TIDSSKRIFT FOR POESIKRITIKK

185. utgåve     |    2. april 2026    |    ESSAY

Søk

Det ukontrollerbare II

Kan det å skriva og lesa dikt vera ein måte å oppnå resonans på? 

AV HELGE TORVUND

LYTT TIL ESSAYET

Kan det å skriva og lesa dikt vera ein måte å oppnå resonans på?

Dette er andre del av essayet.

Les og lytt til første del her. 

AV HELGE TORVUND

Men det er ikkje bare i skrivinga av dikt, at ein kan vera i kontakt med det ukontrollerbare og oppleva resonans. Rosa skriv om utgangspunktet for resonans, at me alle veit kva det vil seia å verta berørt av noko me les, og at denne evna er eit kjerneelement i ein kvar positiv måte å forhalda seg til verda på (s. 127 i Akselerasjon og resonans). Når noko snakkar til oss, oppstår det først resonans når noko i oss svarer. Det kan me gjera ved å få gåsehud, endra puls, auka blodtrykk og så vidare.

Når ein er i ein sal der ein diktar les opp dikta sine, og ein merkar at opplesinga gjer noko med stemninga i rommet, atmosfæren blant publikum, at det vert meir intenst stille og at folk er prega av at dei lyttar, då opplever me noko av det som er sentralt i Rosa si skildring av resonans.
Han skriv at det høyrer med til denne opplevinga, at me erfarer at me er i stand til å nå fram til og påverka andre, at dei verkeleg lyttar og knyter seg til oss og svarer tilbake. Svaret treng altså ikkje vera eit verbalt og høglytt svar, men ein tydeleg kroppsleg reaksjon, eit svar som vert gitt med kroppsspråk.
 

Min eigen poesi har dei siste åra i aukande grad vorte framført saman med musikk. Og for å trekkja fram eit heilt nytt døme på korleis lyrikk og musikk saman kan skapa resonans, kan eg nemna at medan eg skriv dette, får eg ein SMS frå vokalisten i Randi Tytingvåg Trio som er på slutten av ein turné i Tyskland der dei har framført songar frå det siste albumet Lengt. Eg har vore med på utforminga av desse tekstane. Ho les nokre utdrag av tekstane på tysk før dei framfører dei, og ho skriv: «men de kjenner virkelig på helheten og tar det inn. Jeg tror de merker intensjonen vår. I går uttrykte arrangøren følgende etter konserten: ‘There has never been such a light and love in our club’.»

Dersom me ser på eit anna notat frå Olav H. Hauge, kan me finna nokre interessante ord om det å lesa dikt: «I går las eg nokre dikt av Eichendorff. Er det ikkje merkjeleg kor mykje konsentrasjon det skal til for å lesa eit lite dikt? Gjera seg audmjuk so ein kan ta imot? Det er slett ikkje sagt det berre er spursmål um tid. Det må ei nedstemming av alt rummel til, alt dagsjag, det må ei reinsking til i hugen som fyre ei bøn, skal du høyra kva ein slik diktar segjer.»

Hauge skildrar her ei haldning og ei innstilling som ein kan lesa nærast som ei skildring av den tilstanden ein er i når ein opplever resonans.

Nå vil det vera mange ulike sider ved poesien som fører til at ein lesar eller lyttar vert rørt og kjenner at diktet snakkar til ein. Det kan vera eit sterkt og rørande innhald i eit episk dikt. Det kan vera noko lesaren kjenner att frå sitt eige liv, eller andre ting som har med det formidla innhaldet å gjera. Men eg trur at ein òg kan verta rykka ut av den ordinære tilstanden av litt halvsløvt sanseliv gjennom det heilt uventa, det forbløffande og underlege. Og det er kanskje i dikt med eit slikt innhald, at både poet og lesar tydelegast har gitt seg inn i det ukontrollerbare:

Nasen min er lang som ein kniv
og auga mine raude av latter
Om natta samlar eg opp mjølka og månen
og spring utan å snu meg
Viss trea er redde bak meg
gir eg faen
Så vakker likesæla er ved midnatt

Dette diktet heiter «Livreddarmedalje» og er av Philippe Soupault. Det er gjendikta av Finn Øglænd og Rolf Enger. Det finst ei djup kjelde til språkleg glede og fornying der den kritiske fornufta sluttar. Det å våga å sleppa til dei spontane bileta som dukkar opp frå det umedvitne, sprø og groteske som dei kan vera, gjev oss også tilgang til ei kjelde av energi. Det rare og det vakre og det alvorlege i eit einaste ordbilete kan illustrera kontakten med det ukontrollerbare, som her hjå René Char:

Til slutt, om du forgår, la det skje med bryllaupsverktøy.

Ved å sleppa til ord som verda ikkje har sett maken til før, eller ved at me i eit dikt vert omgjort til skapnadar som ikkje liknar noko som har vist seg på jorda før, kan det nyskapte riva oss ut av det grepet som alt det me kontrollerer, held oss i:

Eg har ete byen
Omringa av ei musikalsk stille
Eg har svelgd flokkar av duer
Gras gror på augneloka mine
Kroppen min er full av vindauge

(H. R. Hays, i mi gjendikting.)

I Eldrid Lunden si bok Til stades frå år 2000, finn me ein serie dikt med tittelen «Svaletrekket». Ei fysisk, flygande svale har ein kropp med venger og fjører. Men ei svale kan òg vera ein idé, eit minne, eit symbol. I dette diktet opplever eg at poeten lar svala flyge inn i det ukontrollerbare slik at ho kan endra seg og stå fram på heilt uventa stadar og vis.

Svala har ingen kropp

 

Den stuper i vår erindring

 

 

Der er svaler i treet. Der er svaler i skogen

Der er svaler i den gamle låven

Der er svaler i lyset som plutseleg blinkar

i det gamle kyrkjeglaset, mange svale-

hundreår der inne. Svaler. Berre svaler

Og døden reiser sine kyrkjegardar

over alt. Kvite svalekryss i lufta over alt

Det er sagt om dikta til Eldrid Lunden at dei kombinerer uventa synsvinklar med eit intenst nærvær. Det er nesten som ein definisjon av kombinasjonen av det ukontrollerbare og resonans.

Vanlegvis vil ein poet nærma seg det ukontrollerbare innafor ei ramme, ein struktur som likevel gjev ein viss grad av kontroll. Ein opnar opp for det ukjente og uventa og slepper til ting ein ikkje hadde planlagt. Dette kan ein samanlikna med ein jazzmusikar som improviserer ein solo i eit musikkstykke han eller ho spelar saman med andre musikarar. Då vil rytmen og dei grunnleggjande akkordane vera ramma som ein improviserer innanfor.

Rammer for dikta kan vera at dei er skrivne på bokmål, nynorsk eller på dialekt, at dei har bestemte rim og rytmemønster, og så vil den einskilde poeten gjerne ha ein del litterære element som vedkomande held fast ved i diktinga si, og som òg er med på å skape den ramma som det ukontrollerbare får lov å verta ein del av.

Poesien skapar på denne måten ei opning for resonans ved å operera i eit område der ting verken er fullstendig utanfor kontroll eller der alt er planlagt, fastlagt og bestemt, kontrollert og berekna. På den måten vert det både ei form for tryggleik og eit rom for det levande, spontane og pustande i diktet. For resonans.

Me kjenner alle til dikt som byr på så lite av det ukontrollerte at dei får noko ordinært og litt keisamt over seg. Dei er føreseielege og nyttar eit språk som alt er velbrukt og kjent, og skapar verken overrasking, engasjement eller nysgjerrigheit.

Dei fleste og dei beste dikta vil nok vanlegvis vera dei dikta som inneheld både ei strukturerande ramme og eit element av det uventa, det som viser at poeten har vore i stand til å våga seg inn i det ukontrollerbare.

Men om me går attende til mi oppleving i byrjinga på denne artikkelen, så kan ein jo spørja seg, om det òg kan vera slik at opplevingar av det heilt ukontrollerbare kan vera eller har vore til inspirasjon for poetar i diktskriving.

I den samanhengen har eg funne fram til eit manifest som går rimeleg langt i å opna for det. I ei bok av Torsten Ekbom om Samuel Beckett, fann eg eit manifest som heiter «Poesien er vertikal» og som vart publisert i tidsskriftet «transition» nr. 21 i 1932. Manifestet er underskrive av Samuel Beckett, Hans Arp, redaktøren av tidsskriftet og seks andre. Kanskje kan ein oppfatta det «vertikale» her som at ein ønsker ein poesi som går både langt nedover og høgt oppover, som famnar om jord og ånd, tid og æve.

Det aktuelle tidsskriftet hadde mange fantasifulle prosjekt i protest mot dei materialistiske tendensane i tida, som til dømes «Utkast til ein ny magi» og «Det mystiske Logos’ laboratorium». Det aktuelle manifestet som altså den seinare Nobelprisvinnaren, Samuel Beckett, skreiv under på, inneheldt mellom anna dei følgjande tankane om poesi (og her siterer eg bare nokre relevante utdrag frå manifestet):

«Det er i den ekstatiske åpenbaringens umiddelbarhet, i psykens alogiske bevegelse, i visjonens organiske rytme den skapende gjerning finner sted.»

«Dypdimensjonens virkelighet kan erobres av en frivillig, mediumistisk besvergelse, av en dvale som beveger seg fra det irrasjonelle til en verden bortenfor verden.»

«Det transcendentale «jeg-et» med dets mangedoble lag som (…) føres opp til overflaten av hallusinatoriske innfall, av bilder i drømmen, dagdrømmen, den mystisk-gnostiske transen …»

«Jeg-ets» endelige oppløsning i den skapende gjerning muliggjøres gjennom bruken av et språk som er et instrument for magiske åpenbaringer …»

Dette er jo store ord og veldige saker, og det er nesten hundre år gamle formuleringar. Likevel kan eg ikkje la vera å tenkja at her finst det ein vilje og eit ønske om å nettopp skape ein poesi frå ein posisjon som ikkje er særleg fjern frå den underlege opplevinga eg skildra i byrjinga av del ein, ei opning til det irrasjonelle, til hallusinatoriske innfall og til ein mystisk transe. Med andre ord, ei opning mot det ukontrollerbare.

HELGE TORVUND er poet. Han har arbeidd som psykolog og som hovudmeldar av lyrikk i Dagbladet. Torvund har i ei årrekke vore lærar ved den digitale skriveverkstaden Diktkammeret.no. I tillegg til diktsamlingar har han publisert barnebøker, sakprosa, songtekstar og gjendiktingar.

ABONNER PÅ KRABBENS NYHEITSBREV

Nyheitsbrevet er gratis og kjem kvar veke. 

ABONNER PÅ KRABBENS NYHEITSBREV

Nyheitsbrevet er gratis og kjem kvar veke.