TIDSSKRIFT FOR POESIKRITIKK

31. utgåve     |     19. mai 2022     |     BOKMELDING

Å stå på kanten av eit spørsmål

I boka Å våkne i et dikt presenterer Camilla Groth den amerikanske poeten Jane Hirshfield gjennom eit fyldig utval gjendiktingar frå ni diktsamlingar og eit informerande etterord. Hirshfield er eit menneske som er dedikert til poesien, og som skriv originale og utfordrande dikt som gir mykje att for den som nyttar litt tid på å lesa dei. Krabbens bokmeldar kjem innom dei problemstillingane ein gjendiktar møter på, men seier seg godt nøgd med denne første boka med Hirshfield i norsk språkdrakt.

DIKT

Jane Hirshfield

Å våkne i et dikt

Utvalg, gjendikting og etterord av Camilla Groth

152 s.

Cappelen Damm 2022

AV HELGE TORVUND

Den amerikanske poeten Jane Hirshfield, fødd i New York i 1953, vart eg først merksam på då eg kom over to svært fascinerande essaysamlingar ho hadde skrive om poesi og måten å lesa og forhalda seg til denne på. Den første heiter Nine GatesEntering the mind of poetry og den andre er Ten Windows: How Great Poems Transform the World.

I tillegg har eg lese fleire antologiar som Hirshfield har redigert og der hennar interesse for poesi av meir spirituell karakter kjem tydeleg fram. Ei kjensle av felles orientering og preferansar gjorde meg snart svært nysgjerrig på hennar eigne dikt.  

Og eg må nok innrømma at det å lesa dikta hennar var litt skuffande i byrjinga. For der essay og antologiar umiddelbart hadde fenga og oppelda meg, var hennar eigne dikt liksom litt kjølegare, ofte ganske merkeleg og mange gongar tenkande og filosoferande samstundes som dei kunne vera springande og forvirrande. Men litt etter litt byrja nokre linjer og avsnitt å stå fram med ein heilt eigen energi og med ein lysande aura rundt seg, og dei arbeidde i meg, dei endra meg og måten eg kom tilbake til desse dikta på, og gjorde at eg etter kvart vart mykje meir open for den gåtefulle og spørjande haldninga som gjennomstrøymer mykje av diktinga til Jane Hirshfield.

Ho kan i eit dikt skriva om «å stå på kanten av eit spørsmål» og avsluttar det same diktet slik:

Det fins spørsmål som aldri går tomme for spørsmål,

svar som ikkje slit ut svar.

Og ein annan stad noterer ho:

Så få korn av lykke
målt mot alt mørkret
og like fullt balanserer vekta*

Nå har ein god del av dikta til Jane Hirshfield kome i norsk gjendikting på Cappelen Damm, Å våkne i et dikt er tittelen på utvalet og gjendiktinga er fint utført av Camilla Groth. Groth er sjølv poet med fire diktsamlingar bak seg, og har tidlegare gjendikta Inger Christensen. Å våkne i et dikt inneheld eit engasjert etterord som er ei glimrande innføring i diktinga til den amerikanske poeten. I etterordet får ein glimt av livet til Hirshfield og nokre djupttrengjande innsikter i grunnstoffet i dikta. At ho nærast verkar etla til denne oppgåva som poet viser eit par hendingar svært tidleg i livet. Alt som åtteåring gjekk ho hen og kjøpte ei samling med japanske haiku til seg sjølv. Ikkje bare er det her interessa for poesi verkeleg får sin start, men det er i tillegg nettopp ein type poesi som i vaksen alder er med på å visa vegen til det livssynet og livshaldninga som ligg bak dei fleste kjente haikupoetane si dikting, nemleg zenbuddhismen. Dette skulle få heilt sentral betyding for Hirshfield, sjølv om ho understrekar med rette, at ho ikkje er ein zen-poet, men ein menneskepoet. Då ho debuterte i 1982 viste mora henne ein lapp ho hadde teke vare på, frå då Hirshfield gjekk i andre klasse, der ho hadde skrive «Eg vil bli forfattar når eg blir stor.»

Nokre av dikta kan, som alt nemnt, verka vanskelege å trengje inn i, på grensa til hermetiske, og dei kan av og til gje lesaren ei første kjensle av at dikta er interne meldingar frå ein del av poeten til ein annan del, utan at det er gitt oss lesarar nok haldepunktar til å vera med på ferda. Men som oftast oppstår det ein underleg fri energi, ei kjensle av at rørsler er mulige og at diktet eig sin eigen særskilte logikk som kan tillate seg dei underlegaste sprang utan at delane av diktet fell frå kvarandre eller stoppar opp. Det bare byggjer seg ut i uventa retningar og overraskar lesaren med sine sprang og opningar. Camilla Groth verkar å ha eit fint øyra for det særskilte og subtile i desse overgangane og transaksjonane, slik at overføringa til norsk tek vare på både det vakre og det gåtefulle og det utan å falle for freistinga til å «normalisera» det underleggjerande språket.

Psykiateren og poeten Richard Brostoff viser spesielt til Hirshfield når han skriv om korleis poesien i motsetnad til mykje av psykologien, byrjar med det spesifikke, og søker ei oppvakning. Men han ser òg korleis poeten og terapeuten har det felles at dei er nysgjerrige, djupt merksame og set pris på ulike former for måtar å uttrykkja seg på. Det underlege og gåtefulle i dikta heng etter hans meining saman med at poesien ikkje ser på det undermedvitne som noko som skal erobrast og som ein skal underleggja seg, men som ein ressurs som er medverkande til skapande verksemd. Poesien nyttar seg i dette arbeidet av paradoks og gåter, fantasibilete og metaforar, motsetjingar og vridde perspektiv, men òg av det vakre.

Camilla Groth har gjort eit relativt omfattande og variert utval frå ni diktsamlingar som strekkjer seg tidsmessig frå 1982 til 2020. Her er svært korte dikt og lengre dikt. Biletdikt og dikt med meir tankestoff. Nokre fine dikt handlar om ting, som knappar, puter eller skjelettet.

Ein del dikt vert kalla «undersøkelser» og handlar om ord som «og», «perspektiv» om fenomen som skyer eller himmel. Samlinga avsluttar med eit dikt om Ulvik og Olav H. Hauge. Gjendiktingane er svært gode og gjennomførte og legg fram for oss Hirshfield sitt poetiske univers slik at me kan gjera det ho har sagt at ho som poet ønskjer: «Poesiens arbeid er å framstilla eit mysterium slik at det er mogleg å koma inn i det.»

Naturlegvis vil ein kunna sjå at andre ord kunne vore valde her og der, som der Hirshfield nyttar omgrepet ‘tithing’ i diktet «The Gift», og Groth skriv «en liten tiendedel» i staden for det innarbeidde norske omgrepet ‘tiende’, eller der Hirshfield skriv om ein bolle til å ha ting i, at den er

«Scented – as the curve of the bowl is –

with cardamom, star anise, …

og Groth gjendiktar dette til:

Duftende, som bollens bue gjør,

av kardemomme, stjerneanis, …

Der ville eg ha skrive «Duftende, som bollens bue er». Og der Groth skriv at «Det fins spørsmål som aldri går tom for spørsmål» ville eg ha brukt «tomme» i fleirtal, sidan Hirshfield nyttar ordet «questions». Eit glimt av nyansane me alltid vil gå glipp av når dikt vert gjendikta ser me i den følgjande:

A person comes into the kitchen

To dry the hands, the face,

To stand on the lip of a question.

På norsk blir dette til:

En person kommer inn på kjøkkenet

for å tørke hendene, ansiktet,

for å stå på kanten av et spørsmål.

Og slik må det bli. Men samstundes er det noko ved koplinga mellom ordet spørsmål og det ordet som er nytta for ‘kanten’ her; ‘the lip’ som gjer at originalen også skapar tettare assosiasjonar til det kroppslege, til munnen som formulerer spørsmålet, som om ein har det på tunga. Dette understrekar bare korleis gjendiktingsarbeidet alltid vil medføra at ein vel bort nokre assosiasjonar.

Men i boka «Å våkne i et dikt» har Camilla Groth lagt fram for norske lesarar eit godt utval av Jane Hirshfield sin spennande og annleis poesi, og Groth har utført gjendiktinga med ei openbar forståing for og evne til å formidla vidare det særeigne ved denne diktinga. Så kan ein etter lesinga av denne boka, bera med seg vakre og gåtefulle formuleringar som dette:

Gamle sko, gamle veier –

spørsmålene fortsetter å være nye.

Som to negative tall multiplisert med regn

går opp i appelsiner og oliven.

*) Utdrag frå diktet «The Weighing» i samlinga The October Palace, 1994. Diktet er ikkje med i utvalet eg omtalar her.

HELGE TORVUND er poet. Han har arbeidd som psykolog og som hovudmeldar av lyrikk i Dagbladet. Torvund har i ei årrekke vore lærar ved den digitale skriveverkstaden Diktkammeret.no. I tillegg til diktsamlingar har han publisert barnebøker, sakprosa, songtekstar og gjendiktingar.