161. utgåve | 18. september 2025 | ESSAY
Kvifor er autentisitet ein uunnverleg føresetnad for poesien?
AV STEFANO MODEO
I det eg skreiv og skriv har eg alltid pålagd meg regelen om autentisitet. Likevel må eg innrømme at dette ordet alltid har verka unnvikande, tvitydig, paradoksalt, til tider uekte. Sannsynlegvis skuldast denne ambivalensen ei viss naiv tru på ord, som somme tider ikkje tek omsyn til støyen, mystifiseringa, simuleringa som dei sjølv bringer med seg. Det er klart at autentisitet leier rett til sanninga, som alltid er noko delvis, på grunn av det enkle faktum at ein må hanskast med språkets filter, med å uttrykkje seg. Dante visste dette godt då han freista å gjere reisa si autentisk for lesarane. Men det er ikkje berre det, også når det gjeld versa sin universalitet, haldbarheita deira over tid, skreiv Umberto Saba i ein av sine litterære snarvegar: «Kunsten vert fødd gjennom forma, lever, og døyr av innhaldet. Verset «I himmelen til det audmjuke der Maria er» (Nel ciel dell’umiltate ov’è Maria) seier oss ikkje i dag det same som det ville ha sagt for seks hundre år sidan. Likevel er verset alltid det same. Men – for å teie om resten – også det blå himmelordet har, etter at fly kryssar over og bomber regnar ned, ei anna tyding. Det skapar andre assosiasjonar». Det verkar difor klart og ikkje til å unngå at autentisiteten, som kjem frå gresk αὐϑέντης (den som handlar i samsvar med sitt eige sanne eg), har å gjere med subjektiviteten til den einskilde, det vil seie med det me individuelt kjenner – og som berre dette må svare til utan andre føremål – jamvel om det bevegar seg i horisonten til intersubjektiviteten. Årsaka til denne tilsynelatande motseiinga stammar frå poesien sin paradoksale natur. Autentisiteten høyrer ikkje heime i erfaringa, kulturen eller historia – sjølv om den handlar og rører seg i dei – men den er utvilsamt påverka, truga, sett på prøve, til og med konstant korrumpert av dei. Giorgio Manacorda skriv i La poesia è la forma della materia (Poesien er materiens form):
Saussure har tydeleg fanga samanhengen mellom språkets struktur, tankemåtar og system for legitimering av meining: «Verdiane heldt fram med å vere fullstendig relative, og det er difor forbindelsen mellom ideen og lyden er radikalt vilkårleg». Det betyr at eit kvart verdisystem er umotivert og forgjengeleg, historisk bestemt: «Kollektiviteten er naudsynt for å etablere verdiar der grunnen til eksistensen deira finst i bruken og den generelle einigheita». Eit verdisystem er også eit «språkleg» system, og dette forklarer kvifor Saussure seier at «individet aleine er ute av stand til å fastsette nokon verdiar». Det finst ein homologi mellom den grunnleggjande handlinga i eit kvart språk og den grunnleggjande handlinga i eit kvart system for legitimering av meining: det vilkårlege (som ein konstituerande del av den forma som er språket) legitimerer forbindelsen mellom signifikant og signifikat i teiknet, nett som forteljinga legitimerer det å tilskrive meining til den ekstra-språklege røyndomen. Tilhøvet mellom ein kjede av hendingar og meininga dei kan ha når dei vert fortalde, er vilkårleg – ikkje mimetisk – som forholdet mellom signifikant og signifikat. Dessutan, viss meining på språkleg nivå er ei bestemt retning av betydninga, kan denne retninga berre verte gjeven på grunnlag av eit system som er i stand til å gjere den retninga truverdig, legitim og ikkje ei anna. Eit system for legitimering av meining er ei myte (av religiøs, politisk og ideologisk type), ei forteljing.
Spørsmålet som oppstår, og som eg meiner er kjernen i saka, er: kvifor er autentisitet ein uunnverleg føresetnad for poesien? Viss det er sant at poesi, for å eksistere, må «vere der», må manifestere seg som eit uttrykk for vere, av subjektiviteten, kan ikkje poeten ha fråstand til det som vert skrive, bortsett frå, som eg allereie har sagt, den fråstanden som kjem av poetens eige språk. Likevel, ved å bøye dette så mykje som mogleg mot sitt eige umedvite, ved å omsetje seg sjølv så presist som råd, kan poeten vere der, i augeblikket, i den poesien som vert skriven. Freud skreiv i Draumetyding at ved å omsetje «lærer me det særeigne ved draumespråket og får inntrykk av at det høyrer til eit svært arkaisk uttrykkssystem». Denne refleksjonen snakkar også om poesi. «Arkaisk» fordi grunnlaget for all kunnskap er emosjonelt. Faktisk er det arkaiske uttrykkssystemet som poesi primært trekkjer frå, kjenslene sitt felt, og nett dette er til slutt det som synest å kome nærmast det me kallar autentisitet. Manacorda skriv også:
I vår samanheng er det relevant at Heidegger insisterer på at kjenslene er viktige. Viss det er sant at «vere alltid er i ein kjensletilstand», og viss det er sant at «affektiviteten i kjensletilstanden er eit vesentleg moment som opnar vere for verda», følgjer det at opninga til verda, som let oss forstå den, er affektiv. Logikken gir plass til kjensla (eller vert blanda med kjensla). Heidegger seier: «All forståing er kjenslesituert» […]. Viss kunnskapen er emosjonell, og det er den opphavleg, er det openbert at den ikkje-emosjonelle måten å gå fram på ikkje kan vere tilstrekkeleg i forhold til den opphavlege måten å kjenne på. På dette punktet erkjenner Heidegger fornufta si avgrensing: «Moglegheita for å avsløre kunnskap er utilstrekkeleg i høve til den opphavlege openheita som er karakteristisk for kjensla sine tonar». Det rasjonelle er utilstrekkeleg og det ikkje-rasjonelle er umogeleg å forstå. Denne stadfestinga vil føre Heidegger mot poesien.
No, ved å ta eit sprang mot vår eiga samtid, vil eg freiste seie noko om korleis den autentiske sjølvuttrykkinga kan interessere kollektivet. Viss politikkens betydning er fridom som ei evne til å handle, treng demokratiet eit vere med andre. I nyliberalismens tid er me vitne til ein forkrøpla form for uavgrensa individualisme, stadig meir openberr på grunn av ein narsissistisk degenerasjon diktert av forbrukarkultur, flyktige gleder, elimineringa av framtidsidéen, konformismen, idéen om at alt kan vere ei vare. Det moderne eg-et står fram som ein parasitt – forbrukar, likegyldig tilskodar, apatisk og passiv, resignert makteslaus, men samstundes fanga i eit delirium av avmakt i høve til eigen produktivitet. Det subjektiviteten betalar for, er tap av sansen for grenser, som vert omsett til forvirring og rotløyse, men også uavgrensa hybris. Elena Pulci skriv i La cura del mondo. Paura e responsabilità nell’età globale (Omsorga for verda. Frykt og ansvar i den globale alderen): «Overfloda av fridom og stimuli vert kombinert med eit kjenslemessig tomrom, tilgang til alle moglegheiter vert kombinert med treigheit og fråvær av planlegging, likskap med avpersonalisering og tap av identitet, sjølvrealisering med passivitet og distanse til det offentlege livet». Det er i denne forstand eg synest det er naudsynt å snakke om framandgjering igjen. Dei framandgjorde er faktisk inautentiske, det vil seie ute av stand til å kjenne att sitt sanne eg og gi meining til verda. Som eg skreiv litt tidlegare, viss politikkens meining er fridom som evne til å handle – noko som også har mykje med det skapande å gjere – er framandgjering det motsette, ei tømming av forholdet til seg sjølv og til andre.
Poesi står i dette scenarioet fram som noko farleg og utoleleg av tre grunnar: Den første er at poesi ikkje er ei vare – eller rettare sagt, ei bok med poesi er det, men marknaden for den er objektivt irrelevant – i den forstand at den har, ifølgje Marx, ein bruksverdi, men ikkje ein sosial bruksverdi. Den andre grunnen er at poesi utfordrar lesaren til å akseptere og tole poetens sårbarheit og smerte; den tvingar lesaren til å ta ansvar for dette til det punktet der den gjer lesaren delaktig i ein kjensletilstand, den tvinger lesaren, til slutt, til å «vere med andre». Den tredje er at poesi føreset kreativitet, openbert frå poeten si side, men også frå lesaren si side som må veve sine eigne bilete på språket utanfor logikken. Difor er poesien i dag, stilt ovanfor det stadig meir framandgjorde og inautentiske individet, uakseptabel. For min del trur eg at eg har hatt erfaring med det autentiske i seg sjølv, gjennom søkinga etter stadars betydning. I essayet «The sense of place» (1977) skriv Seamus Heaney: «Eg trur det er to måtar ein stad vert kjend og elska på, to måtar som kan vere komplementære, men som også kan vere motstridande. Den eine er levd, ulærd og umedviten, den andre er lært, lærd og medviten». I diktsamlinga mi, Partire da qui (Starte herifrå) (Interno poesia 2024), er stadane som vert skildra utvilsamt stader der eg i livet mitt har plassert kjensler, å forlate dei har produsert andre. Kystlandskapet, eit stykke kyst, ein agave i sola, eit falleferdig hus, minna, verkar i meg på ein metaforisk måte og går inn i eit tilhøve til dei djupaste behova i eg-et mitt, i kjenslene mine. På det viset oppstår ein cum-prehendere, der verda, som eg er ein del av, openberrar seg, skjer. Poesi har i den forstand fått det eg hadde mista til å eksistere autentisk. Det kan vere ein leksjon i havets store og skremmande djupne, i evna havet har til å ta imot og bevare lidingane som søkk ned i stilla sitt djup, der alt er vanskeleg å oppdage og bringe til overflata, dersom tyngda har trekt det for langt ned. Likevel er det nettopp i denne vanska, på denne grensa, på terskelen mellom det umedvitne og medvitne, at autentisiteten til poesien rører seg.
STEFANO MODEO (f.1990, Taronto), bur og arbeider som lærar i Treviso. Debuterte med La terra del Rimorso (Angerens land) i 2018. Har publisert dikt i ulike tidsskift, til dømes Nuovi Argomenti, L’Ulisse og poesibloggen til Corriere della Sera. Han er representert i antologien Abitare la parola – Poeti nati negli anni ’90 (Å bu i ordet – poetar fødde på 90-talet). I tillegg er han en del av redaksjonen i tidsskriftet Atelier og i bloggtidsskriftet Universo poesia – Strisciarossa. Skriv litteraturkritikk for ulike tidsskrift. Siste utgjeving er Partire da qui, 2024.
Essayet er omsett av S. Ekrheim
Nyheitsbrevet er gratis og kjem kvar veke.
Nyheitsbrevet er gratis og kjem kvar veke.