein konge, ein helt, ein gud. Det er eit handlingsord som grunnlegg det det seier idet det vert sagt, og vert godteke på grunn av tyngda til den som uttalar det, ikkje på grunn av beviskrafta. I første bok av Odysseen syng Femios om grekaranes heimkomst frå Troja, og Penelope, som har kome ned frå romma sine, græt og bed han synge ein song til. Telemakhos sender henne attende til veven og handteinen: «mythos tilkjem mennene» (μῦθος δ’ ἄνδρεσσι μελήσει) og framfor alt han som rår i huset. Omsetjingane skriv ofte «talen» og mister kjernen i scenen, for Telemakhos samtalar ikkje, han utøver ei befaling.
Så byrjar Hellas å måle verda med logikken, og logikken treng plass. Frå 500-talet f.v.t. må filosofane legitimere sitt eiga undersøkingsverktøy, og dei gjer det ved å trekkje eit skilje: på den eine sida lógos, ordet som argumenterer, dissekerer og kan diskuterast; på den andre sida mýthos, forvist til poesiens og den uprova antydingas krok. Stilt ovanfor menneskje som tilbed guddommar som stel, bedrar og vert sinte som dei sjølv, foreslår Xenofanes ikkje ei anna heilag forteljing, men eit nesten geometrisk argument: Viss oksar og hestar kunne teikne, ville hestane teikne gudar som likna hestar, og oksane gudar som likna oksar. Det er ikkje guden som openberrar seg for mennesket; det er mennesket som diktar opp ein fabel i sitt eige bilete. Eit hundreår seinare teiknar Platon i Staten opp staten som styrt av fornufta og forviser diktarane, inkludert Homer og Hesiod, fordi forteljingane deira er pseudos, forskjønnande lygner som fordervar sjelene til dei unge. Orda som grunnla røyndomen, vert stilt for domstolen til lógos og taper.
Myten har vorte framstilt som det naive forsøket til ein sivilisasjon utan vitskap, som forklarte lynet med Zevs; men det handla om noko heilt anna: fødsel, smerte, lagnad, det som den rasjonelle forklaringa i sitt vesen ikkje kan gripe. For verkeleg å møte den må me, foreslår Károly Kerényj, kle av oss hundreår med rasjonalisme og førestille oss eit medvit som ikkje opplevde seg åtskilt frå kosmos, og som såg myten som sjølve røynda fanga i si sterkaste glans, skremmande og vedunderleg på éin gong. Kerényj kallar myten med eit tysk ord som har tyngda til ein stein, Urgrund, urgrunn, jomfrueleg og sydande jord som alt oppstår frå. Den som feira ein myte eller deltok i eit mysterieritual, trådde ut or den lineære tida til timane og freistingane og skoda inn i det ævelege no. Jegeren som dansa dyret, spelte det ikkje; han vart dyret, og grensa mellom eg og verda, menneskeleg og guddommeleg, liv og død vart porøs. Eit menneske som kravde å leve berre av logikk, teknikk og historiske fakta, ville likne eit tre med avskorne røter: ståande, tilsynelatande intakt, men allereie dømt til å visne.
Kerényi forklarer oss kva Urgrund er når den vert til ei hending gjennom myten om Hermes. I hòlene på Kyllene, medan dei andre gudane søv, føder Maia sonen ho i løyndom har unnfanga med Zevs. Den nyfødde ventar ikkje på å vekse opp: Han vrir seg ut or sveipen, går ut i skumringa og møter ei skjelpadde som slepar seg gjennom graset. Han tømmer skalet og lagar ei lyre av skalet. Kerényi forskjønnar ikkje scenen: Guden ser det praktfulle instrumentet i dyret, og for dyret er denne prakta ein smertefull død. Likevel, legg Kerényi til, har den guddommelege lista sitt grunnlag, fordi musikken oppstår av offerets død, middelet dei dødelege brukar til å forvandle det harde i tilværet til det mjuke.
Så fell den mytiske natta, der formene misser dagens konturar og alt vert mogleg. Hermes spring til beitemarkene i Pieria, stel kyrne til Apollon, sola og klårleikens gud, og for å forvirre spora etter kyrne får han dei til å gå baklengs, med veldige sandalar av greiner på føtene: Avtrykka peikar i ei vanvettig retning, og dyra ser ut til å ha gått under jorda. Så vender Hermes attende til hola, legg seg i sveipen att og kryp saman i vogga, eit uskuldig spedbarn med lyra i armane. For Kerényi er Hermes ein Urgrund som vert hending: lukketreffet, ideen som i mørket i ein fortvila situasjon snur spelereglane på hovudet. Han er verdas barndom, som ikkje respekterer de vaksne sine lovar.
Kvar ein av oss har ein gong levd i ei slik tid, i livets første månadar: et rom, ettermiddagslyset, ingen gårsdag og ingen morgondag, mora sitt andlet som er varme før det er eit andlet. Latinarane kalla det med ei nekting, infans, den som enno ikkje talar; og Giorgio Agamben skriv i Infanzia e storia (Barndom og historie) at barndommen ikkje berre er det som går forut for språket, men punktet ein trer inn i språket frå. Me eig ikkje språket som noko gitt: Me går gjennom det, erobrar det, bur i det som på ein terskel, og barndom er namnet på denne overgangen, som ikkje tek slutt når ein byrjar snakke. Så lenge barnet vert i det ordlause limboet, bur det i Kerényis Urgrund, lever i den reine myten, i ei sirkulær tid av rytmar, søvn og vaken tilstand, smelta saman med verda som Hermes, som rører seg i natta utan å stå til rette for dagen sine sollover.
Så skjer det uunngåelege. Dei vaksne sitt språk bryt inn, og ordet fell som eit knivblad. For å seie «eg» må ein skilje seg frå resten av verda, tre ut av den mytiske samansmeltinga, oppdage at det finst ein gårsdag då ein ikkje kunne snakke, og ein morgondag då ein må be om ting. For Agamben er denne inngangen historias fødselsakt, og prisen er eit offer: Me byter den totale fordjupinga i naturen mot ordet, og med det går me inn i ei tid som berre rører seg éin veg, der ting vert planlagd, huska og diverre også bleiknar. Barndommen vert eit tapt land, eit uutseieleg mysterium, fordi me levde barndommen då me mangla orda til å fortelje om den.
Cesare Pavese skriv i Feria d’agosto:
Frå barndommen, frå dei første leveåra, frå alle dei augeblikka av grunnleggande kontakt med tinga og verda som møter mennesket ubudd, rørt og direkte, frå alle dei ‘første gongene’ som ikkje let seg redusere til rasjonalitet, frå dei gryande stundene då eit bilete, eit idol, eit spådomsliknande rykk ovanfor det formlause vert danna i medvitet, stig det opp, som frå ein kvervel eller ei vidopen dør, ei svimling, eit løfte om innsikt, ein ekstatisk forsmak. Det særeigne ved denne kjensla er at tida stansar, at ein kvar gong opplever den første gongen som ny – slik det skjer i rituelle handlingar under feiringa av ei høgtid. Å gi seg hen til betraktninga og utgravinga av dette augeblikket betyr å tre ut or tida, røre eit metafysisk absolutt, gå inn i ein sfære av strev, av draumen om eit frø som berre misser sin stillstand for å verte noko anna – medviten poesi, utfalda tanke, ansvarleg handling – kort sagt Historie. Difor kallar me denne gryande tilstanden mytisk; og mytar kallar me dei ulike bileta som glimtar, alltid dei same for kvar av oss, i medvitets djup
Då kan me vende attende til diktet som opna denne teksten. Pavese skriv diktet i oktober 1935, nesten ti år før han i prosa set ord på myten, og allereie her seier han det same: Den unge guden er barndommen, eller sommaren, som for han er det same. Han lever for alle og kjenner ikkje døden; sorga er ein skuggesky over han. Legg merke til verba, alle i preteritum: levde, visste ikkje, pusta, overraska. Det er mytens grammatiske tid, ei fortid som korkje byrjar eller sluttar, og som difor, når presens melder seg, vert broten utan forvarsel: «Ein vaknar ein morgon og sommaren er død». Dette upersonlege «ein» viser ikkje til nokon bestemt; det gjeld alle. Resten er beretninga om ei forvandling: Guden vert menneske, og mennesket har «det døde smilet» til den som har forstått. Prisen for å forstå ligg i dette partisippet: lógos tek mýthos’ plass; ein forstår og sluttar å bu. Så er det verselina, lang og rytmisk, broten på midten av ein cesur, nett som ein voggesong. Pavese kalla den «mugolìo», ei låg nynning: lyden barnet lagar før det har ord.
Men den mest finstemde overgangen er ein annan. Dei formørka strendene kjenner ikkje lenger den unge, «som ein gong nøgde seg med eit blikk». Det var nok å sjå: Blikket til guden grunnla verda slik Telemakhos sine ord grunnla huset, utan prov og mellomledd. Men guden veit ikkje at han er ein gud. For Pavese kjenner ikkje barndommen sin eigen mytiske alder, fordi ting først vert oppdaga og får namn gjennom minna ein har om den: «Berre den vaksne veit korleis ein er gut». Myten vert synleg når den allereie er slutt, og den vert sett av den som ikkje lenger bur i myten. Avstanden tek bort det direkte, men gir til gjengjeld minnet, og med minnet ordet, altså moglegheita til å fortelje, svare andre og handle. Pavese seier det i den siterte passasjen når han skriv at frøet berre misser det urørlege for å verte «medviten poesi, utfalda tanke, ansvarleg handling». Difor er det siste smilet ein aksept, ikkje eit nederlag, og diktet protesterer ikkje og sørgjer heller ikkje høglytt. Pavese kunne bere dette fråværet fordi minnet for han enno tente til noko: Det var eit arbeid som skulle gjerast blant andre, og bak det resignerte smilet fanst framleis ei oppgåve og ei verd som var viljug til å ta imot den.
Men å erkjenne barndommen som ein mytisk tidsalder har ei bakside. Viss den eigentlege mytiske alderen er den vaksne sin alder når han minnest, kvilar poesien på noko som ikkje lenger finst: Poesien vert fødd av eit fråvær og lever av dette fråværet. Men kven kan ein i dag overlate eit minne til, viss materialet, erfaringa, står i fare for ikkje lenger å verte danna, og viss me arkiverer det vesle som er att, i staden for å leve det? Poesien hugsar sitt opphav og misser, saman med oppgåva, samtalepartnaren sin. Å hugse opphavet betyr ikkje å tale språket til opphavet. Pavese skilde sjølv mellom dei: Myten skjer, poesien veit at den diktar. Det me kallar poesi, er difor ikkje språket til Ugrund, men språket til den som har mista Urgrund og leitar etter den: mytens erfaring gjort medvite, eit vakse ord som freistar likne det barnet snakkar før det veit at det snakkar. Og nett fordi poesien, i motsetnad til Telemakhos sitt ord, veit at den diktar, let det seg diskutere.
Så langt kan det sjå ut som om poesien er staden der tapet av opphavet i det minste kan finne eit språk. Spørsmålet er om nokon i dag framleis er i stand til å lytte til det. I vår tid har marknaden slutta å vere ein stad blant andre og er blitt kriteriet som alle områder i livet vert vurdert etter. Arbeidet tvingar kvar enkelt til å handsame seg sjølv som kapital som skal auke i verdi; CV-en er vorten ein biografi og biografien eit varemerke. Relasjonar vert talde i kontaktar, fritida vert nytta til å hente krefter for å produsere meir, og sjølv merksemda, som den som les vers er heilt avhengig av, er vara plattformene sel til annonsørane. Stadane der ein lærte å vere saman med andre – dei politiske partia, fagforeiningane, lokalsamfunna – har mista tyding, og når det går galt, vert ansvaret lagd på dei som vert ramma: Finn du ikkje arbeid, har du ikkje utdanna deg nok; er du ikkje lukkeleg, har du ikkje arbeida nok med deg sjølv. Individet står fritt til å forbruke og stille seg ut, men er stadig mindre i stand til å handle saman med andre.
Agamben har skildra den same tilstanden: Erfaringa, den som oppstår ved inngangen til språket som me snakka om, er evna til å gjere det som hender oss til kunnskap, til eit minne, til ei forteljing som kan delast; og det moderne mennesket er vorten ute av stand til dette. Det trengs ingen katastrofe for å øydelegge den: Det fredelege kvardagslivet i ein storby er nok, med avisa som informerer oss om fjerne ting, trafikkorken, T-banen og køen ved skrankane. Det moderne mennesket, skriv han, kjem heim om kvelden «utmatta av eit virvar av hendingar», utan at nokre av dei er vorte erfaring. Museet er sjølve emblemet på dette: Framføre eit kunstverk eller eit landskap gir det overveldande fleirtalet av menneska avkall på å erfare det og føretrekkjer at kameraet gjer det.
I dette landskapet er poesien vorten farleg og nesten umogleg å ta imot. Eg skreiv om nett dette i essayet om «Autentisitet» her på Krabben i fjor: Poesien er for det første ikkje ei vare. Ei diktsamling er det, men marknaden for den er objektivt sett utan tyding. For det andre bed poesien om at lesaren rommar og toler skjørheita, smerta og det sårbare hos den som skriv; poesien tvingar lesaren til «å vere saman med andre». For det tredje forutset poesien ikkje berre skaparevner hos skrivaren, men også hos lesaren, som på grunnlag av eit språk utanfor logikken må veve sine eigne bilete. Dette er dei tre tinga det framandgjorde eget ikkje har råd til: vederlagsfridom, relasjon, fantasi. Likevel er det nett dette umoglege som fortel oss kva poesi er. Viss den vert fødd av åtskiljing og bevarer minnet om ein grunn me er vortne skilde frå, kan poesien berre vende seg til den som har gløymt eller nektar for åtskiljinga, og dimed til den som er minst viljug til å lytte. Pavese sin unge gud smilte mot jorda med resignasjonen til den som hadde mista tida da det var nok å sjå, men jorda var framleis der, og verda venta på forteljinga hans. Me har arva tapet utan verda som ventar.
Det finst ein fare i resonnementet mitt, og det vert tydeleg peika på av Furio Jesi som var elev av Kerényi og seinare hans strengaste kritikar. Å snakke om myten som ein opphaveleg, uutseieleg grunn, sannare enn ei kvar forklaring, er allereie første steget mot å gjere myten til reiskap. Jesi kalte det teknifisering: Myten vert ikkje lenger levd, men produsert og nytta til å handheve ein autoritet, som Telemakhos’ mýthos, som i palassets hall ikkje overtyder nokon, berre befaler. Kulturane som tyr til den, elskar det Jesi, med Spenglers uttrykk, kalla «ordlause idear»: blodet, jorda, røtene, alt det som ikkje vert diskutert fordi det kjennes. Tida vår, som trur den har arkivert myten, er full av mytar: Me finn dei att i talar om identitet og røter, i føljetongsagaer som reduserer gudane til råstoff for forteljingsunivers, og i ein litteratur som omskriv skikkelsar frå antikken med vår tids kjenslevarheit for å gi dei attende, reinsa og trøystande, til eit publikum som bed om å bli roa.
Å skrive om myten kan difor ikkje bety å setje den opp igjen i nye kostyme eller å forsvare den som kulturarv. Det betyr å ta opp att Urgrund slik den var, utan å gjere den trøystande. Versjonen til Kerényi er ikkje roande: I hola på Kyllene drep den nyfødde guden ei skjelpadde medan han ler og skapar musikk av døden til skjelpadda; han stel, veltar dagens orden og går attende for å sove. Versjonen til Pavese er nærmare og mindre høgtideleg: ein sommar, ei strand, ein gud som på eit tidspunkt vert ein trøytt mann. Det finst ikkje noko nasjonalt eller heilag i dette; det er den same scenen for kvar av oss, og nett difor kan ingen gjere krav på den mot nokon andre. Ei tru omskriving måtte halde saman motsetnadane, det gruvsame og musikken, tapet og festen; og den måtte gjere det motsette av dei ordlause ideane, nemleg tale, vere i språket og gi bileta ansvaret for å vere bilete. Her ligg kanskje den ytste grunnen til risikoen for at poesien ikkje let seg ta imot. Myten redusert til propaganda finn rikeleg med tilhøyrarar, fordi den ikkje krev noko: Den kjennest i blodet, vert arva og følgd. Poesien krev mykje og krev ingenting attende. Telemakhos’ ord avslutta ein kvar diskusjon. Ordet poesien framleis kan gi myten, opnar ho att, og difor finn det i dag få lesarar som er viljuge til å lytte.
Diktet av Cesare Pavese og essayet er omsett frå italiensk til norsk av Sindre Ekrheim.
STEFANO MODEO (f.1990, Taronto), bur og arbeider som lærar i Treviso. Debuterte med La terra del Rimorso (Angerens land) i 2018. Har publisert dikt i ulike tidsskift, til dømes Nuovi Argomenti, L’Ulisse og poesibloggen til Corriere della Sera. Han er representert i antologien Abitare la parola – Poeti nati negli anni ’90 (Å bu i ordet – poetar fødde på 90-talet). I tillegg er han en del av redaksjonen i tidsskriftet Atelier og i bloggtidsskriftet Universo poesia – Strisciarossa. Skriv litteraturkritikk for ulike tidsskrift. Siste utgjeving er Partire da qui, 2024.
Nyheitsbrevet er gratis og kjem kvar veke.
Nyheitsbrevet er gratis og kjem kvar veke.